Lys og varme.

 

 

No er julehistoria vel fortalt, og då står nyttårshistoria for tur. No ser eg ikkje bort frå at lesarane synes det blir vel mykje mas og mimring frå underteikna, men eg fekk lyst til å klore ned ei lita soge frå nyttårsafta 1978-79. Den kvelden kunne ha endt med gråt og tenners gnissel, men gjekk til dei grader bra til slutt.

 

Det var bikkjekaldt heime. Eg meinar å hugse at kvikksølvet kraup heilt ned i minus 12-13 grader, og det er ikkje småtterier på våre kantar. I alle hus vart det fyrt for livet, og alle omnar sto på full fres. Vi kunne nesten føle korleis høgspentlinja formeleg ynka seg, men ribbe, poteter og alt tilbehør kom vel og vakkert på komfyren, og ribbelukta spreidde seg lifleg i alle hus på Sandøyna. Alle ante fred og ingen fare.

 

Og så….. Bang!!!!! Den ultimate katastrofa inntraff! Lyset gjekk! Vi ante ikkje kva som var gale, for inne i landet var det fullt lys. Desto verre, for då var det lita von om å få straumen att nokolunde kjapt. Der sto vi. Kolsvart i alle hus, med komfyren full av panner og gryter som sakte vart kalde. Mødrene våre var gråten nær; det som skulle bli ei hyggeleg nyttårsfeiring sto i fare for å ende nærmast med brød og vatn, og kanskje knapt nok det. I denne sprengkulden, så ville vatnet fryse på no time.

 

Eg hugsar ikkje kven som fyrst fekk ideen. Nede ved kaia låg den forrige ”Sjøvær” vi hadde, splitter ny og med to kraftige Mercedes-aggregat i maskinrommet. Antakeleg var det maskinist Oddmund som kom på at det måtte kunne la seg gjere å koble eine generatoren inn på linja slik at kvelden kunne bergast. Frå tanke til handling var vegen kort, og ein liten gneist av håp vart kveikt. Far hivde seg på telefonen og fekk tak i Kaland på Askvoll for at formell tillatelse skulle vere i orden. Den fekk vi. Ære vere han. Deretter vart det å ta den trasige telefonen til linjemann Roald Kjempenes; om han kunne ta med seg alle nødvendige remediar, komme ut og koble oss til. Det innebar at han måtte forsake heimleg hygge for gudane veit kor lenge, og ta ut på ein heilag nyttårskveld.

 

Gud velsigne Roald. Det fall ikkje eit einaste klagande ord frå hans munn. På overraskande kort tid var han på plass med kablar, stolpesko og alt nødvendig utstyr. Dekselet vart teke av eine generatoren, kablane vart kobla til og strekte ut gjennom drageluka og vidare opp i nærmaste stolpe. Roald kobla og skrudde med uforstyrreleg sinnsro, og kom heldigvis ned att frå stolpen like heil. Alt såg greitt ut, og vi var klar til å starte opp. Spaninga var til å ta og føle på. Fungerte det ikkje, så måtte vi berre belage oss på nyttårsfeiring med stearinlys. Det kunne kanskje ha vorte koseleg nok på sitt vis, men få ting kunne måle seg med det å få lyset att. Motoren starta. Vi heldt pusten…..

 

Der! Lys!!! Lys i alle hus! Vi hadde ikkje for vane å la følelsane løpe av med oss, men der og då hadde vi gladeleg forgylt Roald, og sett han på sokkel i hagen vår. Vi kunne formeleg høyre dei lettelsens sukk som vart trekt rundt om på alle kjøkken. Ribbene kom på kok att, potetene likeeins, og kvelden vart med eitt ti gonger så hyggeleg som han elles ville ha blitt. Roald blei takka og velsigna etter alle kunstens reglar, pakka i hop sakene sine og ynskte oss godt nytt år. Han reiste inn att med den same sindige ro som han kom med, og fekk vonaleg nyte resten av kvelden i fred. Hvis takksemd og gode ynskje kunne hjelpe, så burde sjansane vere gode. Heile operasjonen hadde ikkje teke meir enn halvannan time, kvelden var enno ung, og ribbene smakte som dei aldri før hadde gjort. Generatoren om bord leverte faktisk betre spenning enn vi elles hadde, og mor og far skein om kapp med det nyss attkomne lyset. Kvar bidige sjel på Sandøyna såg ut som om dei nett hadde arva ein steinrik onkel i Amerika.

 

Det var to heltar på Sandøyna nyttårsafta 1978-79. Den eine var eit grønmåla Mercedes-aggregat om bord i gamle ”Sjøvær”. Den andre var sjølvsagt no dessverre avlidne Roald Kjempenes. Det måtte vere surt for han, Liv, Ruth Lillian og Arnhild å få nyttårskvelden forpurra av straumbrot ute i ytste landet. Men Roald kom på rekordtid, gjorde jobben, og reiste heim att like blid. Å gjere andre glade har verdi i seg sjølv, og kanskje kunne det vere noko å ta med seg på tampen av året. Når eg tek ribbene av komfyren klokka seks den 31. desember, så kjem eg til å sende ein vennleg tanke til Roald for at den kvelden for nesten 30 år sidan vart akkurat den festen som nyttårsafta skal vere.

 

Lys og varme treng vi alle, både i fysisk og menneskeleg forstand.