Minke-mimring.
Då Jonny og eg var gutungar, var det slett
ikkje
alltid at klingande mynt og lommepengar var det vi hadde mest av. Vi hadde
portemoneane våre i baklomma, men det var mest for syns skuld; innhaldet ville neppe
ha imponert dagens ungdom. Foreldre og besteforeldre var restriktive med
lommepengar, og det vi fekk måtte som regel til vår store sorg gå rett i
sparegrisen. Den måtte du nærmast vere Nokas-raner for å få hol på. Rett nok
fekk vi gjerne nokre øre av farfar når vi var på butikken, men det var på den
strenge betingelse av at vi ikkje kjøpte tyggegummi for dei. Sjølvsagt. Det var
jo det vi aller helst ville ha, men barnemunnar fulle av tyggis var av ein
eller annan grunn det verste han visste.
Vi måtte med andre ord ta oss til arbeids på eiga hand. Det mangla
ikkje på ting å henge fingrane i, men ikkje alt ga gryn i kassen. Likviditeten
vår var konstant stram, men heldigvis hadde vi gode naboar som var behjelpelege
med påfunn og innspel. Ein av dei var Jarle Kjempenes. Jarle var eit funn av
Guds nåde å ha som kompis i oppveksten. Han var noko eldre enn vi, men hadde
eit eneståande lag med oss ungane. Han var vår store helt og forbilde, og hadde
heldigvis fortsatt så mykje av det leikande mennesket i seg at han kunne komme
oss i møte på vårt eige nivå. Han var læremeisteren vår i dei utrulegaste ting,
hadde ein fantasi og innlevelsesevne som ville ha sopt våre største
skodespelarar av banen, og i tillegg både humor og humør i massevis. Ein av
spesialitetane hans var å finne på nye ord. Han peikte ein gong på det gamle
sjalet til Lina, og sa berre eitt ord: ”Ullavara”. Vi fekk aldeles, hysterisk
latteranfall, og den dag i dag kan eg fortsatt storflire for meg sjølv av ordet
og situasjonskomikken der og då.
På seinsommaren og utover dreiv Jarle litt med minkfeller. På den tida
vart det betalt skotpremie på mink, og dette kunne gje ein liten slant i ny og
ne. Jonny og eg fekk vere med han når han såg til fellene sine, og dermed vakna
interessa. Dette måtte vere noko for oss. Feller hadde vi ikkje, men Edvard
Kjempenes var snill som dagen var lang, og let oss få låne det vi ville av han.
Nokre snikkerte vi sjølve, men i dei var fangsten gjerne godt under pari. Dei
var rett og slett heilt ufarlege for alt med fire bein, med mindre minken lo
seg i hel når han såg dei.
Jarle reiste vekk, gifta seg med Marlen og busette seg på Stord. Vi
sakna han stort, og det vart no opp til Jonny og meg å gjere tilværelsen utrygg
for minken rundt om på holmane. Vi gjekk til verket med all den entusiasme som
berre to gutar i 10 – 12 års – alderen kan mobilisere. Drifta auka på, og på
det meste hadde vi sikkert 15 – 20 feller i sving. Kvaløyna var beste plassen,
men elles slang det ein og annan både her og der. Avlivingsprosessen trur eg vi
forbigår i stillheit. Skotpremien var 20 kroner per mink, dermed blei det ein
tiar på kvar. Det syntes vi slett ikkje var så verst. Magnus Hågøy var
tilsynsmann for dette, og ordna ut med lensmann og styresmakter slik at pengane
kom oss i hende jamt og trutt. Driftsmiddelet vårt var ein gamal livbåt med ein
10-hesters Mercury. ”Havets skrekk”, kalte vi han. Fartsvinden bles ikkje
akkurat håret av hauet, men vi slapp i det minste å ro. Fedrane våre betalte
bensinen utan å kny. Dei meinte openbart det var betre at vi balte med dette i
staden for å finne på verre ting. Mødrene våre var ikkje like begeistra. Eg har
ikkje tal på alle dei gonger mor og Aud spurde oss om det verkeleg var
nødvendig å drive på og ”karnifle” på desse stakkars minkane.
Rike vart vi ikkje, men den daglege likviditeten kom seg betrakteleg.
Rett nok må det seiast at ei viss slitasje på driftsmiddelet gjorde seg
gjeldande innimellom. Ungdommeleg pågangsmot, uforsiktigheit og tankeløyse
sette sine spor på gamle ”Havets skrekk”. Når far og Torbjørn hadde sagt si
hjartens meining, og vi hadde lova bot og betring, så var det utan unntak
Torbjørn som måtte i elden for å setje skuta i sjødyktig stand att. Kor mange
kjøljarn og bordgangar han skifte, og saumar han klinka opp att, veit antakeleg
knapt nok Vårherre.
Dette var vår barndoms Paradis. Vi putla med vårt, lykkeleg uvitande om
at alle paradis har ein slange. Han dukka fram til slutt, i form av nokre
fjordabrandar i kommunestyret som hadde sett seg leie på at vi ute på øyane
fekk skotpremie på mink, mens dei ikkje fekk på rev. Dei ville avvikle heile
skotpremien. Dette kom opp som sak, og ordskiftet som fylgde skal, med rette
eller urette, ha fått legendestatus. Det vil seie at sanningsgehalten kanskje
ikkje er hundre prosent, men at det som visstnok skal ha blitt sagt trefte
desto meir i innertieren. Far sat i kommunestyret på den tida, og syntes
antakeleg at 20 kroner var vel anvende pengar hvis det ga smågutar i
slyngelalderen noko å pusle med. Etter at ein av fjordingane hadde stilt
spørsmålsteikn ved korvidt minken var ei slik plage at det rettferdiggjorde
desse 20 kronene, så fauk han opp, retta ein dirrande peikefinger mot den
formastelege og proklamerte: ”Plage? Eg skal seie deg det, farr, at der er så
mykje mink at når vi kjem gåande etter vegen, så må vi sparke han til sides for
å komme oss fram”.
Det heile enda med eit kompromiss. Det innebar at skotpremien vart
redusert til 10 kroner. Det var eit hardt slag for oss bolde jegerane. Der ein
mink tidlegare ga ein tiar på kvar, måtte vi no nøye oss med ein femmar. Jonny
var allereie då ein fullbefaren businessmann, og lurte på om dette rett og
slett ville bere seg. Rekna vi inn bensinen, så gjekk nok drifta stort sett med
tap sjølv med 20 kroner, og å drive å flyge rundt om i holmane for skarve 5
kroner på kvar syntes han knapt nok var bryet verdt. Eg var hjartans einig, men
av ein eller annan grunn blei det til at vi heldt fram med fellene våre.
Fangsten hadde gått oss litt i blodet, og kanskje var det såpass spaning i
dette at vi såg litt stort på reduserte inntekter. Men det blei vårt første
møte med begrepet ”tæring etter næring”, og vi måtte berre erkjenne at
forretningslivets harde økonomiske lover hadde gjort sitt brutale inntog i
lettpåverkelege barnesinn.
I dag får minken stort sett vere i fred. Vi vaks til, fekk andre
interesser, og det heile døydde ut av seg sjølv. Rike vart vi som sagt aldri av
denne verksemda, anna enn på episodar og tildragelsar som er trygt forvart i
kvar vår innhaldsrike barndomsminnebok.