Eit perspektiv på barndom, av Jardar Melvær

Og Gud skapte mannen og sa til han:  ”Sjå alt eg har skapt, no vil eg sette deg til herre over alt dette. Ta det i bruk og hersk over det”. Han såg og at mannen ikkje kunne greie seg aleine, så han skapte endå ein person som han kalla kvinne. Og Gud såg at det var godt .Han let dei bu i ein hage, og dei åt av kunnskapens tre, og Gud skal vete at det var godt. Så dei spreidde seg utover og fylte opp jorda. Mannen var sterk og sytte for mat og forsvar. Kvinna var designa til å få born og styre i heimen. Borna sprang lause i fjell og fjøre, og var med i den daglege kampen for tilveret. Jentene heime hjå mor og gutane var med far på sjø og land. Ofte var han lenge borte. Kom heim av og til, tok ein jafs av kunnskapens tre og reiste ut att. Ho var heime og styrte med hus og heim. Ho passa ungane til dei var store nok til å passe kvarandre. Ho vaska hus og klede, stelte dyra og sytte for at det dei hadde strakk til, eller som vi seier, fekk endane til å møtast. Ungane lærde gjennom praktisk arbeid det dei seinare hadde bruk for til å ta hand om eigen familie når den tid kom. Alle var avhengig av kvarandre og hadde sin plass i samfunnet. Alt var vel så lenge dei lydde skapningens herre og gjorde som han sa.

Men so: Alt vart mykje vanskelegare. Ho fekk nye ting i huset som gjorde arbeidet lettare. Ho fekk tid til å strekkje ryggen og såg at livet ho hadde ført kunne vore betre. Ho fekk seg utdanning, tente eigne pengar og tok til å stille krav til dei ho hadde tent så trufast i alle år. Slike ting skaper uro i eit levesett som var innarbeidd frå alders opphav.

Mannen måtte til å stelle heime. Kan de tenkje for ei omveltning dette vart for han? Han som i alle år hadde kome heim og slengt ein sekk skitneklede i kråna og bedt kjeringa sette fram mat, han laut sjølv ta hand om heimestellet. Ikkje for da, han og hadde etter kvart fått betre dagar, så han var ikkje alltid sveitt når han kom heim etter å ha tent sitt brød. Tilværet var vorte lettare. Dei hadde tid til å sette seg ned å sjå TV saman. Der var alle program fulle av stoff der far vaska opp og mor las avisa. Magne Raundalen og Åsa Grude Skard fortalde med stort alvor , at dei var heilt uskikka til å oppdra born. Dei var knapt nok skikka til å produsere dei utan hjelp og veiledning av fagfolk. Noko dei etter kvart fekk. Det som kvinna lærde på ei einaste natt med epleslang, det vart eige fag i skulen. Her skulle ingen ting gjerast på slump. Etter ein ofte smertefri fødsel, vart krapylet teke hand om at kunnige folk, og ført trinn for trinn vidare gjennom livet til å verte ei god produksjonseining i det økonomiske system.

Og Gud skal vete at litt hjelp kan komme vel med. Den vesle engelen som er fødd med urinstinktet som einaste utgangpunkt, og som kunne bere katten etter haue og plukke føtene av eit verjelaust insekt, utan det minste tegn til medynk med det stakkars vesenet, det skulle få seg oppseding og empati til å klare seg i eit komplisert tilvære. Den fyrste song og målet hennar mor, som ofte kunne vere kvast, dugde ikkje lenger. Gudsordet og bjørkeriset som før hadde vore det sentrale i all oppseding skulle bort. No skulle alt forklarast. Som born fekk vi ofte høyre, når det var noko du var for liten til å vere med på, at: "Du må nok ete ei tynne graut til før du sleppe skjørtekanten til mor di", eller: "Ha dåke ut ungar,  og leik!" Det var som jamnast nok. No må du forklare kvifor du må ete all denne grauten, og det å late ungane leike på eiga hand er i dag eit brotsverk. Berre tenk på kva som kan skje dersom sanden i sandkassa ikkje held EU-standard, eller ein unge skulle dette og slå seg. Kem skal stå ansvarleg for slikt og erstatte skaden?

Heldigvis har vi i dag barnehagar der ungane kan vere trygge. Bak høge gjerde av revenetting kan dei boltre seg utan tanke på at dei vil støyte foten mot nokon stein. Utdanna tanter lærer dei korleis dei skal leike på ein pedagogisk korrekt måte, noko som til tider ikkje samsvarar med det dei lærer heime, som til dømes: ”Dra dåke ut,  ungar!”, utan nærmare forklaring. Ofte når ein går framom desse barneanlegga kan ein sjå ungar som leikar. Dei er påkledde med hue og vottar, bobledress og oljehyre utanpå det. Dei verka noko rørslehemma, men tanken går attende til treskor med nedtrakka hælkappe og snø i helen, våte ullvottar som det ikkje gjekk an å fryse i, men som likevel var iskalde. Bra at ungane har fått gode klede. Det er godt at dei ikkje treng å fryse, at dei aldri har kjent korleis det er å vere svoltne, eller har vore våte på føtene, eller hatt neglebit og at der er nokon som kan hjelpe dei opp når dei dett. Livet er vorte betre også for dei små. Trur eg.

I skulen vert dei mottekne av ei blid lærarinne som legg vinn på at dei skal leike seg til kunnskap. Aldri snakkast strengt til eller straffast på noko vis. Tankane går endå ein gong attende. Attende til ein fotsid kjole med briller og hårknute på toppen, som tok deg i nakken og heiv deg ut berre du skrapa litt med føtene. Heime var det aldri noko trøyst å få for slikt. Hårknuten var Gud, og Gud skulle ein ikkje ta forfengeleg som det heitte. For slike ting som ADHD eller lese- og skrivevanskar fanst ingen medisin. Du vart avskriven som berre eigna til å gå i floren.

No vart dette mykje kvinna. Det er mor, tante og lærarinne. Men kor er far vorten av i all denne kvinnekampen? Farsfiguren, korleis ser han ut i dag? Ja, kva gjere han papa på? Han papa? Han baka krumkake i dag, for ho mamma seie at no får han sjå til å få vekk alt rotet så han får vaske ut til helga. Er det slik farsrolla fortona seg for ein liten pjokk? Arbeidet hans er langt borte. Det den gryande slekt ser av han som var etla til skapningens herre, er ei hushjelp. I staden har dei TV og Play Station. Der får dei sjå korleis eit realt mannfolk skal te seg. Stakkars far som skal leve opp til slike ideal.

Trass i ulike føresetnader. Det kjem kvart år ut nokre utruleg kjekke ungdommar or skulen, med kunnskap som vi for få år sidan  berre kunne fantasere om. Trass i manglande disiplin, mangel på respekt for dei grå hår, så finn dei sin plass og vert gode samfunnsstøtter. Som oftast då.

Trass i all skepsis til alt det nye:
Ungar er ei utruleg seig rase. Dei har overlevd i ruinane i Berlin, i slummen i Djakarta og i kloakken i Bucuresti. Då skulle dei vel også kunne greie eit par generasjonar med Magne Raundalen og Åse Gruda Skard. Kan ein vere anna enn optimist?