Amerikareisande.
Ein sumardag
i 2007 kom eit ektepar på land på kaia i Askvoll med bybåten frå Bergen. Ekteparet var amerikanske og henvendte
seg i bilettluka for rettleiing.
Dei skulle til Værlandet. Jorunn Stupseid som sat i skranken pekte på to Værlendingar
som sat på venterommet og sa: "Ver med dei to der, dei skal til Værlandet." Ho pekte på Synnøve og Nils
Værøy som og venta på fergja.
No viste det seg at det var nærmaste slekta til Nils som no ville finne røtene sine, so då
kom dei i gode hender når Nils og Synnøve fekk ta seg
av dei.
Men kven var desse folka?
Ein maidag i 1892 kjem ein 19 år gamal gut Magnus og
faren Johan 55 år gamal på besøk på husmannsplassen i
søre bogen av Gåsevatnet. Her budde Henrik med Vatnet
som dei kalla han, eller "Bogen" som han og vart
kalla. Henrik var enkemann no og sat
åleine med fire born.
Han Magnus skulle reise til Amerika og det vart spørsmål om
han kunne låne han 100.- kr. hundre kroner.
No hadde det seg slik at Henrik og Johan hadde vore ein del saman
og var gode vener. Henrik hadde fått bygd ei lita sjøbu heilt inn til veggen
til bua til Johan, og so hadde dei og vore saman inne i Håvågja (Stroka) der kona til
Johan var ifrå og henta eit grindanaust
som ho hadde arva, rive det ned og ført det ut i Nordnessundet
på Værlandet og saman sett det opp der. Tomta hadde dei fått leige hjå "Bangusen" som han vart kalla, brukaren
av søre Myrajorda. Han heitte
egentleg Johan de Banges.
Avtalen var at dersom Henrik var med i naustarbeidet so
skulle han få eige halve naustet i Husmannstøa.
Karane var difor
godt kjende med kvarandre,men
var dei so tilknytte kvarandre
at han kunne få låne so mykje pengar?
Dei har nok vorte einige, for som kontrakten viser fekk han pengane og han Magnus reiste til Amerika.
Magnus tente pengar derover og sende nok pengar heim til sine,
og når yngste broren hans, Johannes var gamal nok so
sytte nok Magnus føre biletten over dammen, så ni år
etterpå reiser også Johannes til Amerika.
Johannes Martin Værøy var bestefar til han som kom på land i
Askvoll.
Nils Værøy fortel at dei spurde gong etter gong korleis
kunne dei i dei dagar skaffe pengar til bilett.
Nils kunne ikkje svara på det, difor for dei bortatt
utan og få svar på dette spørsmålet.
No er den gåta løyst. Nils skal få denne kontrakten hos meg
og han skal få sende orginalen til Amerika. Vi har
kopi av denne og greier oss med det
Kontrakten: Undertegnede vedgaar
herved at have modtaget tillåns
hos Henrik Martinussen Værø
100 - et Hundrede Kroner
- som jeg forpligter mig til at tilbagebetale med de samme renter som Bankene i Bergen
betaler paa inlaan paa Sparebanksvilkaar.
Værø de 10. Mai 1892 Magnus
Johansen Værø
Undertegnede inngaar herved som
selvskyldnerkausjonist for overnnevnte sum, 100 - ethundrede kroner og at inbetale
nevnte sum skadesløs i hver henseende ved at han da beholder sin halvdel i det
Nøst som jeg og Henrik Martinussen eiere i sammen.
Værø den 10. Mai 1892. m.p.p. Johan Larsen Værø
Under her ser ein
kopi av orginalkontrakta.
