Harald Leite har hatt mykje arbeid med å nøsta opp i historia om forliset av "Blanche", og lesarane av dinna
heimesida er so heldig att Harald vil dele den historia med oss. Bilde kjem seinare.

Dronninga av Veavågen «Blanche» sitt korte liv og syrgjelege endelikt.

Historia om forliset til den nye skøyta frå Veavågen med det vakre dronningnamnet Blanche var nesten gløymd av folket i Bulandet og Værlandet, berre dei eldste hugsa at skøyta hadde forlist i Håsteinen ei vinternatt under sildefisket på 1950-talet.
Vi snakka om dette forliset og undra på kvifor båtar frå Bulandet og Værlandet ikkje hadde gått ut for å hjelpe fiskarane i havsnaud. Når vi no veit kva som skjedde natta til 23 januar 1949 so er det ingen å klandre, det vart gjordt ein heroisk innsats for å berge båt og mannskap: Bulands og Værlandsbåtar hadde stillt opp dersom dei hadde blitt bedne, det er eg heilt overbevist om, men «Blanche» fekk assistanse fyrst av «Deto» seinare av «Solfrid II», men den kvelden gjekk alt gale.

Ombord i «Blanche» var far og to søner, tre onklar. Eit mannskap på seks.

Berre ein av mannskapet på «Blanche» som var med denne skjebnekvelden er i live og lever i beste velgåande i Veavågen. Han var ein av redarane av skøyta. Han hugsar godt kva som skjedde i Håsteinosen den 22. januar 1949 og kan fortelje det heilt detaljert.

Dei hadde om våren 1948 vore i Risør og sett på ei ny skøyte som var til salgs. Skøyta var kontrahert av ein mann frå Oslofjorden,han skulle ha den til reketråling. Han sette ikkje motor i skøyta då han otta på at tyskarane skulle leige henne, difor vart ho liggande.
Det vakre dronningnavnet «Blanche» hadde ho allerede fått.
Det var to brør frå Veavågen på 21 og 23 år som saman med onkelen sin viste interesse for «Blanche». Dei ville ha skøyta og fekk slepa henne til Skudesnes der dei om hausten same året monterte ein 50 hk. Rapp-motor. «Blanche» var 55 fot og hadde kryssarhekk.
So rigga dei seg for sildefiske med drivgarn og for tidleg nordover til Sogn og Fj. der dei fyrst var i Florø. Dette var den harde vinteren i 1949, mykje samanhengande uveir.
Dei på «Blanche» fiska likevel, hadde funne sild i Aldefjorden og leverte nokre fangstar på Værlandet til Sverre Brosvik. Hadde alt før denne skjebnekvelden landa mest 1000 hl sild.

Laurdag den 22. januar var veiret dårleg om kvelden når båtane gjekk ut for å sette garna.  Ein båt frå Værlandet gjekk til lands utan og sette garna i sjøen, men som han sa mannen frå «Blanche» «Det var no innanskjers so vi låg no i le av land», dei sette i Aldefjorden og fekk godt med sild ca. 200 hl.  Han klaga på kort drift i Aldefjorden. Med drivgarn inne i fjorden så var det ikkje lenge før dei kom i konflikt med holmar og skjer, dei har vore dyktige fiskarar desse karane på «Blanche» som fekk dette til ein uveirskveld med storm og snøkave.                                     

Etter dei hadde fått garna ombord vart dei einige om og gå til Bulandet og levere silda. 
I Bulandet låg fleire kjende skøyter heimanfrå som dei ville vere saman med i helga.

Det var sørleg storm og snøkave då dei i 11-12 tida om kvelden gjekk ut osen vest av Værlandet. Straks oppunder Bulandet stoppa motoren. Oljerøyra til spissen var sprengd. Dei måtte få på plass reserverøyr og dette gjekk den yngste broren og onkelen igong med. Skipparen,den 23 år gamle broren, varsla naboskøyta «Deto» som onkelen hans og hadde kjøpt ny. Ei 50 fot skøyte med ein 30 hk Scandia. Dei var på hjelping denne vinteren og låg den kvelden i Værøyhamn. Dei tok laust og kom utover med det same. At dei hadde dorryen med seg vart meir plage enn nytte viste det seg seinare.

Dei drifta fort nedover mot Håsteinen, men rekna med å få motoren i gang før det var fare på ferde.

Dei hadde allerede drive langt nedover då dei endeleg fekk start på motoren igjen, men desverre, berre for å gjere nokre få slag so vart det stopp igjen, den nye oljerøyra sprang og lekk. Spissen var tett. Dei måtte ta den og før dei gjorde eit nytt forsøk. Skøyta dreiv hjelpelaust ned mot båane og skjera ved Håsteinen. «Deto» kom til og fekk slepar ombord. I motorrommet dreiv dei feberilsk med å få ny start på motoren. At «Deto» fekk slepar ombord skulle egentleg vere redninga deira, men alt skulle gå på tverke denne kvelden, «Deto» hadde ikkje motorkraft til å hanskast med dei. Dei dreiv faretruande fort ned mot båar og skjer ved Håsteinen.  «Deto» drog dei klar båane og skjera sør for Håsteinen, men båen og brotet med stanga på Hammaren såg faretruande ut for slepet.

Skøyta «Solfrid II» av Åkra var nett komen inn frå havet og skjøna at det var dramatikk sør av Håsteinen. Dei fekk kjendtmann (Johannes Leite) med frå Værøyhamna og gjekk ut mot «Blanche». «Solfrid II» som var ei 63 fot skøyte med ein 100 hk Union hadde motorkraft nok  og stima for full motor mot «Blanche».

I motorrommet arbeidde dei for fullt. På dekk såg dei at det gjekk ikkje klar stanga og båen på Hammaren. Dei måtte ta ei avgjer.  «Deto» måtte pent sleppe sleparen for at ikkje begge  skøytene skulle gå i båen. Skipparen på «Deto», onkelen, sa seinare at avgjerda med og late sleparen gå var den tyngste avgjerda i hans liv, og det kan vi vel forstå alle og einkvar. Onkelbåten «Deto» måtte  berre komme seg unna. «Blanche» rak rett ned på Hammaren, tok botn på båen så det knaka og knast. Dei to karane i maskina fekk seg litt av eit sjokk då skøyta støytte på fjellet, og kom på dekk i ein fart. Dei for over båen med eit par hogg. No let dei ankeret gå på «Blanche», på Hammaren, der skulle vere fjell nok for ei ankerklo. Men heller ikkje dette forsøket med og stoppe skøyta på si ville ferd i stormen mot Håsteinen,  skulle lukkast.  Kjettingen rauk og «Blanche» dreiv fort ned mot Hellersøyna.  Når «Solfrid» rakk fram til dei var det forseint, dei dreiv fort ned på Hellersøyna.

 «Solfrid» rakk berre og sette lyskastaren på «Blanche» som låg og hogg i fjellet med grønsjøen rundt seg, Dei var dermed vitne til at skøyta vart knust til pinneved på Hellersøyna. Dei hadde telefonkontakt med skipparen på «Blanche» som stod i styrehuset og snakka med dei til masta brotna og heile antenna datt ned. Då vart den kontakten broten. Kva som skjedde etter den tid såg dei i lyset frå lyskasteren. Dei skimta at folk kjempa for å komme seg iland.  Dei visste ikkje kor det gjekk med kameratane, men dei var vitne til at skøyta vart fort knust og snart var det berre vrakgods og blåser å sjå i lyset frå lyskasteren. Stormen og snøkaven heldt på og det var ikkje forhold til å gjere noko meir. «Solfrid II» og «Deto» gjekk opp i Værøyhamn og venta nokre timar på lysninga. Før daggry var «Deto» på veg utatt til Håsteinen med dorry og kjentmannen Johannes Leite. Veiret hadde rasa ifrå seg og det var forhold og ta seg iland.

For oss som er kjende der ute i øyane så er det sannsynleg at Johannes losa dei opp på Hellershavnen på vestsida av holmen Hellersøy, der mannskapet hadde kome seg i land.

Dei var nok spente ombord i «Deto» når dorryen kom tilbake. Var dei der alle seks?

Mannskapet på «Blanche» skjøna at skøyta var tapt når dei tok land i Håsteinen. Den 21 år gamle bror til skipparen tok seg fyrst iland saman med onkelen sin. Dei hadde med seg tau som dei kasta tilbake på skøyta, tauet tok mannskapet rundt livet og på den måten var sikra når dei skulle hoppe i land,. Dei passa på å gjere dette når skøyta var nærmast land. Det må ha vore svert vanskeleg for dei to fyrste som entra fjellet, men som han sa redaren: « eg var ung og sprek den gongen.» Den fyrste dei sette tåg på og fekk iland var faren deira. «Vi måtte fyrst og fremst få han far på land, det var det viktigaste:» fortalde den no 80 år gamle redaren.

Sterkodder som låg i Florø var komen til i to-tre tida om natta. Dei føreslo og skyte ei line inn til dei som hadde berga seg på holmen, men det vart avblost, det var altfor farleg.

Dei fekk med seg iland ein presenning som dei sat under i natta. «Det var ei kald natt» fortalde redaren. Det kan vi godt forstå.  Dei var våte og for oljehyra hadde dei teke av seg for å berge livet i tilfelle dei gjekk i sjøen.

Hos handelsmannen Sverre Brosvik fekk dei godt stell etter at «Deto» landa mannskapet på «Blanche» i grålysninga søndags morgonen. Dei fekk komme opp i stova for å få varmen i seg.  Redaren fortel: Der var ei ung jente som heitte Margrethe som heile tida kom bort til han og spurde om ikkje han ville ha meir varm kaffi i koppen sin. Sverre Brosvik  oppdaga dette og sa til henne: «Du har visst eit godt auge til han bålen der «sju»(ser du).» Dei nikka ja begge to. Ho jenta må ha vore Margrethe Alden som var i teneste hjå onkelen og tanta si.

Motoren til «Blanche» vart teken opp, etter kva eg hugsar var det Johan Hittun og Henrik Leite som flåta han inn i Nordnessundet på Hittunsgavlen og Årvak. Anders Værøy var med  som fagmann når dei skulle få viren fast rundt motoren.

Henrik fortalde at det var farefullt då dei flåta motoren over Håsteinosen mellom båtane. Han hadde ei øks liggande framme ved pollarten i tilfelle det skulle verte for tungt for lotet på skøyta. Hittunsgavlen var kravell so der var det vel ikkje så farleg.

I Nordnessundet fekk dei motoren ombord i Hjelmelandskøyta «Paddy» ei skøyte Veavågkarane hadde leigd for anledningen. Ho var 46 fot og hadde ein 20 hk Idealmotor.

Rappen i «Blanche» tok fabrikken innatt og dei fekk pengane tilbake.  Det var fabrikken sin feil at dei fekk motorstopp. På desse 50 hk hadde dei montert ei Bosch-pumpe som var for kraftig for kobberrøyra dersom spissen koksa seg til. Det fekk fatale fylgjer for dei som her vart ramma av dette.

Eg var ikkje gamle karen då dette forliset skjedde, men eg hugsar godt då skøyta «Deto» kom inn frå Håsteinen og la til ved kaia til Brosvik i Værøyhamna.
Så har vi fått svar på kva som skjedde ute i Håsteinosen den seine kvelden og natta i 1949.

Draumen som Veavåggutane hadde om eigen båt vart knust der ute på Hellersøyna.

Vi som er nokre år hugsar og laurdagen den 29. januar, veka etter denne hendelsen ute i Håsteinosen. Då hadde vi orkannatta.Nordvest orkan. Den sterkaste vinden som eg kan hugse. Sildeskøytene som låg i Værøyhamn måtte gå med motorane i fortøyningane for å strete imot.


Her er bilde av ein 50 Hk Rapp. Rune Thistel har levert bilde