Ei tønne brosme på 300 angler.

 

Ein sumardag i 1919 var gamle-Tomas på Leite med familie i Håsteinen og dreiv slottånn i Kalvøyna. Her ute henta dei ein del av høyet til den vesle buskapen sin som dei framleis hadde etter at dei flytta frå Leite.

Floren deira stod oppfor “Berget” ved Hittunsbua.

Tomas hadde kona Dortehea og ongane med seg i slåtten denne sumardagen i Håsteinen. Tre av dei ongane som var med: Henrik, Tomas og Jonas har fortalt meg denne historia her.

Den siste gongen den vart fortalt hadde vi lagt liner på den fiskeplassen det her handlar om. Det var på båten “Union” og det var Tomas, Jonas og meg sjølv som var om bord. Året var 1972.                                                            

Fiskeplassen heiter Nyeme og her skulle det gå an og få ei tønne brosme på 300 angler. (dei brukte ein god favn mellom anglene) Tønna skulle verte full vel og merke med prekevert fisk, salta brosme.

 

Mens vi venta at lina låg og fiska, og vi sat i lugaren og drakk kaffi, fortel Leitekarane endå ein gong om då han gamle-Tomas vart utfordra av gamle-Bernt Nikøy.:  Dei minste ongane som var med ute i Håsteinen hadde gått bort i ei fjære på austsida av Erkøyna der dei leika seg.

Han Gamle-Bernt i Nikøyna kom roande nord igjennom sundet mellom Andersøyna og Erkøyna. Han hadde med seg ein dreng som dei ikke hugsa kven var.  Bernt ropte på dei at dei måtte hente faren. Det gjorde dei.  Bernt fortaldeGamle-Tomas kva som var ærendet hans. Det skulle vere eit brudlaup i Sogn og han måtte skaffe ei tønne med salta brosme. “Eg har engt ei line på 300 angler og no må du vere med meg og legge lina.” sa Bernt. Han Gamle Tomas drog på det, ei tønne med brosme på 300 angler kor i verden skal det gå an, det må vere berre ein plass i Værehavet at det går, men då må vi jammen treffe beint og,sa han.

Gamle-Bernt Nikøy var svoger til Tomas so det var ikke godt og seie nei når han vart spurd soleis.

Bernt hadde gode segl på seksæringen sin og ein liten nordleg bris ga god bør. Når lina var lagd skulle Bernt sette Tomas oppatt i Håsteinen.

Etter at Tomas hadde snakka litt med Dorthea og dei eldste ongane og avtalt korleis dei skulle gjera arbeidet videre i slåtten, for han til havs.

Dei kursa på Nyeme, ein fiskeplass i vestkant av sjølve Ryggsteingrunnen, linene vart lagde og  karane kom innatt. Dei hadde alltid “kokemaskine” med seg på slotteturane i Håsteinen so når karane kom innatt frå sjøen hadde Dorthea maten klar slik at Bernt åt med dei før han for ut att for å drage lina.

Dei var nok spente begge karane korleis dette samarbeidet skulle gå.

Seinare når Tomas fekk kontakt med Bernt so var han forveten på korleis det hadde gått på dei 300 anglene på Nyeme. Jau, han Bernt kunne fortelle då at han hadde drege frå nordre enden og hadde ikkje fått ilen i båten før heile lina kom opp med fisk på mest kvar angel. Den siste ilen på søre enden  var og komen heilt opp og hang under eit par tre store langer. Tønna vart full den, og han skulle ha fisk til gode.”

 

Det var litt høgtid når vi tok til og drage lina på denne historiske fiskeplassen. Karane var ikkje heilt enige når vi la lina, om Losnekollen skulle ligge på Indreelketua (Og kalla kistelokket) eller tua sør for Kalkjebruntua, men eg såg det slik an på botn at det var ikkje viktig for fiskeriet, nokre anglar kunne komme ned på blaut botn på nordsida  om kollen kom for langt nord, ellers var vi oppe på turraste kulen med linene. Denne dagen var det over 50 år sidan han Gamle- Bernt låg på Nyeme på seksæringen sin, fiskeriet var ikkje mykje dårlegare i 1972.

Lina flotna med brosme på kvar angel  for det meste. Difor forstår vi kvifor Gamle Tomas hadde valgt denne plassen når han vart utfordra av han Gamle Bernt i Nikøyna. Ei tønne brosme på 300 angler. Det er tenkjeleg at gamle-Tomas hadde lagt denne korte lina over tørraste kulen sør- nord. Brosma var tettast der i 1972.

 

Vi brukte to meNyeme. Det eine: Losnekollen skal ligge på en liten tue syd for Indreelketua og Apenaren skal ligge på vestre høgste kanten av lille Batalden, legg i syd 1000 favner.

Det andre: Kjerringa på hågen nord for Kalkjebruntua. Tredje tua på Apenaren på vestre Kinna. Legg unda Kjerringa til Apanaren går ut på yste høgste Batalden, legg so på Batalden til Losnekollen går nord på fyrste tua sør for Kalkjebruntua, legg på Kollen til Apanaren går inn for høgste Batalden.