Pionerane frå Vestlandet

         

Dorgefiske etter makrell frå større fartøy som Vestlendingane starta oppatt i 1959 var ikke noko nytt fiske, det hadde berre ikkje vore drive  noko rekningsvarande på 45 år.

So tidleg som i midten på 1880 talet vart det gjort forsøk med dorg etter makrell av fiskarar på Sør- Vestlandet.

Sjøfolk som kryssa Nordsjøen kunne passere store makrellstimar i august- september.

Fangstane vart gjorde på mindre skøyter som salta makrellen om bord.

Omsetninga var treg, men etter dei kom inn på det Amerikanske markedet med den feite gode haustmakrellen gjekk det betre.

Hausten 1889 var det 100 fartøy ute på revet, for det meste småskøyter.

Bles det opp måtte dei avbryte fiske og gå til lands.

Fangstane kunne difor ofte verte små, nokre få tønner salta makrell.

Makrelldorging i Nordsjøen. (Fiskerimuseet i Bergen)

 

Men fisket var lovande og fleire og fleire kom til sjølv om ikkje farkostene alltid eigna seg til makrellsalting ute på Revet.

Skipsverva tok til og bygge dorgesluppar og  fleire av fiskarane reiste over Dammen og kjøpte engelske seglsluppar som eigna seg betre enn dei små skøytene.

 

Dorgesluppen AJAX 39,60 brt. Bygget 1894 i Lowestoft. Innkjøpt til Espevær 1908.


På 1890 talet hadde dorgeflåten fått ein god tilvekst på større norskbygde kutterar (mange frå Rosendal),og innkjøpte engelske fiskefartøy, men framleis var ein stor del av flåten mindre skøyter.  I 1894 var deltakelsen på topp med heile 426 norske fartøy.

Ikkje før ut på 1900-talet vart flåten betre og større med ein gjennomsnitt -tonnasje på 40-50 tonn.

 

Makrelldorgeren DROT, 97 brt., Bygget 1906 hos Skaaluren i Rosendal.

Året 1911, då dei tre brødrene Jens, Johannes og Halvdan Værøy frå Værlandet reiste til England og kjøpte kutteren Velkom Heim, vart det innkjøpt heile 56 engelske fiskekutterar til dorgefiske.

Karane frå Værlandet fekk berre prøve seg på dorgefiske eit par tre år før krigsutbruddet i 1914 sette stoppar for makrelldorgefisket i Nordsjøen.

Det vart gjort nokre spreidde forsøk eit par år etter krigen,men utan hell.

Heile den norske dorgeflåten gjekk over i anna fiske som sildefiske og torskefiske på Island. Ellers vart kuttrane brukte til losjement, og til føringsfartøy for sild og anna gods.

Men makrellfisket på Sør og Sørvestlandet var ikke slutt, dei fiska makrell med drivgarn og leverte fangstane daglig. Nokre få fiskarar frå oss deltok ein del i makrelldrivgarnsfiske etter andre verdskrig. Dorgefiske etter makrell heldt dei også framleis på med, men no berre på småsnekker, som venteleg hadde ein begrensa aksjonsradius.

Kvifor dorgefiske etter makrell ikke kom i gong igjen på større fartøy er og blir ei gåte.

Ein får vel tru at fiskarane som sette kursen mot sør i 1959 var vel kjend med forhistoria til dorgefiske etter makrell. Gamlekarane snakka ofte om dorgefiske etter makrell på Doggeren.  Så det var ikkje noko nytt fiske dei skulle prøve seg på, men starte oppatt eit gamalt.

På Vestlandet var det svikt i fiskeria, silda var borte og pigghåen minka av på feltet vårt. På Sør- og Sørvestlandet hadde dei makrellen som dei alltid hadde hatt. 

 

 Det var Henrik Leite frå Værlandet  med skøyta Maria som var fyrst ute ifrå oss. Med seg hadde han Johan Alden frå Alden.

Bilete av Maria 37 fot lang og hadde ein 20 hk. Union. Bygd i Bjørkedalen på Sunnmøre 1951 for Henrik Leite.

Henrik hadde alltid vore ein pioner og ville ofte prøve noko nytt. Han var også som vi veit fyrst ute på sørafiske med botnegarn etter sild frå oss. Han var og fyrst ute heimanfrå på Bomsen etter sild.

Johan Alden som vart med Henrik når han starta på dorgefiske etter makrell bur no i Lyngdal saman med kona si Aslaug og er ein av makrellfiskarane frå Værlandet som fann seg kone der sør i makrellsesongen. Og det var det fleire som gjorde.!!

Underskrivne tok turen til Lyngdal for å høyre kva Johan kunne hugsa frå fyrste året. Og han hugsa det som skjedde for snart 50 år sidan som det var i går. Eg har aldri høyrt maken til hugs, heilt ned til minste detalj ifrå turen deira i 1959.

 

Johan Alden fortel: Våren 1959 var han ansatt hjå Sverre Brosvik og gjekk på Brosvikgavlen Brosvik” (32 fot 7 hk Wicmann) og henta laks for Brosvik i Bulandet og Melvær. Ein dag kom Henrik og spurte om han ville vere med til Finnmark på linefiske frå rorbu,eller til Sørlandet på dorgefiske etter makrell.

Johan hadde høyrt so mykje fint om Sørlandet, difor foreslo han det.

Etter 17. mai la karane ut ifrå Værlandet med kurs for Sørlandet.  Dei ga seg god tid på vegen sørover, fyrste dagen gjekk dei til Bergen, andre dagen til Haugesund og tredje dagen til Lillehamn på Lindesnes, der dei seint i kveldinga gjekk opp etter overrettlyktene i innseglinga til hamna.  I Lillehamn låg Ole Kvalsund med skøyta Tunafisk frå Ørsta, ei 37 fot kravell skøyte med ein 30 hk Crom.

 

Bilete av Tunafisk  37 fot lang og hadde ein 30 hk. Crom. Bilde utlånt av Håvard Halsøy.

 

Han låg der saman med ein annan møring på ei lita skøyte. Ragnvald kalla dei han. Johan kunne ikke hugse etternavnet hans, men han trur han var ifrå Vigra.

Ole var  åleine ombord og desse var også i same ærend som dei to karane frå Værlandet. 

 

Dei gjekk no saman til Arendal, der snakka dei med lokale folk og fekk soleis ei orientering om kva redskapar som måtte til. Det var ikke lett å få sjå redskapene til dei lokale fiskarane for desse vart innlåste når dei gjekk i land. Dei som dei kom på talefot med var heller tause av seg og lite snakksame. Frykta dei for konkurranse tru? Dorgefiske etter makrell føregjekk seg her berre frå småbåter (snekker og feringar)difor var folk heller skeptiske til desse vestlendingene som kom og skulle dorge på store skøyter. Skydde ikke makrellen unna desse store båtene ? Dei fekk omsider rede på kva redskap dei brukte. To dorger pr. mann med to angler på forsyn og ei blekksild på enden. Dei bereanglene skulle egnast med beite frå buken på makrellen.(seinere vart dette erstatta med fleskesvor). Desse dorgene skulle henge på spirer som stakk ut ifrå båten. Ein av karane på fiskemottaket tilbaud dei å få spirer i ein furuskog han eigde på ei øy utanfor Arendal. So dermed for karane med øks og sag i skogen for å hente seg furutrær. Det vart ein del arbeid med desse spirene so Ole som var åleine vart litt på etterskudd og var ikke sjøklar når Johan og Henrik omsider for til havs. Ragnvald var og med dei i skogen, men hogde ikke spirer, han ville avvente og sjå resultatet.

 

Johan kunne hugse at Henrik streva fælt med å få ut spirene framme på dekk då dei om morgonen gjekk ut havna i Arendal den fyrste turen på feltet, spirene var tunge og fulle av kvae på denne årstid, men Henrik fekk dei no ut på resten.

 

Johan undra seg på om ikke dei  skulle kle seg i oljeklede og støvlar? Dette vart gløymt i iveren etter å komme i gong. So når dei let snørene gå stod dei berre i dongeri og tresko på hekken. Og utsegnene av dei lokale fiskarane om at makrellen skydde unda den store skøyta vart snart ein saga blott. Makrellen tok dorgene deira. Dei skar ut beite or buken på dei fyrste makrellene, og so var dei i gong.

 

Johan og Henrik hadde med fem 70 kg -kassar heimanfra som var tenkt skulle hyse fisken, og det gjekk ikke allverdens tid før alle kassane var fulle. Det dei ikke visste var at makrellen skulle spylast rein etter kvart i kassane.Dei hadde ikkje ein dråpe med sjø på fisken. Vel i hamn venta dei på at dei lokale fiskarane i småbåtene skulle verte ferdig med sine leveranser, for dei ville ikke vere uhøflige og vere i vegen for heimefiskarane, må vete. Når dei omsider kom til på mottaket fekk dei berre beskjed om at denne fisken kunne dei ikke ta imot. Han såg ikke ut i det heile der han låg i kassane i solsteika skiten og fæl. Dei fekk forslag om å gå utfor hamna og dumpe han i havet. Etter litt om og men, foreslo disponenten på mottaket likevel at han skulle ta imot fangsten deira,og dermed vart den fyrste setelen i dette pionerfisket skriven ut. Setelen lydde på 360 kg makrell, levert som kystfisk av Maria SF 212 A. ( Vi har ikke funne dokumentasjon kva dag denne fangsten vart levert, men det må etter beregninger ha vore ein av siste dagene i mai, eller ein av dei fyrste dagene i juni.)

 

Dagen etter fekk karane seg ein overraskelse. Då Johan stod opp om morgonen og skulle koke kaffi var nevane heilt ubrukelig, fingrene var krøkte og såre og opphovna slik at han streva fælt med å få lokket av kaffikjelen.  Han måtte halde nevane ned i vatn for å bløyte dei opp so dei mjukna. Henrik kom or køya når kaffien var klar, men det stod ikke betre til med han. Han kunne ikke halde kaffikrusa etter hanken, men måtte bruke begge dei opphovna såre hendene rundt kaffikrusa, for å få i seg ein kaffidråpe.

”Du Henrik”sa Johan, ”Eg trur ikke vi er førte for å reise på sjøen i dag.”

”Det trur ikkje eg heller.” sa Henrik. Og dermed gjekk begge karane til køys atte.

Når dei hadde kome til hektene igjen etter fyrste fangsten fekk dei rede på at heimafiskarane brukte stubber av gummislangar for å beskytte hendene mot stikk og slitasje. Dei anskaffa seg nokre slike, og sidan gjekk det betre.  Seinere i sesongen vart desse erstatta med hansker.”

 

I fyrste veka av juli gjekk dei lenger vestover forbi Lindesnes og til Korshamn.  Henrik hadde allerede etter 14 dagar på tur ringt heim på Værlandet og fortalt at det gjekk bra med det nye fisket,og ”Ørna” og ”Union” sette kursen mot sør. Om bord i ”Union” var Jonas, Tormod og Harald Leite og   ”Ørn 2” var Vermund og Ingvar Landøy og  Audun Grøneng.

 

                                                                                        

Bilete av ”Ørn 2”  48 fot lang med ein 30 hk. Wickmann , ombygd til ein 40 hk.”Ørna” som ho vart kalla i daglegtale vart kjøpt i Tælavåg i 1957 av Vermund , Ingvar  Landøy og Audun Grøneng. Registrerings nr. 192 var ledig Askvoll so dei trong berre endre på bokstavene. Bilde utlånt av Magne Landøy.

 

Bilete av ”Union” 40 fot lang og hadde ein 20 hk. Union. Bygd av Bendik Bråstad i Bøfjorden i 1953 for brødrene Jonas og Tomas Leite. Her ligg ”Union” ved kai i Egersund saman andre dorgarar. (Bilete ligg på Bulandsida under Bildearkiv)

Bulandsbåten ”Sveinodd” med Knut Hillersøy og Håvard Halsøy var komen i fiske saman med dei fyrste båtane når  ”Ørn 2” og Union” frå Værlandet tok ut. Håvard fortel at dei feira Jonsokafta i Skudesnessørvegen, so tidlig var ikkje vi ute.

 


Bilete av ”Sveinodd” ved kai i Farsund, 34 fot lang og hadde ein 14 hk . Rapp. Bilde utlånt av Håvard Halsøy.

 


Bilete av ”Sveinodd” på veg tillands med fulle binger. Karane frå Bulandet var saman med ”Tunafisk” tidlig ute med modernisering av redskapene,  difor vart dei tidlig meir effektive enn  dei øvrige båtane. Bilde utlånt av Håvard Halsøy.

 

Spirene av furu vart snart avlegs, dei var for tunge og slite på. Fiskarane  veg sørover fekk difor tips om å anskaffe lange kraftige bambusstenger.                                                                                                                                        Seinare kom også ”Diskus” frå Landøy med  Bjarne og Johannes Landøy om bord.  Rykte gjekk nok om gode fangstar i sør. Heime  Værlandet var det lite og ta seg til i fiske på denne tid av året.

 

Bilete av ”Diskus  43 fot lang og hadde ein 20 hk. Union. Bygd av Bendik Bråstad  i Bøfjorden i 1955 for Bjarne og Johannes Landøy. Bendik var gift med ei Værlansjente Signe Amalie Værøy dotter til Ivar og Marie Værøy. Bendik dreiv med ein del båtombygging og reprasjoner i Kjeilevågen på Værlandet før han flytta til Bøfjorden. (Ove Nesberg si hytte står ca. på tomta der Bendik hadde verkstedet sitt.) Bilde utlånt av Rune Landøy.

Bulandsbåten ”Sveinodd” kom snart saman med ”Maria” og ”Tunafisk.”  Håvard fortel at dei enda i Mandal på sørturen. Dei vart sikkert med ”Tunafisk” og ”Maria” når dei fyrste veka i juli trakte vestover forbi neset til Farsund og Korshamn. Det var viktig for oss som var på veg sørover og finne desse båtene for å verte orientert i fiske.

Det må ha vore ein av dagene i midten av juli at vi om ettermiddagen passerte Lista. Framføre oss kunne vi sjå at ”Sveinodd” kom inn ifrå havet og gjekk inn mellom moloene til hamna på Lista. Vi rekna med at det var der båtene heldt til og heldt etter han inn i hamna for å slå av ein prat. ”Ørn 2” som låg litt føre oss registrerte dette og kom også inn der.

Men ”Maria” var ikke og sjå. Karane på ”Sveinodd” kunne fortellje at Henrik og Johan hadde vore saman med dei ute på sjøen, men hadde gått inn til Farsund for og levere fangsten. Knut og Håvard på ”Sveinodd” hadde fått seg ein fangst på 300 kg den dagen. Jonas Leite tykte at med slike fangstar no i starten so lova dette godt.  Han vart ivrig etter og komme videre for å komme i gong. Vi kasta laust og gjekk då til Farsund begge nykomarane og fann Johan og Henrik på ”Maria” ved kaia der.

 

Henrik vart med oss på butikken på kaia der dei selde fiskeredskapar. Han som ekspederte oss skjøna snart at vi var nye i fisket, og tok til og argumentere om den nye dorga som nett var teken i bruk, ei sokalla ”Regle”. (to dorger pr. mann med ca. 40 angler tilsaman. Om dei brukte so mange anglardei fyrste reglene det er eg ikke sikker på.)

Tunafisk” var vel fyrst ute av vestlendingene med  ”Regla”.

Henrik var litt skeptisk til dette forsøket med å få oss til å prøve med regle so han ”aksla” seg som han brukte å gjere og sa: ”Eg vil bruke ”Arendalsdorga”. Ekspeditøren ga seg, og vi kjøpte utstyr til same sort dorg som Henrik og Johan hadde.

Etter redskapshandelen fylgde vi begge båtene etter ”Maria” sørover til Korshamn. 

 

Brev som Henrik skreiv heim til kona Maria viser at båtane seinere på sumaren  hadde trekt lenger vestover til Egersund, han fortel at dei ville salte makrell og ha med seg nordover og selgje i Bergen.



 

 

Breva som Henrik skriv ifrå Egersund

 

Den siste dagen på feltet (i fyrstninga av oktober) fekk dei 7-800 kg med stor fin makrell, denne sløygde dei og salta i 7 tønner og arbeidde mest heile natta. Når dei kom til Bergen var det ingen som ville betale for den salta makrellen deira, so dei måtte gje bort fem tønner, to hadde dei med heim.

Fangsten fyrste året på ”Maria” var på 28 tonn  makrell, på gjennomsnitt låg prisen på kr 0,87.  Dette gav ein lott    8000 kr. Diverse utgifter som oljer, redskap, is og proviant var på gode kr. 3000.

 

Dette var fyrste året i nyare tid at større båtar enn dei tradisjonelle snekkene deltok i dorgefiske etter makrell på kysten og Jærens Rev.

Fiskarar frå heile Norskekysten har delteke i dette fisket som karane våre tok opp att for no snart 50 år sidan. På 1970-talet var deltakinga i dorgefiske på topp. Det var ikkje uvanlig og finne 50-60 dorgebåtar i hamna i Egersund. På 80-talet kom dorgemaskina og deltakinga i fisket er vel i tonnasje no større enn nokon gong tidlegare i nyare tid. Fisket foregår seg ikkje lenger på dei tradisjonelle felta på sør og sørvestlandet, men no lenger nord på kysten.

I Hamna i Egersund finn ein framleis ein liten dorgeflåte med moderne dorgeredskaper. Vegen til feltet vert lang når fangstinga foregår vest av Skudesnes og Haugesund.

 

 



Bilete av dorgebåtar med dorgemaskin. i hamn i Egersund 2008. Ein halar ikke lenger fisken inn med handemakt, no er det dorgemaskina som gjer jobben.

 

Skøyta Monica er klar for dorgefeltet 2008.

 

 

Kjelder:  Johan Alden

               Håvard Halsøy

               Vermund Landøy

               Henrik Leite

               Rune Tistel (Makrelldorgefisket 1884-1914 )

                                    Av Kari Shetelig Hovland

               Fiskebåtregisteret.