Fiskarane
på Garden Værøen. Båtar, og turane til Flåvær.
I eit skifte i Nordgarden på Garden Værøen
1808 kan vi lese fylgjande:
Sjøredskap.
En liden jekt dræktig tre læster med mast og øvrige segl,
tvende tre og alt videre tilbehør
vurderet for - - - - - - - -90 – 0 – 0
En femkeipings baad med mast, segl, taugverk, samt
videre tilbehør vurderet - - - - - - - -
- - - - - - - - - - - - - -
16 - 0 -0
En slagkeipings baad med mast, segl, taugverk og
mindre tilbehør vurderet for - - - - - -
- - - - - - - - - - - - -
9 – 0 – 0
En gammel seksærings baad med mast, segl, taugverk og
alt videre tilbehør vurderet - - - - - -
- - - - - - - - - - - - - - - 4 – 0 – 0
En halv part udi en sommer sildenot - - - - - - - - - - - --
- - - - 10 – 0 – 0
Tvende gamle vårtorskegarns
bolker vurderet til seksten
skilling stykket (feilregning her,
Laila) - -- - - - - - - - - - - - 0 - 3 - 0
Et fiskesnøre med blysten - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
- - - - 0 – 4 – 0.
Videre kan vi lese om
sjøbu og nøst:
En liden tømret sjøbu, stående nord i havnen - - - - - - - - -
-- - 2 – 0 - 0
En halv part i et jektenøst, af skogverk, stående norden-
for bøgarden mot hamnen, vurderet for -
- - - - - - - - - - - - 2
- 0 – 0
Et båtnøst af skoveverk, stående
søndenfor Bøgarden i
den saakalte Krabbeviken vurderet - - - - - - - - - -
- - - - - - 8 – 0 – 0
Sitat slutt.
Det er ei imponerande
mengde båtar dei hadde på gardane for 200 år sidan. Husmennene hadde og sine
båtar, så tilsaman vart det ein stor flåte. Det er ikkje vanskeleg og
førestille seg bilete i Værøyhamna med det yrande livet spesielt i
sildesesongen når heile havna var full av båtar. Jektene låg lasta med tønner
og salt og heile folket var i arbeid.
Dette fortalde dei gamle
om. Eg skal skrive meir om dette i eit kapittel om heimefiske.
I skifte ser vi at jekta
er den mest verdifulle med heile 90 dalar. Ho kunne bere 3 læster som vart 36
tønner. (1 fisketønne = 116 liter)
På Garden Værøen var det
på denne tid seks gardsbruk, fire av dei hadde større Skyld enn gardsbruket det
her er skifte på. Difor kan det på andre bruk ha vore endå meir både båtar og
naust, enn dette skifte indikerer.
Det skulle angiveleg vere
Jekter på alle dei seks bruka på Værøen. Eg har funne dukumentasjon på fire
-fem. To halve i Sørgarden, tre heile i Nordgarden. Ingen Jakt kan vere halv,
difor er det enten ei eller to det her er snakk om.
I Sørgarden var eit skifte
i 1838 der kan vi og lese om sjøredskaper:
« Søeredskaper:
En femkeipings båt med seil, mast og dregg, samt alt
ellers tilhørende
12 – 0 – 0
En
mindre Båd eller såkaldet Slagkeiping med mast og seil 12 – 0 – 0
En sexærings Båd forsynet med mast og seil
5 - 0 - 0
En Færingsbåd med Seil og Mast samt anden tilbehør 3
– 0 - 0
En noget
gammel Ditto uden Seil men forsynet med årer 1
– 0 – 0
Et nyt
Vårsildegarn 1 spd. Pluss et ditto 1 spd. =
2 – 0 – 0
Et noget
ringere ditto 3 ort, pluss et ditto 3 ort, pluss et ringere ditto = 1 – 3
– 12
Et
småsildegarn 3 ort, en liden Mortenod 6 spd. =
6 – 3 - 0
Tvende stykker
smekker Tauge tilhobe
0 – 2 - 0
Halvdelen udi
en liden Jækt med Seil, Mast, Dræg
16 – 0 – 0
Et gammelt
Fiskesnøre med Blysten
0 – 2 -12
Et stykke Gangvae-
line med otte angler
0 – 4 .»
Fiskeflåten i bygda som vi
her har dokumentert var dei båttyper som var brukt på kysten på den tid.
Femkeipingane og slagkeipingane som vi veit vart nytta til dei store torske-og
sildefiskeria, fortel at dei allerede dreiv stort.
Ein femkeiping bar omlag
20 tønner fisk eller sild som tilsvarar nærmare 3 tusen kilo. Den var 14 -15
alner lang og over 2 meter brei. (1 alen er 62,8 cm = to alenfot) I «Vår gamle
kystkultur» av Svein Molaug kan vi lese beskrivelse av desse gamle båtane: Ein
slagkeiping hadde fire par årar, femkeiping hadde fem par årar, og seksæring
tre par årar og færingen to par.
Dei gamle på Værøen snakka
om storebåt, det må vere femkeipingen og slagkeipingen det då var snakk om.
Slagkeipingen hadde eit
rom og eit åresett mindre enn femkeipingen og kunne vere 12-13 alner og ca.
1,80 m breidde.
Slagkeiping frå Sunnfjord
bygd av læremeisteren til Ole Halsnes, han Cornelius Leirvik Sunde frå
Dalsfjorden
Ein «nordanesing», som var
bygd i Førdefjorden. «Søranesingen» var bygd i Dalsfjorden. Dette var
Sunnfjordbåtane.
Færing hadde alle, dei brukte han til småærend og heimefiske.
Seksæringen vart nytta til
linefiske etter lange og brosme og kveite ute på havet, også på snørefiske,sildefiske og til kyrkjebåt.
Seksæringen hadde eit rom
og eit åresett mindre enn slagkeipingen var 10-11 alner og noko smalare enn
slagkeipingen.
Når dei skulle lengre
turar er det truleg det var slagkeipingen og femkeipingen dei nytta mest. Dei var på Lærdalsøyra og
bytte fisk og sild i andre varer med folk som kom over fjellet austanfrå. Då var åtte-ti par årar
og god bereevne viktig. Dette var i råsegla si tid, når det var bør so siglde
dei, og farten var ikkje noko og klage på, ni og ti knop heldt dei godt, og var
børen god på lensing kunne dei lett komme opp i 12-14 knop.
Det er truleg at våre
forfedre var på Sunnmøre på torsk-og sildefiske med desse båtane so langt
tilbake som på 1700-talet. Femkeipingen og også slagkeipingen var egna til
dette fisket.
I skifte frå 1808 er det
med «Tvende gamle vårtorskegarns bolker».
Dette kan vere ein
peikepinn på at dei hadde vore på Sunnmøre på vårtorskefiske. I protokollar ført
av fiskeoppkjøparane på Sunnmøre i tida det her er snakk om kan ein finne bevis
for dette om ein vil.
Går vi fram til siste
halvdel av 1800-talet har vi funne dette:
I Utskiftningsprotokollen
hadde dei møte i Ole Eliassens hus den 19 Mars 1878. Ref: «Samtlige Lodeiere med Undtagelse af
Andreas Berntsen, som er fraverende paa Torskefisket paa Søndmøre, frammødte.»
Andreas er sikkert ikkje
den einaste frå Garden Værøen som har reist den lange veien på fiske, for i eit
dokument eg har fått frå Rune Tistel om Torskefisket frå Fiskarsoga på Sunnmøre
og Romsdal kan vi lese at det tre år seinare i 1881 ligg seks båtar frå Værøen
i Flåvær med tilsaman 35 mann ombord.
Flåvær (http://www.flaaver.no/galleri/galleri_2.htm) er ei lita gruppe øyar på Herøyfjorden i Herøy på
Sunnmøre.
Ein gong i farne tider var
det liv og røre på desse øyane.
Den livlege ferdsla med
båtar opp og ned langs kysten og ut og inn av fjordane, sette sitt sterke preg
på Flåvær.
Frå gamalt av var dette
ein av handelstadane på kysten vår. Her var handel, post, sjenkestad og
overnattingsplassar.
I sesongane når torsk og
sild søkte inn under land, kom fiskarar og kjøparar til Flåvær. Hamna var full
av fartøy som låg og salta sild, og på buene vart torsken foredla. Det seiest
at på det meste kunne det vere tusen mann på havna.
Fyren på Flåvær er frå 1870.
Her finn vi då i gamle
papir fiskarane våre frå Garden Værøen. Vi har funne dokumentert at heile 35
mann frå oss var på fiske der i Flåvær i 1881. Då var det ikkje mange menn
igjen i husa på Garden Værøen.
Listerbåt
I fyrste halvdel av det
18-nde århundre veit vi at ei ny båttype hadde gjort sitt inntog i sør- Noreg,
det var Listerbåten. På eit båtbyggeri på Lista hadde dei utvikla ei båttype som var ein kombinasjon av hardingbåten og
østlandsbåten. Den var lett å ro og god å segle. Etter dette mønsteret tok
mange til å bygge båtar, såkalt listabåtar. Eit båtbyggeri i Bokn bygde båtar
som nesten var kopi av Listerbåten. Også i Hardanger bygde dei båtar av den nye
båtypen, ut på siste halvdel av 80-talet var det vel like mange hardangerbåtar
som listerbåtar i bruk på vestlandet. Ein fullrigga «Søring» kosta på 1860-70
talet 40 til 70 spd.
Denne nye båttypa vart
også bygd lokalt. Inne i Dalsfjorden på Sunde heldt båtbyggjaren Ole Pedersen
Halsnes til. Dei sokalla Halsnesbåtane hadde mykje til felles med Listringen.
I Kalvøyna var ein av
desse. Motorbåten «Lett» Olai Kalvøy sin, 28 fot lang og 9 fot brei. På
Værlandet båten til Kristoffer Ludviksen «Roald» 26 fot lang og 10 fot brei,
den vart seinare overteken av Petter Kalvøy. Vi finn og ekte Listerbåtar ute i
øyane. Båten til Gerhard Halsøy «Palander» 27,8 fot lang og 10,8 brei, og i
Kalvøyna finn vi båten til Knut Kalvøy «Sverre» 26 fot lang 9 fot brei byggeår
1886. Denne vart litt ombygd og enda i Alden på sine gamle dagar. Dette er
nokon av dei båtane
vi hugsar, difor tek eg dei med.
«Palander» frå Bulandet.
Ein ekte Listerbåt,
byggeår ukjendt, men truleg eldre enn Listerbåten til Knut i Kalvøyna ”Sverre”,
som var bygd i 1886.
Martinus Lågøy frå Solund
som veit det meste om desse Listerbåtane fortel at søringane kom nordover på
Vestlandet på Sildefiske dei rike sildeåra på 1800 talet. Dei selde
listerbåtane sine når sesongen var omme til dei lokale fiskarane. På den måten
gjorde Listringen sitt inntog på Vestlandet. Året etter kunne dei komme tilbake med nye
og litt større listerbåtar, desse vart og selde. Der silda var på Vestlandet
vart fiskarane soleis forsynt med Listerbåtar.
Listerbåtar
med segl
Nord på Sunnmøre vart
desse båtane kalla for Sørebåt. Då er det her truleg snakk om både listerbåt og
hardangerbåt eller halsnesbåt.
Vi kan lese i Fiskarsoga frå
1881 at dei på Sunnmøre framleis hadde mest dei eldre båttypene som Åttring,
trerøring, seksering og so ein og annan Sørebåt. Listerbåten kunne vere frå 22
til ca. 30 fot, og bar ifrå 20 til 40 mål (30- 60 hl), var rigga med segl og
opp til fire sett årar, men som oftast tre åresett. Båten var so brei at dei
kunne nytte åresettet på mastetofta. Båten var som sagt lettrodd og den spisse
djupe botnen gjorde han til ein god seglar.
«Sørebåten» overtok meir
og meir plassen til «Storebåtane», men vi veit at dei dreiv fiske på
slagkeiping og seksæring litt ut i det 1900 århundre på Garden Værøen.
Alle fiskarane frå Værøen
i Flåvær i 1881 står oppførd med Sørebåt.
I historia eg har skrive om «Gjøren» kan vi lese om båten «Ravnkornet» frå
Værøen som er på fiske i Flåvær på Sunnmøre i året 1884. Denne båten var truleg
ein Listerbåt eller ein Harding.
Her er Værlendingane som låg i Flåvær på fiske i 1881:
Bernt Landø 6 mann 1000
torsk Sørebåt
Sivert Værøy 6 mann 990
torsk Sørebåt
Gerhard Værøy 6 mann 1480
torsk Sørebåt
Elias Værøy 6 mann 150
torsk Sørebåt
Andreas Værøy 6 mann 1658
torsk Sørebåt
Tomas Værøyvik 5 mann 641
torsk Sørebåt
Kven er desse
høvedsmennene?
Bernt Landø må vere son
til Knut Landøy som sat på søre Landøy.
Bernt gifte seg med Anne
Oline Nilsdtr. Færøy og flytta dit.
Sivert Værøy må vere
Gamle- Sivert i Kalvøyna son til «Gytten», men det kan og vere Sivert på Myra
son til Johan Henriksen(D) for vi veit at bror hans Mads Henrik var i Flåvær i
1885 same året som Johan døydde. Mads Henrik reiste heimatt i gravferda til far
sin. Dette kan vi lese om i breva eg gjengir lenger nede. Sivert på Myra var
berre 24 år i 1881 difor er han nok ung til å vere høvedsmann.
Gerhard Værøy er
Gamle-Gerhard frå Hamrajorda.(B)
Elias Værøy: På Egiljorda
(A) heitte både far og son Elias. Elias den yngre reiste til Amerika 1883. Det
kan vere både far og son som er i Flåvær 1881. Gamle Elias var sjuk dei siste
åra han levde, difor tvilar eg på om det er han, men det er det kanskje andre
som veit?
Andreas Værøy må vere
Andreas Berntsen (Andreas Hittun) (C)
Vi veit at Andreas Jonason
Værøy (Andreas Landøy) var på Sunnmøre på fiske, men han var berre 23 år i
1881. Vel var han tidleg ute som høvedsmann, men når vi veit at Andreas Hittun
var nord der i 1878 så var han vel i 1881 og.
Tomas Værøyvik var han Tomas i Vika som dei sa. (F)
Prisen for fisk rund av
sjøen var kr. 0,25 pr. Stk. Lever 0,20 pr liter. Rogn ca. kr. 30,00 pr tønne.
Fiskarane
frå Værøen fortsette med fisket på Sunnmøre. Tre år
seinare har vi funne denne dokumentasjonen både frå fiskarane og familien
heime.
I historia om «Gjøren» kan
vi lese i brevet som er gjengitt om to båt- lag som fer til Flåvær på fiske.
Henrik Martinussen Værø
(Henrik med Vatnet) skriv fleire brev dette året 1884, no er det den 21.
Februar:
« Flåvær den
21. Februar 1884.
Kjære Kone og Børn!
Siden jeg har modtaget brev fra dere saa maa jeg tillade
mig at sende dere nogle ord tilbage, endskjøndt jeg ingen Nyhed ved at berette,
andet end lidt om Fisket. Jeg maa først
fortelle at vi er alle med Helsen og det samme gode hørte jeg fra dere
ogsaa. Jeg kan fortelle at vi nu er
sluttet med Silde Fisket og vi har faaet en hel del af den, det kan ikke vere
saa storartet men saa er det en hjelp. Vi maa begynde
nu med Torsken, for her er en liden begyndelse. Vi har udmerket godt Ver, saa
at vi maa ro hver dag og det er en ting som vi ikke ser surt paa. Da jeg ingen anden ting ved, saa kan jeg ikke
skrive saa meget, det er bare for at de kan faa høre fra os, for jeg ved de
lenges efter det.
Jeg maa slutte min skrivelse og takker Gud for den del som vi allerede har
faaet, og dersom Veret vil bli som nu det er, haaber vi at faa mere, dersom Gud
har tilundt os noget, saa tror jeg nok at vi faar det.
Venskabeligst hilset fra din
hengivne
Mand
Henrik Martinusen Værøe.»
Så kjem vi til året etter
og karane er i Flåvær att. Heime i stova med Vatnet set ho Petrine nettopp og
skriv til han Henrik, då det banka på og ho Karina i Kalvøyna kjem på
besøk. Ho Petrine hadde venta så på brev
og otte på karane for det hadde vore så dårleg veir på nordturen, men tenk så
kjem ho Karina med brev frå han Henrik.
Legg merke til otten fyrst i brevet, og lettelsen etter at ho hadde lese brevet
at alt stod vel til:
«Værø, den 8. Mars 1885.
Hr. Henrik Martinusen Værø.
Kjære Mand.
Dit brev modtog jeg den 2.
Mars, og deraf saa jeg at de var vel nordkomne, men siden har vi ikke faaet
brev, men vi hørte af Mashenrik at de vare med helsen allesammen, og det var
mig en stor glæde at høre, thi jeg havde ingen ro i mig, før jeg fik høre i fra
dere, siden den rasende søndagen, jeg har ikke værit i
stuen saa sterk, siden jeg kom hertil.
Haver ikke taget værit frosset, saa havde der ikke ligget nærv igjen, og
jeg tænker at der har værit flere tagløse end vi, derfor takker jeg Gud at alt
er i behold, bare dere har kunnet komme vel hjem allesammen.
Nu skal jeg fortelle dig, at medens jeg sad og skrev, da fik jeg brev fra
dig, og det glæder mig at de ere i behold, hvilket er det beste jeg
ynskede. Nogen Nyhed ved jeg ikke at
fortelle dig, andet end at vi ere med helsen allesammen. Saa får jeg slutte med min skrivelse for
denne gang, og det bliver vel det siste brev denne turen,
men jeg beder dig at de maa bruge forsigtighed.
Saa er du hilset paa det kjærligste fra din kone og dine børn.
Petrine A. Værø.
Etterskrift i same brevet:
Hils Lars Martinusen fra hans kone at hun og hendes børn ere med helsen til
denne tid, og sig ham tak for brevet som han sendte hende, thi idag fik vi brev
nesten alle og hils ham med at stauen og alt er i behold til denne tid
Gudskjelov, og hun ønsker at de maatte komme vel hjem.
Hils Knudt Larsen fra hans kone at de ere med helsen allesammen ogat hun
staar seg vel med Hø og at hun var i begravelset paa Myren, og der var de
tilstede ved begravelset alle hans børn.»
Begravelsen ho henviser til er Johan de Banges Henriksen sin, som døydde
den vinteren. Sonen hans Mads Henrik har vore på Sunnmøre saman med dei andre
Værlendingane og når han kom heim i begravelsen fekk dei frette nytt frå
Flåvær.
Så kjem der brev frå Flåvær
att, det er laurdagskveld og helga nærma seg og karane har fri:
«Flaavær den 15. Mars 1885.
Petrine Abrehamsen Værø.
Gode Kone.
Siden her gives saa god
leilighed saa sender jeg nogle faa ord til en beretning fra mig, jeg kan
fortelle at vi er alle med Helsen til denne tid, og den samme godhed ønsker jeg
maa vere tilfeldet med dere ogsaa, skjønt jeg har hørt forskjelligt fra de
andre som har faaet brev og de har fortalt at alle var med Helsen hjemme. Jeg kan ogsaa fortelle at det gaar aldeles
smaat med Fisket. Tillike er Veret ruske saa vi er skjelden paa Søen. Fiske paa Snøre og Liner
har veret aldeles smaat hele tiden, men paa Garn har de fisket storartet fra 4
til 500 Fisk paa Baad, hver Dag. Hvad det senere vil blive det ved vi ikke, det
lider saa langt ud nu at det blir ikke saa langvarende
om saa skulle ske, hvor lenge det vil blive før vi kommer hjem det kan jeg ikke
bestemme. Da jeg ikke ved noget i serdeleshed at skrive, andet jeg klager over
at jeg ikke har faaet brev fra dere, vi lenges lige meget efter brev fra
Hjemmet som de lenges efter brev fra os, men herefter tror jeg at de ikke har
nødigt at skrive, for vi vil ikke modtage det her.
Jeg slutter med en kjærlig hilsen til Kone og Børn.
Venskabeligst
Henrik Martinusen Værø.»
Ja, dette var eit glytt
inn i fortida vår, heime i stova otte for dei som var på sjøen, og dei som var
på fiske otta på dei heime.
Desse fiskarane losjerte
alle truleg på sjøbuer, men nokre år seinare når Makrelldorgeflåten på
Doggerbank tok til og byggje seg opp, vart ein del av denne flåten om vinteren
brukte til losji. I eit dokument eg har fått hos Rune Tistel om «Makrelldorgefisket
1884 – 1914, av Kari Shetelig Hovland», kan vi lese at talet på dorgefartøy som fiska
makrell på Doggerbank var i 1891 på heile 233. Her var nybygde kutterar frå
Rosendal, bankskøyter frå Sunnmøre og Romsdal og ikkje og forgløyme eit titals
engelsk fiskefartøy (dei engelske kutterane) som vart innkjøpt i endå større
mengder i dei komande åra.
Før det vart sett motor i
desse fartøya var det eit helseslet å bruke dei til garnfartøy. Var det
vindstille so måtte dei sette småbåt på vatnet og slepe dei for å få garna ut,
difor vart det fortalt at fleire brukte dei store engelske kutterane til losji
og fiska då på mindre båtar.
Her dreg fiskarane torskegarn frå ein større båt om bord i mindre båtar
Kjelder: Statsarkivet
Askvoll Bygdebok «Folket» II B.
Vår
Gamle Kystkultur v/ Svein Molaug
Fiskarsoga frå Sunnmøre og Romsdal
Norges Fiskarlag «Med havet som arbeidsplass» 1986.
Vestlandsbåtar av Øystein Færøyvik
Frå boka «Herøy» utgitt 1986 av Harald
Torseth.
Laila Vederhus
Sverre J. Landøy
Rune Tistel
Tomas Leite
Henrik Leite
Martinus Lågøy
Teodor Myrvåg
Olav Vesterås