Ei mor og ein son, ein far og ei dotter.
Lite visste dei om kva som skulle skje denne kvelden dei to gutane frå
Værlandet og Alden då dei la ut frå Bulandet den seine haustkvelden.
Det var 11 des.i 1855, to dagar etter nymåne,
ein av dei myrkaste dagene
i desember.
Han Villum i Vikja og han Lars i Alden hadde
vore ute i Bulandet på ein stad der det var ei skjenkestove. Soga fortel ikke so mykje om der var noko drikking med i spelet, men
det er vel rimelig om dei kanskje hadde teke seg ein dram eller to.
Dette treng ikkje vere noko årsak til det som hende på heimvegen, men
det er no iallfall på det reine at nordapå Kalvøyna ved Grisetaren, der kollseglde dei og drukna begge
to.
Dei fann den kvelvde båten der, men ikkje nokon av gutane.
Han Villum var berre 20 år, Lars var 39 år
gamal. Heime i Alden sat ho Anne med fire små barn, den yngste berre 9 månader
gamal. Eldstejenta Anne Karine som ho var stemor for, var 10 år.
Lars var husmann i Alden og heitte Lars Kolbeinson
Herland og var no gift med Anne Oline Berntdtr. Alesøy. Den fyrste kona
hans, Lene Abrahamsdtr. Melvær
døydde på barseng same året dei gifta seg. Barnet
Anne Karine som vart fødd i Melvær, vart 20 år gamal
gift inne på Lutentun. Denne desemberkvelden skulle
skjebnen endå ein gong ramme denne familia.
Heime i Vika sat han Mattis og ho Madsi, Villum var eldste son deira og då odelsguten på
garden. Ein kan vel spørje kor sterke
menneske kan vere. Dei overlevde dette og, både i Vika og i Alden, men det som
skjedde om sumaren året etter tok nok knekken på henne Madsi.
Ho vart ikke lik seg meir og vart gåande som ein
skugge av seg sjølv. So det er faktisk ei grense for kva eit menneske kan tåle.
Det var tida dei hadde kyrene på beite i
utmarka, i 1856 var utmarka felles for alle bruka på Værlandet, Madsi var ute og leitte etter kyrene,
dei var ikkje der som ho hadde funne dei kvelden før, so ho vart leitande ei
god stund før ho fann dei ned til ei fjøre ut med Mårkletten
aust for Kalvøyna dei kalla Kråkefjæra.
Soga fortel: “Der i fjæra fant
ho han Villum, nesten gøymt under tarerestane låg han
der. Ho kjende han med det same. Trøya han hadde på seg hadde ho strikka sjøl, og sokkene og. Men det var
nesten det einaste som var att og. I klærene var berre beinrestane att. Varsomt
bøygde ho seg ned og sanka opp i forkledet sitt han Villum
stykke for stykke. Så begynte ho på vegen heim, og på stovegolvet la ho frå seg
den tunge børa, restane av det som hadde vore han Villum,
den friske kjekke guten deira.”
Det er slik vi har fått overlevert denne historia.
Kva ho Madsi fann der i fjæra er umogeleg å
finne ut, men vi veit at dei var svært nøgne med og få levningene
etter omkomne på sjøen i vigsla jord. Villum er ikke oppført i kyrkjebøkene, difor var det ikke levninger i det ho fant i
fjæra, men hendelsen var sterk nok den, slik at helsa
hennar Madsi fekk seg
nok ein knekk.
Soga fortel og: “Dette var ein
sein haustkveld 1855. Det var stilt fint veir, ein
liten kol av ein bris seiest det, men ellers ikkje noko veir å otte på
nokon for. Det var kveldstillt i alle hus, folk var
gått til ro ellers der heime. Berre han gamle-Tomas på Leita var visst den einaste som ikkje var
komen til sengs. Han var den faste turen sin ut om nova for å p ----.
Det var den faste ruta dette, så kunne han sjå på veir
og vind med det same, og vere trygg for båt og hus så han kunne få seg ei
skikkelig natt med søvn.
Men han gamle- Tomas vart ståande so lenge på
tunet denne kveldstunda.
Han likte det ikke, men likevel, han høyrde eit
rop frå havet. Uhyggeleg med det same.
Men i jissi namn, han skulle meine han hadde både
fare og kome i diverse veir, og skulle han no late
nokon få høyre at han hadde høyrt nødrop i stille kvelden, ja, då vart
refrenget at no var han åt og eldest han stakkars gamle - Tomas og, dei høyrer
so mykje då.
Han snudde seg fleire gonger og gjekk att og fram, før endelig gangdøra
litt sakte lukka seg bak han Tomas. Han likte seg ikke.
Lite og inkje med søvn vart det og, han kunne like godt ha vore oppe.
Så lysna det av dag den neste morgon. Det vart fort kjendt
om dei to som var sakna. Det vart sett i
gong leiting etter dei. Dei fann den kvelvde båten, men ikke
teikn til nokon av gutane.
Han Tomas på Leita fekk no også rede på det
som var hendt, så han forstod no snart at det var rop frå desse gutane han
hadde hørt kvelden før. Han hadde ikke
venta noko forlis i svartestilla det ga han utrykk for.
Han var i 60 års alderen på denne tida, og visste om verre veir han sjølv hadde kome seg heimatte
frå havet.
Ei anna i dette huset var ho Sofie. Ho hadde tjent
sør hos henne Madsi i Vika i mange år og nettopp
flytta derifrå då ho gifte seg med Jonas året før. Ho kjende godt både han Villum
og dei andre der sør.”
Dei gamle sa alltid at det var ein risiko å kalle opp att nokon, når
dei valde namn på borna, dei kunne komme til å ligne
eller få den same skjebna. Ein kan vel lure på om det
er noko i dette. Han Villum var sjølsagt
kallt oppatt etter farfaren sin som også heitte Villum, og denne farfaren drukna også berre 34 år gamal, på
heimreise frå Bergen, han budde på Tviberg.
Syster til Villum ho Mari i Vika gifte seg
med Villum Andreassen Gillesøy.
Ho fekk sju born, men ingen fekk navnet Villum.
Dette er ei av dei mange ulukkene på sjøen, mange familier
vart råka fleire gonger. Vi veit at
dotter til Lars i Alden var 10 år då ho misste far
sin.
Anne vart gift inne på Lutentun
med Ole Matias Arneson Vilnes i 1865. Fem år seinere misste ho mannen si
ved drukning. Anne var då berre 25 år gamal.
Kjelder:
Sverre Landøy
Laila Vederhus
Askvoll Bygdebok Folket II B
Statsarkivet i Bergen.
Olav Vesterås
www.norgeibilder.no