Kveitefiskarane frå husmannsplassen på Pollmyra.

 

Kaare Larssen heitte han og var ein av dei som kom ifrå Lærdal.  Dei kom ifrå Sogn og gjekk i tjeneste mest hos bøndene, men også hos husmennene og fiskarane. Kaare gjekk i tjeneste hjå Desiderius Anderson Værøy som då sat med den nordre Myrajorda bruk 1 i Værøen. 
Kaare  Larssen
gifte seg med dotter til Desiderius som heitte Susanne Desideriusdtr. Værøy. Dei busette seg på Husmannsplassen på Pollmyra.
Det er uvisst om det budde folk på denne buplassen før Kaare og Susanne si tid, men det er ikkje usannsynleg då dette huset som stod  der hadde jordgolv, og difor må denne buplassen være svært gamal.  Det var Severine Landøy som fortalde om jordgolvet i huset til "Pollen" som dei kalla  oppsitjarane på denne husmannsplassen. Ho var ei lita jente og var med mora si inn til Pollen med mat. Det var vanleg i dei dagar at dei såg til dei gamle slik at dei ikkje lei noko naud.
På den tid var det son til Kaare Larssen, Mathias Kaareson og kona hans Anne Andersdtr. også frå Sogn, som budde der. Severine var fødd 1892 og Mathias døydde 1906 so det må ha vore kring 1900 at Severina var i stova. Det som ho hugsa mest frå denne turen frå Landøy og inn på Værlandet var jordgolvet i huset til Pollen. Dette hadde ho aldri sett før, difor beit det seg fast i barnesinnet. Steinane etter dette huset skal vistnok ligge der enno. Floren til Pollen "Pollenfloren" som dei kalla vart riven for berre nokre få år sidan.

Vi har funne ei mengde dokumentasjon på at husmennene og tenaraneVærøen dreiv aktivt som fiskarar. Dei skaffa seg båtar som sekseæringar, slagkeipingar og større båtar som sokalla  "søringar".  Blandt jaktene på Værlandet var også ei eigd av husmannen på plassen Leite. Husmennene var dyktige fiskarar, dei dreiv med liner, garn og snøre. Fleire kjøpte part i landnotbruka  øya eller kjøpte eigne bruk. Om vintrane for dei til  Møre på torskefiske. Der fiska dei både med snøre, liner og garn både sild og torsk. Når silda kom til land både vinter og sumar  kasta og stengde dei henne inne og gjorde ofte svære varp. Og so hysefiske då, eit heimefiske som sysselsette mykje folk då spesielt etter at fiskemottaka kom  i dift, eg tenkjer då på Bernt Hittun som bygde Nybua 1916-17 og tok der imot tonnevis med fisk for dag.

Husmennene som budde på Pollmyra hadde spesialisert seg på kveitefiske.  Her var Mathias den som utmerka seg, han hadde nok fått med seg noko hjelp på vegen av far sin og, men det var Mathias som vart kveitefiskarenVærøen.

Maken til kløkt og tollmodigheit fantes ikkje, mange forsøkte seg,men det var Pollen som kom tillands med dei største kveitefangstane mest kvar einaste gong. Dei kalla kveiteplassane for ein leger.  I desse la dei kveiteva (Kveiteliner) eit kveiteva er 400 favner og 100 angler. I desse legrane kunne dei legge fleire va, det lengste eg veit  var 5 va.
Kveiteberget: Vestre HelleliaSandøyhågen midt over og Losnekollen midt på Håhågen. Legg i nord 2ooo favner kveiteliner. 

Gamle Sivert i Kalvøyna vart den som var med Pollen ut med kveitevaene sine, Pollen var onkelen hans, difor arva nok Sivert desse kunnskapane etter Pollen. Seinare vart det son til Sivert han Olai som fortsette.

I gamle skriv har eg fått sett det svart på kvitt kveitefangstane til Olai Kalvøy ut på 1900-talet.  Desse kveitekunnskapane heldt dei mykje innen familia, men familia var stor, difor vart kveitelegrane til Pollen ofte hausta. Ludvik i "Hola" og hans familie var ofte i Poll-legrane med kveiteva. Soneson til Ludvik, Johannes Kristoffersen fortalde at dei ein gong la 4-5 va i legrane rundt Håsteingrunnen. Han hugsa ikkje medesse legrane lenger, det einaste han kunne hugse var det søraustlegaste vaet , der hadde dei Flatskjeret i Herlandshovden. Dei fekk fleire store kveiter den gongen, fem -seks i talet.
Far min Tomas Leite var ein gong med Erik Larsen og  Gamle- Sivert i Kalvøyna og drog kveiteva. Han var berre ein liten gut den gongen, men han gløymde aldri då dei låg innfor Alden i eit leger dei kalla Gamlelegeren. Dei fekk fem store kveiter på ein plass. Vi var inne der eg og far året før han døydde. Han hadde lyst på sine gamle dagar og drage ei kveite. Sjølv om det var 70-80 år sidan han hadde vore med Gamle-Sivert so hugste han det nøyaktig. "Her" sa han. "Her fekk vi dei". Vi fekk ikkje kveite etter to forsøk.
Eg gjorde eit par forsøk der på same plassen eit år eller to etterpå, då fekk eg ei fin kveite på 22 kg sløygd. Merkeleg nok, det var akkurat der han hadde sagt "Her fekk vi dei".

Dei beste legrane til Pollen fekk vi aldri me på, desse sat dei på både Holefolket og slekta i Kalvøyna,men nokre måtte dei ut med fram gjennom tidene, vi visste om Mattisberget: Me: Nore Staveneset over nore kanten av Ryggsteinen og vestre HelleliaHalsøyhågen. Legg  i vest eit kveiteva.  Og so Langeskallen: Me: Der ligg eit lite fjell tett østenfor Hellelia, østre kanten av dette skal ligge midt over Halsøyhågen og søre Dokkenova midt over høgste Tviberg. Legg i nord eit kveiteva.
So har eg tidlegare skrive om østre og vestre Gyttaberget. Sogningen Knut Nilsson som desse to kveiteplassane fekk namnet etter var svogeren til Pollen-Mathias og far til Gamle- Sivert i Kalvøyna. 

Meboka som desse og dei andre kveitelegrane står beskreve skal vistnok ha forsvunne or Kalvøyna og har i mange år hatt adressen Sandøy i Bulandet. Det siste som har komme meg for øyra er at ho har teke ut på ei endå lengre vandring og skal finnast "Inne i Fjorden" ein plass. Ein får håpe at ho ikkje har slege seg heilt til ro der heller, men tek turen heimatt i Kalvøyna der ho hadde si bardomtid og egentleg høyrer heime.

 

 

Her ser ein Pollfloren på eit flyfoto frå 1961.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Her ser ein Pollmyra som den ser ut frå Mekletten.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


 

Her er utsikta sørover frå Pollmyra ein kald dag i mars.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Her stod Pollhuset, rett sør for huset til Nils og Synnøve Værøy. Da er ikkje spor etter huset i dag,
men grev ein seg ned under torva vil ein nok finne eit og anna. Sånn detaljert gravande journalistikk
ser ikkje heimesideskrivarane seg tid til på da noverande tidspunkt :o).
Steinane som huset stod på er nok fjerna for lenge sidan, sånne steina var gull verd i gamle dager.
Dei vart nok brukt til alt frå bygging av andre hustufter til ilesteina.

 

Kilder:
Statsarkivet
Sverre J. Landøy
Laila Vederhus
Anders Værøy
Tomas Leite
Theodor Myrvåg
Askvoll Bygdebok Folket II A og B.