Møtereferat Bulandet Grendalag  05.06.08

 

Møtestad: Stua til Heidi

Deltakarar: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Jardar Melvær, Arne Fedøy, Eva Solum og Bill Steinsvik.

 

Sak : Kommunedelplan.

Forslaget frå grendalag og folkemøte må sendast til kommunen innan tirsdag 10. juni, så det er kort frist.

Styret i grendalaget har gjort så godt dei kan med på sy i hop forslaga frå gruppene under folkemøte som var forrige måndag, 26. mai.

Kart med forslag vert liggande på butikken til måndag kveld ( 9. juni) . Da er berre å kommentere på kartet eller gje beskjed til nokon i grendalaget, og da vert oppfordra til att alle som er interessert set seg inn i saka.

Spesielt grunneigarar oppfordrast til å studere kartet nøye. Kort frist, men sånn er da berre.

 

Kartet med forslaget vert som sagt sendt av gårde på tirsdag 10. juni. Då får konsulenten som skal lage kommunedelplana kartet, og han vil da utarbeide eit forslag til kommunen.
Forslaget som kjem tilbakers til  kommunen kan kommenterast og, så løpet er ikkje kjørt om ein ikkje får kommentert no. Men som konsulenten sa under møtet, så vert da vanskeligare og vanskeligare å få gjort endringa desto lenger ut i prosessen kommunedelsplana kjem.