Møtereferat Bulandet Grendalag  21.05.08

 

Møtestad: Staua til Heidi

Deltakarar: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Jardar Melvær, Arne Fedøy, Frank Hatlø og Frida Melvær

 

Sak 1. Skjenkeløyve. Vi har fått skjenkeløyve til pub på fredag 4.7. og på seniordansen i låven lørdag. 5.7. under Nordsjøporthelga i år.

 

Sak 2. Kommunedelplanmøte. Folkemøte måndag i Bulandet skule kl. 17:00.  Informasjon ligg ute på heimesida. Møte vert i eit  klasserom i andre høgda.

Bruksendring av buer og bygninger som ikkje er i bruk må være med i kommuneplan. Viktig att ein tenkjer igjennom kva som bør takast med og gir innspel under møtet.

Grendalaget ved Arne Fedøy, Jardar Melvær og sekretær Kurt set ut stolar og koker kaffi.

Sak 3. Gravplassen. Saka er ferdig behandla hos Bisperådet. Nokre innsigelsa rundt vei, men ikkje noko som skal forsinke arbeidet. Skal ut på anbud og arbeidet må starte til høsten.

 

Sak 4. Ferje. Ferja til Værlandet vert liggande å vente på kaiplass ved Askvoll når ekspressen kjem, dette er unødvendig og irriterande. Ferja må gå til Fure ved retur frå Askvoll 09:15, dersom det kjem folk frå Værlandet som skal dit. No går ho til Fure berre dersom det er passasjerer frå Fure til Værlandet.  Begge desse nevnde sakene har Heidi teke opp med rette innstans, og da skal vist bli ein orden på da.
Anbudet på ferjestrekninga skal avgjerast i august og vil tre i kraft om 2 år.

 

Sak 5. Bossordning. For å ta ein ekstra tur med bossbil for å fylle opp bilen med søppel som vert rydda i fjærene, eller kva som helst anna, skal SUM ha vel 3000 kr. Da går på antal søppelsekka. Frank skriv brev til Fylket om ikkje dei burde dekke ein bil for å få rydde i fjærene.

 

Sak 6. Midlar til vegsikring . Frank har sendt ei velformulert søknad til  Gjensidige Fondet om midler til sikring av veg. Gjensidige Fondet ville bidra med 95 tusen, all honnør til Frank for den søknaden. Pengane er tenkt å brukast til vegspeglar ved farlige kryss og svingar, samt lys ved busshaldeplassen ved butikken. Frank får oppdraget med å ordne dette.

 

Sak 7. Kulturmidlar. Kommunen har 50 tusen att på budsjettet til kulturmidlar – aktivitetstøtte i 2008. Alle arrangørar av kulturarrangement kan søkje om aktivitetstøtte. Det vert ikkje gjeve støtte til drift av lag og organisasjoner. Søknadsfrist er 1. juni 2008.

 

Sak 8. Eventuelt. Vegfolk har vore på befaring for å sjå på den farlege skulevegen .  Har ikkje fått nokon tilbakemelding enno.