Ei førejulssoge.

 

 

 

 

Denne historia har lite med julefeiring å gjere. Den er heller ikkje eigna til roleg, fredfull julestemning, kanskje snarare tvert i mot, men det hende i førejulstida i 1963.

 

Eg var berre 6 år gamal, men denne hendinga har brent seg inn i minnet på ein heilt spesiell måte. Vi skreiv den 22. november, og stemninga heime var litt Edgar Allan Poe-aktig, med ei uforklarleg uhygge.

 

Det var dårleg ver; sørvestkuling og regn. Straumen var vekke, og parafinlampar og blafrande stearinlys sytte for lys rundt om i heimane i Bulandet. Far var heldigvis heime. Han, Torbjørn, Oddmund og Anton hadde overteke gamle ”Bulending” tidlegare same året, og båten låg trygt fortøgd nede ved kaia. Dermed slapp mor, enn så lenge, å otte for dei.

 

Nabokona heime, vår kjære Guro Sandøy, hadde slite med sjukdom ei tid. Eg kan ikkje hugse akkurat kva som feilte henne, men denne kvelden hadde det åpenbart blitt så gale at husbond Teodor fann å slå alarm. Det var alt anna enn lett. Å få doktoren ut frå Askvoll var bortimot uråd. Greiaste løysinga var utan tvil å alliere seg med ein eller annan som disponerte ein høveleg båt, og få henne på sjukehuset i Florø. Det var i dette ærendet han kom bort til oss på kvelden, for å høyre om far og onklane mine kunne ta laus med ”Bulending”.

 

Sjølvsagt kunne dei det. Ingen ville drøyme om å seie nei til gode naboar og vener i ein vanskeleg situasjon. Nokon lysttur ville det ikkje bli i kulingen, men dei kom seg vel ut frå vågen, nord Hølen og svinga innover nordanpå landet. Mor var uroleg, noko vi ungane godt kunne merke. Ho sto i vindauga, og fylgde med dei slingrande lanternene som sakte svann ut or syne. Følelsen av uro vart sjølvsagt ikkje betre, og verre skulle det bli.

 

Vi var som sagt lyslause, og radioen var taus, men Hilda og Anton hadde ein batteriradio. Brått kjem Hilda nærmast springande inn døra, bleik og oppskjørta og åpenbart djupt sjokkert. Ho sa berre fire ord: ”Dei har skote Kennedy”!

 

Det var ei grusom nyheit! Ikkje så mykje for oss ungane, kanskje, som berre visste at John F. Kennedy var president i USA, men desto meir for foreldra våre. Mor og Hilda gret sine modige tårer, det var nærmast som om ein nær slektning var død. For dei, og faktisk for heile verda, var det ein kolossal nedtur. John F. Kennedy representerte noko nytt. Han var ung, karismatisk og glamorøs. Han sto for optimisme, framtidstru og ein ny giv som skulle få verdspolitikken opp or skyttargravene, ut av den kalde krigen og inn på eit nytt spor. Ein nifs uhyggekveld i november 1963 sytte ei skotsalve i Dallas for at alle framtidsdraumar vart lagt i grus.

 

La oss vone at det ikkje skjer igjen. Eg vil tru at den eldre garde i dag kan kjenne att stemninga frå då Kennedy vart vald til president. Vi har bak oss 8 lange år med ein evnelaus knøl i Det Kvite Hus, hvis ettermæle sannsynligvis blir ”mannen bak den største økonomiske krise i nyare tid”. No får vi Barack Obama, som mange samanliknar med Kennedy. Førebels veit vi lite om kva kurs han vil velje, men han representerer noko nytt, annleis og tillitvekkjande. Mitt fremste håp er at han har dei kvalitetane som kjenneteikna ein Moses, ein Abraham Lincoln, ein Winston Churchill eller for den saks skuld John F. Kennedy. Alle var dei vegvisarar gjennom harde prøvelsar, og inn mot ei lysare framtid som vi alle vonar vil manifestere seg i det nye året som vi snart går inn i.

 

God jul og godt nytt år.