Merknad frå heimesideskrivarane:
Dette er avskrift av eit intervju elevar på skulen gjorde i januar 1995.
Orginalen finnast i Temaparken.
Intervjua som blei gjort omhandla kvardagslivet under 2.verdenskrig.
Her er da Anna Kjæmpenes som har vorte intervjua. Intervjuerane er
ukjende for heimesideskrivarane, gje gjerne beskjed dersom de veit
kven som stod for intervjuet.

Intervju med Anna Kjæmpenes januar 1995.

Kor gamal var du då krigen byrja?

Eg var 10 år.

Kor mange sysken var dere?
Vi var 4 sysken.

Kor budde de?
Vi budde der som Arve sitt hus står no.

Kva klede hadde de?
Vi hadde strikka kle. Lange sokker som gjekk langt oppover føtene og kjoler. Vi fekk ikkje gå i bukser.

Korleis var det på skulen?
Det var ganske vanleg. Vi såg slaget ved Alden, der fly vart skotne ned. Vi såg når flya sirkla ned og landa i sjøen.

Kva arbeid måtte ungane gjere?
Vi måtte gjere det same som dei vaksne. Vi måtte slå gras, hesje og bere høy. Vi måtte og fiske.

Kva mat hadde de?
Vi bakte kaker og brød. Vi hadde to kyr så det var nok melk. Vi hadde to sauer som vi slakta og så fiska vi.

Kor mykje lys hadde de?
Vi måtte vere forsiktige. Vi kjende nokon som støypte lys, og vi hadde litt olje. Vi hadde to lamper, ein i stova og ein på kjøkenet.

Korleis merka dere krigen her på Værlandet? Kom dere i kontakt med tyskarar?
Det var mange som reiste til England. Vi var alltid redde for at nokon skulle komme vekk. Det var og rassia. Gestapo pleidde å gå nede i vegen og vi hadde følelsen av at dei var der heile tida.
Vi hadde eit lite hønsehus som vi brukte til dokkehus. Ein gong kom det to tyskarar som begynte å sjå inn i huset. Dei såg inn i den vesle døra og det vesle vindauget. Det såg utroleg dumt ut når to store karer med maskinpistol såg inn i eit lite dokkehus.

Reiste nokon av slektningane dine ut i krig?
Ja, brødrene mine ; Olaf og Andreas.

Korleis reagerte dere når innkallelsen kom?
Det kom ingen. Mange flyktningar reiste med Brosvik - gavlen. Olaf var med dei. 26 reiste med den båten. Mellom anna Bernt Myrvåg og Sigfred Landøy. Dei bytast på å ause og når dei gjekk på lands i England, og det var ingen til å pumpe, sank båten.
Alle ungdommane reiste, så då reiste Andreas og. Det var 3 veker mellom at Olaf og Andreas reiste.

Korleis var tida medan slektningane dine var i krig?
Det var ingen kontakt mellom oss og dei. Ein MTB-båt var her og då gjekk far bort og høyrde om brørne mine. Dei hadde sett Andreas i Bergen.

Kor lenge var brørne dine i krig?
Dei var i 4 år.

Kom dei overraskande heim eller viste dere om det?
Andreas kom overraskande heim. Han kom med båt til Kristiansand og ringde heim. Olaf var på kvileheim i England.

Kor gamle var brørne dine då dei reiste?
Olaf var 21 år og Andreas 19 år.