Merknad frå heimesideskrivarane:
Dette er avskrift av eit intervju elevar frå 7.-9.  klasse på Bulandet skule gjorde i januar 1995. Orginalen finnast i Temaparken.
Intervjua som blei gjort omhandla kvardagslivet under 2.verdenskrig.
Her er da Gudrun Fedøy som har vorte intervjua. Intervjuar er Alette Fedøy.

Intervju med Gudrun Fedøy 16. januar 1995.

Ho kom presis. Eg var spent på å få høyre om opplevingane hennar frå krigen, Eg trur ho var ganske spent og.

Eg starta med å spørje om kor gammal ho var då krigen braut ut.
- Skal vi sjå, no må eg rekne, ho tel på fingrane.Etter ei stund svarar ho: Eg var vel omtrent 26 år då.

Korleis fekk du vete at det hadde brote ut krig? Lurer eg på.
- Vi vakna av flyalarm midt på natta. Kapteinen som eg budde hos, ringde til nokon, og vi fekk vete at krigen hadde komme til Noreg, svarar ho.

Korleis var det å vere i Oslo etter at krigen braut ut? Er det neste eg spør om.
Ho tenkjer litt før ho svarer:
- Det var no mykje spenning. Vi fekk snart høyre at Quisling hadde gjort statskupp, og det var eit sjokk.
Ho tek ein liten pause.- Og så var vi redde for bombing, at dei allierte skulle komme og bombe oss. Men det hende då heldigvis ikkje.

Kva jobba du som i Oslo, og var du i Oslo under heile krigen?
- Eg var hushjelp hos ein kaptein. Men eg var ikkje i Oslo under heile krigen. Vi rømde. Vi visste ikkje korleis alt ville verte. Eg reiste i lag med eldste dottera til kapteinen, fortel ho. Vi tok tog til Åndalsnes. Derifrå tok vi buss til Ålesund. Deretter reiste vi til Nordfjord, der faren hennar var ifrå. Vidare reiste vi til Førde. Det gjekk ikkje båtar, så det var vanskeleg å komme vidare. Men eg var heldig og fekk sitje på med ein tropp-transport til Sande. Derifrå gjekk eg til Bygstad ....

Gjekk du frå Sande til Bygstad? Eg avbryt henne.
- Ja, og eg var trøtt då eg kom fram. Eg fekk overnatte der, og neste dag tok eg båt heim til Askvoll.

Kva hende vidare?
- Då eg kom til Askvoll? Ho ser spørjande på meg. Eg nikkar.
- Eg budde heime hos foreldra mine, og eg arbeidde på butikken "Dalsøren". Ut på hausten, eller var det seinsommaren? Ho må tenkje seg om. - Nei eg hugsar ikkje heilt, men eg fekk i alle fall spørsmål om eg ville til Bulandet og arbeide på butikken "Nikøy" der. Eg reiste, og vart verande. Ho smiler.

Korleis var det å vere her på Bulandet under krigen då?
- Det var stille og roleg, og ingen tyskarar til å begynne med. Men det var mange motstandsfolk her, og dei vart oppdaga. Då kom det tyskarar og busette seg. Vi hadde ofte besøk av tyskerane på butikken. Dei kom og handla.

Det blir stille ei stund før eg stiller neste spørsmål:
Er det farlege episodar du hugsar?
- Då Gestapo kom, kjem det kontant. Det lei ut i krigen. Mange vart tekne. Eg trur dei tok dei i Melværen og dei på Hillersøyna først, men det er andre som veit meir om det enn eg. Det blir ein liten pause. Og så var det mange som skulle over til England, og det var ikkje heilt ufarleg.

Korleis var det å arbeide på butikken?
- Det var triveleg på butikken. Men det var litt vanskeleg med varer. Dei måtte rasjonerast, og alt måtte vegast, hekto og gram. Alle måtte ha rasjoneringskort. Det var mest vanskeleg med smør, mjøl og sukker. Mot slutten hadde vi berre svart mjøl, og mange kokte graut og hadde på skjevene i staden for smør. Det var vanskeleg å få tak i varer, men vi greidde oss. " Nikøyen" var flink til å skaffe.

Graut på skjevene,tenkjer eg, det høyrest ikkje godt ut.

Var det mange tyskarar her?
- Ja, det var no ein del, ho stoppar opp litt. Men dei var høflege og folkelege. Dei helste og takka når dei fekk varene på butikken. Dei var berre vanlege menneske, for det meste ungdommar som nyleg hadde vorte sende ut i krig. Ein ung tyskar fortalde at han hadde berre ei mor att i Tyskland. Ho var den einaste slekta han hadde. Han drukna i ei ulykke.
Det vert stille ei stund før ho held fram:
- Ingen av dei var glade for å verte sende ut i krig. Stakkars folk.

Vi vert sitjande og tenkje litt, men så spør eg:
Hadde du kontakt med familien din under heile krigen?
- Å ja, eg var hos dei av og til, men det budde tyskarar der, så dei hadde liten plass.

Var du på nokre lengre turar?
- Eg var i Bergen av og til på slutten, for å kjøpe varer til butikken.

Skjedde det noko spesielt på desse turane?
Ho nølar før ho svarar.
- Nei , det gjekk bra. Men ein gong i april, eg var i Bergen, skjedde det ein eksplosjon. Det var i eit ammunisjonslager, kanskje i ein båt. Det var ein forferdeleg tur, men det gjekk no bra. Eg reiste med "Vega". Dagfinn Hugøy hadde den. Andre her i frå, andre båtar og folk frå Herland var i Bergen og.
Ho tenkjer seg litt om.
- Men eg hugsar ikkje kven. Det var forferdeleg heitt. Eg sat i lugaren, og det brann overalt; på land og i stokkar på sjøen. Vi kom oss heldigvis utatt. Det er nifst å tenkje på no i ettertid.

Eg har undersøkt litt om brannen og fant ut at han starta om morgonen 20. april 1944. Det var ein trålar lasta med ammunisjon og sprengstoff som eksploderte på hamna i Bergen. Meir enn 100 nordmenn mista livet, og nærmare 5000 vart såra. Like mange miste hus og heim. Det var eit hell at ingen bulendingar kom til skade.
Ulykka var verre enn alt byen har vorte ramma av til no. Det heile skjedde på Hitler sin gebursdag, og dei tyske okkupantane spreidde straks ut eit rykte om sabotasje. Men undersøkingar viste at eksplosjonen kom av sjølvantenning om bord på skipet.
Ulykka var den største enkeltulykka som ramma Noreg under krigsåra.

1944 var vel eit merkeår for deg? Fortel litt om kva som hende.
Ho ler og vert sitjande og smile lurt ei stund før ho fortel:
- Ja, det vart bryllaup då. Det vart halde i Askvoll. Det var tyskarar overalt. Heime hos foreldra mine budde tyskarar óg. Til vanleg måtte ein vere inne seinast kl. 10 om kvelden, men vi hadde fått løyve til å kome heim litt seinare sidan det var bryllaup. Vi hadde nokon vi kalla Naziprest.
Eg hugsar at vi var redde ein hund hos lensmannen. Det var lensmann Skarstein som vigde oss. Lyngstad gav oss velsigninga i kyrkja, fortel ho villig. Vi hadde masse gjestar. Vi var på eit pensjonat og feira i tre heile dagar. Maten, den fekk vi hos vener og kjende.

Var det lett å få tak i møblar då de skulle flytte i lag?
- Nei, det var vanskeleg. Vi reiste til Bergen, og vi gjekk i mange butikkar. Der var mange nydelege møblar, men alt var reservert til tyskarane. Dei simplaste tinga kunne vi kjøpe. Det blei no mest slike "krise-greier" som vart kjøpt. Sofaene vi kunne kjøpe, var trekte med noko " papir-liknande", ho bruker nevane til å skildre korleis dei var. Vi leitte etter eit salongbord, vi gjekk på alle butikkane. Til Slutt fekk vi kjøpe eitt hos ein som heitte Støssvik. Salongbordet stod vekkstua, så tyskerane hadde antakeleg ikkje sett det. Vi fekk no møblar så vi hadde til å begynne med.

Kvar budde de?
-
Vi budde hos Johannes og Mariana i tre år. I 1948 bygde vi nytt hus og flytta.

Hadde de radio då?
- Nei, ikkje vi, svarer ho kjapt. Ikkje før etter krigen. Alle radioane vart inndregne. Det var forbode å ha denslags.

Høyrde du på radio hos nokon då?
- Nei, men dei fleste var godt orientert om nyhenda, så det var nok radio ein eller annan stad, seier ho litt løyndomsfullt

Korleis fekk du vete at det var fred?
Ho ler. Det verkar som ho likte det spørsmålet.
- Det var etter middag. Vi sat ved kaffibordet attmed glaset. Plutseleg ser vi Konstanse kome springande over myra. Ho kjem heseblesande inn og seier. " Krigen er slutt!!".
Ho tek ein pause før ho held fram:
- Vi var akkurat som lamma, det var løye. Vi såg ut, og der såg vi eit lite norsk flagg, heist på ei snekke som låg ved ei bru. Då skjøna vi at det var fred.
17. mai vart heilt spesiell, det var jo ikkje så lenge etter freden. Ei heilt spesiell feiring vart det den dagen. Det blei dessutan flagga natt og dag i minst ei veke etter 8. mai.

Det blir stille ei stund før eg stiller neste spørsmål:
Vart det nokre store forandringar her rett etter at det hadde vorte fred?
Hø nøler litt før ho svarer:
- Tja, overlevande kom no heim att frå Tyskland. Elles så gjekk dagane sin vante gong. Det var no sikkert forandringar, men eg torer ikkje seie noko om det. Det er så lenge sidan. Likevel, eg hugsar at mange bygde seg hus. Det var vanskeleg å få tak i matrial, men det gjekk no på eit vis. Fiskeriet heldt og fram som vanleg. Dei som tyskarane hadde teke husa til, flytta attende.

Reiste tyskarane att med det same?
- Ja, tyskerane drog snart tilbake. Det gjekk stilt føre seg. Vi var litt redde at dei tyske soldatane skulle gjere motstand, men det gjorde dei ikkje. Dei reiste.

Det var alt eg hadde å spørje om, seier eg.

- Eg trur eg har fortalt det meste no. Dagane gjekk stort sett sin vante gong gjennom heile krigen. Vi hadde juletrefestar, og andre festar. Dei hadde det sikkert verre i byane. Vi hadde bra med mat, fekk fisk. nei, eg kan ikkje kome på meir å fortelje om.
Ho sit og tenkjer ei stund, men kjem ikkje på noko spesielt.

Takk for at eg fekk intervjue deg, avsluttar eg med.
- Det var no så lite, seier ho og smiler.

 

Intervjuar:
Alette Fedøy.