Intervju med Håvar Halsøy januar 1995.
- Eg var nettopp begynt i skule då krigen braut ut, vi gjekk
på skule i kaféen
på Nikøy, seier Håvard.
Vi går nedover vegen. Han vil vise oss kvar ei mine gjekk av.
- Mina gjekk av i 1945. Ein gong i tidsrommet januar-mars. Det er ingen som
hugsar datoen. Ho gjekk av ved sekstida om morgonen. Alle rutene i huset
vart innblåste. I nabohuset vart ytterdøra blåst skeiv. Omnane inne i huset
flytta på seg, eit skåp inne på kjøkkenet ramla ned og vart knust. Visst husa
hadde stått litt høgare på haugen, ville det ha gått mykje verre. På myra
nedanfor huset var alt heilt svart. Småbråsma kom endåtil opp på land, den
gjekk vi og plukka.
- Hadde de radio? Spør vi.
- Foreldra mina hadde radio. Dei hadde han i eit skap i naustet, som var skjult
inne i veggen, slik at ein ikkje kunne sjå det.
Han pappa var av og til i Bergen og fekk ordna radioen visst det var noko gale
med den, og det var ofte med hell at han ikkje vart tatt.
Dei lytta til nyheiter frå London. Det var ofte mange og som høyrde på.
Vi hadde og ei hagle, ei gammal Remington. Vi hadde den gøymd på låven, under
heile krigen. Den er på Kystmuseet i Florø.
- Kan du fortelje om fredsdagane?
- Då var det berre jubel. Vi ungane hadde ikkje noko føling av at vi vart stygt
behandla under krigen heller. Alle heiste flagg, og det var stor jubel. Dei som
ikkje
hadde flaggstang, reiste opp laksenotstenger.
På Sandøya skaut dei opp masse nødrakettar heile natta, så himmelen var heilt
opplyst.
Roger Rogne
Øystein Fedøy