Intervju med Ingolf Fedøy januar 1995.
Vi skal intervjue Ingolf Fedøy. Vi ringjer på døra. Det går ei stund før han kjem, men så står han i døra og ber oss inn. Vi snakkar litt om laust og fast før vi begynner på sjølve intervjuet.
Kor gammal var du då krigen braut ut?
- Jau, eg var vel 19 år.
Brått kjem Magnhild inn: " Du må gje gutane brus, Ingolf !"
Han ler og seier: " Ja, eg får vel gå ned i kjellaren og finne". Straks
kjem han att med brus. Vi får kvar sitt glas før vi held fram med intervjuet.
Korleis var det å vere fiskar under krigen?
- Vi måtte halde oss innaskjers. Vi fiska med teiner,liner og torskegarn. På
vinterstid fekk vi fiske sild.
Opplevde du å miste nokon i familien under krigen?
- Nei
Såg du nokon verte drepen?
- Eg var vitne til at eit fly vart skote ned.
Kjende du nokon som vart tekne av Gestapo?
- Edvard, Johannes, Bjarne og Einar Hillersøy vart tekne.
Vart nokon av fiskarane drepne?
- Nei, ikkje her på Bulandet.
Hadde du våpen med på fisketurane?
- Nei, det hadde vi ikkje lov til.
Kva følte du når du skulle ut å fiske? Var du redd?
Han tek ein skrå og ler litt.
- Eg var van med det, men ein gong kom det eit jagarfly, og det skaut på
meg.....
Korleis var det å selje fisk?
- Det var ikkje noko problem. Det kom ein båt frå Bergen og henta fisk kvar dag.
I tillegg kom faren til Klaus på Skjeret og henta fisk.
Korleis var det då freden kom?
Underlege dagar. Det var fredsrus over heile landet. Ute på Sandøy var det mange
tyskarar. Dei feira også med nyttårsrakettar og skot.
Såg de miner på sjøen?
- Ja, og dei var livsfarlege.
Feira de at krigen var over?
- Ja, det gjorde vi !!!
Korleis ser du på tyskarane i dag?
- Eg ber ikkje noko hat til dei.
Kom tyskerane til deg?
- Nei.
Såg du kampar mellom krigsskip ute på sjøen?
- Nei, men det var eit stortreff her på fjorden i 1943/1944. Vi høyrde skot og
såg eld. Vi såg og trefningar av MTB-båtar.
Har du hatt mareritt etter at krigen slutta?
- Nei det har eg ikkje vore plaga med.
Visste du kva som hende ute i verda?
- Ja, vi fekk høyre nyhende frå dei som hadde radio.
Var det matmangel her i Bulandet?
- Nei, i grunnen ikkje, men det var litt lite med mjøl. Ein del ting mangla
sjølvsagt, men dei fleste klarte seg bra. Forresten, tobakk var det vanskeleg å
få tak i. Elles fekk vi litt grovt mjøl. Sirup fekk vi og, men den var svart som
jord. Sukker var det heller ikkje mykje av.
Var det dårleg kontakt mellom folket på Bulandet?
- Nei, det var god kontakt naboane imellom, vi trivdest godt i lag.
Til slutt fortel Ingolf ei historie:
- Eg var i Bergen då den store eksplosjonen var. Ei forferdeleg oppleving. Trur
ikkje det var ei heil glasrute att i gatene. Eg sat på skulen då det skjedde.
Glasa fauk inn i salen. Båtane for opp på land på grunn av dei store bølgjene
som eksplosjonen resulterte i.
Intervjuet er slutt. Vi takkar for oss og går. Etterpå tenkjer vi med oss sjølve: No kan vi meir om krigen enn før.
Henning Norstrand.
Fridtjof Norstrand.