"Den lange heimreisa".
Denne historia er nedskrive etter opptak som Svanhild Landøy gjorde
med faren, Sverre J Landøy den 22/2-03.
Rolv Landøy har skrive dette.

Sverre fortel:
Det var eit år nett før krigen, i 1938 eller -39, og det må ha vore om
hausten, at vi skulle nord på Kalvågen med gavlen, (gamlegavlen). Vi
skulle til Totlanden og ordne nokre greier, det var alltid noko som måtte
fiksast. Og Totlanden var flink til å reparere saker og ting.

Det var avtalt at vi skulle komme nord ein måndag om førerniddagen, så
skulle vi få båten på slipp på floa, og reise inn til Flora med ein båt på
ettermiddagen. Så skulle vi ta "Gula" sør att om kvelden og natta, og
koma heimatt tysdag morgon.

Og vi reiste, fekk gavlen på slipp, og tok båten inn til Flora. Så var det til
å vente på "Gula". Ho kom no omsider, og vi kom oss ombord. Og der
løyste vi billett til Værlandet. "Gula" gjekk først til Askvoll, og så skulle
ho utover i øyane. Då var det blese opp til sørvest storm.

Nordre Brosvik- kaia på Værlandet var ny, og dei var ikkje vane med å
gå opp under den kaia, så dei ville i all fall ikkje gå opp der i styggeveir.
Dei for forbi Værlandet og ut gjennom Håsteinosen. Dei stevna sør
gjennom Olsundet, men då dei såg kor det såg ut sør for Hovden, la dei
henne ("Gula") på rek, og ho dreiv med sida føre i stor fart nord
igjennom Olsundet og nord om Hellaneven. Så bar det innlover igjen, og
då og gjekk ho forbi Værlandet, og til Askvoll.

Der kunne vi ha gått iland, men då måtte vi ha fått oss husly i land, og
kvifor skulle vi no det; når det var "Gula" som skulle få oss heimatt, og
vi hadde husly ombord? Så vi vart verande ombord i "Gula ". Vi slapp å
løyse ny billett.

Så bar det sørover i retning Bergen. Det var forresten fleire ombord den
gongen som skulle til Værlandet og Bulandet. På sørovervei skulle ho
opp om Kalgraf. Ho stampa seg utover Sognesjøen til dess ho kom på
høgde med Knappen. Men då vart det so gale- som han sa sogningen-
"det vart so mykje rukke på sjøen", at ho snudde.

Eg sto oppe på dekk og heldt meg fast då ho snudde, for eg var slett
ikkje sikker på at dette kom til å gå bra. Ho låg flat på sjøen. Men det
gjekk merkeleg nok bra. Og så gjekk ho til Skjerjehamn. Med ho låg der,
måtte ho vente på ei skøyte som kom frå Kalgraf med fisk. Eg kan hugse
at einkvan ropte til mannen ombord i skøyta at han måtte no ikkje gå
utatt i kveld. Men han på skøyta svara at det gjekk no an å snu om det
vart for gale. Og der for han, og vi for vidare til Bergen.

På nordover-turen kom vi oss endeleg iland på Værlandet, sjølv om det
ikkje hadde spakna so mykje. Då var vi komne til fredag, og vi hadde
vore fire døgn ombord i Gula.

Mange år seinare, i 70-åra ein gong, såg eg ei skøyte som verka kjend,
inne på Askvoll. Eg spurde om det var han som var på Skjerjehamn den
og den gongen og leverte fisk til "Gula"? Då stirde han på meg: "Jau, det
var eg det, og eg hadde ikkje betre vet enn at eg gjekk utatt den
kvelden" .
Men det hadde vore slike veldige brot, at han slakka opp, så sjøen ikkje
skulle slå sund skøyta. Men ein gong vart ho ståande so bratt opp og ned,
at ho seig akterover, og i djupaste havet, so sjøen fossa forbi styrehuset.
Etter det torde han ikkje anna enn å gå for full maskin. "Men det gjekk
no bra den gongen og".