Intervju med Malvin Hillersøy januar
1995.
Når vi kjem er han er han nett stått opp, og han set seg til å ete frokost.
Kor gamal var du då krigen braut ut? Lurer vi på.
- Hm, ja då må vi rekne. Eg var fødd i 25, nå 26,27,28,29 - æhh, 15 år, mellom
15 og 16.
Kor stor familie hadde du, og kvar budde de?
- Vi var 8 syskjen pluss far og mor. Vi budde på Hillersøy. Eg miste ingen
familiemedlemar under krigen. Men 4 av dei sat i fangeleir, 3 brør og faderen.
Først sat alle saman på Ulven, så vart dei flytta til Grini. Edvard vart flytta
derifrå til Sachsenhausen og faderen til Bardufoss. Johannes og Bjarne vart
sendt heim frå Grini etter 18 månader. Dei andre sat til krigen var slutt. Det
som gjorde at Bjarne og Johannes slepte fri, var at eg var med og berga eit fly
og ei motorskøyte. Skøyta gjekk med proviant til tyskerane på Sandøy. Det skulle
vere to tyskarar med båten, eg var ombord, men såg berre ein. Eg arbeidde då på
moloen på Sandøy. Tyskerane skaut varselsskot til oss, og eg og formannen, Udal,
for bort til Sandøy. Der fekk vi med oss to tyske offiserar, og så hjelpte vi
den tyske motorbåten.
- Eg hadde båt og førde dei som jobba på moloen, dei budde i kafeen på Nikøy. Eg
fekk jobben fordi tyskerane hadde stole alle pengane våre. Fordi vi trengde
pengar til mat fekk eg jobben.
Han tek ein pause og tygg maten godt.
- Det vart mykje skriveri p.g.a. det med flyet og skøyta. Fangane meinte dette
var grunnen til at dei overlevde fangenskapet. Etter hendinga med skøyta og
flyet vart det betre kår for fangane. Edvard kom frå Tyskland til Danmark.
- Det var stor lette da dei vart sette fri. Johannes og Bjarne rekna med at dei
hadde vorte sende til Tyskland om ikkje desse hendingane hadde inntreft.
Veit du korleis dei hadde det i fangeleir? Det går ei
lita stund før han svarar, og då han snur seg ser vi at han er våt på kinna og
at det er tårer i auga hans.
- Dei hadde det svært dårleg, lite mat og hardt arbeid. Dei kunne t.d. verte
oppjaga om nettene av tyske soldatar.
Korleis kjendest det då Gestaposkøyta kom?
- Det var ein nifs hendelse. P.g.a. at eldste broderen var med i
Shetlandsgjengen, så sat vi svært hardt i det. Tyskarane stal alt av verdi.
Sidan alle pengane vart oppbevarte i huset, hadde vi ikkje 5 øre att. Vi var
sjølvsagt svært urolege for Olai som var med på Shetlandsfarten. Vi rekna ikkje
med at han ville overleve.
Det var ei svært tung tid.
Unge og uvitande som vi er, vil vi gjerne vete litt om kva Shetlandsfarten
eigentleg var.
- Dei førde våpen, ammunisjon og bensin til motstandsstyrken i Noreg. Dei gjekk
ut ifrå Shetland og til ein stor del av Norskekysten. Og det var farefulle
oppdrag. Dei kunne bli skotne i senk kortid som helst. Dei var i konflikt med
den tyske krigsmakta både titt og ofte.
Det går eit par minutt før vi spør neste spørsmål.
Korleis fekk du vete om freden?
- Vi forstod då det nærma seg slutten på krigen. Så mykje informasjon hadde vi.
Det var ein gledens dag. Det føltest som ei stor lette. Det er lett å forstå når
du veit kva byrde og otte vi hadde for fangane.
Malvin tek ein liten pause før han seier: Hugset var ikkje heilt på topp då de
kom, men det har vorte betre litt etter litt ettersom eg har vakna.
Vi flirer mens vi ser han kjemmer håret. Det er det som er verst, alt arbeidet
med å kjemme håret. Det er umogeleg ikkje å le av han.
Korleis var reaksjonen i bygda då freden kom?
- Det er den største glede vi har fått. Vi gjekk med ei evig redsle for Gestapo.
Å verte frie menneske att var berre heilt utruleg.
Kva tenkjer du om tyskerane i dag?
- Eg har sidan krigen ikkje hatt noke godt tilovers for tyskarane. Eg har funne
ut at dei var nesten like alle. Eg har lese mange krigsbøker om dei som sat i
fangenskap, og det var ingen tyske som ville hjelpe fangane. Eg tåler ikkje det
tyske språket.
Vi set stille ei stund før vi ber han fortelje dersom han
har noke på hjarte.
- Det er så mykje å seie. Over 5 år er det mykje som skjer. 5 år i så stor
redsle, det var ei stor nervepåkjenning. Vi vart utjaga or heimen vår. Husa vart
forsegla med tysk hakekors og ørn. Vi hadde ikkje lov å gå inn i huset, så vi
budde hos naboen.
Eg hadde så nær vorte teken eg og, men det såg ut som om det skulle skje eit
under at eg fekk vere heime og fekk vere med å redde dei andre. Tyskerane gav
beskjed om ikkje å prøve på å stikke av, for dei andre fangane sin del. Det var
så merkeleg, som om ei styring frå høgre makter.
Vi hadde ikkje meir å spørje om, og vi takkar for intervjuet. Då vi går, føler vi at vi har fått eit litt større innblikk i kva som skjedde med vår familie under krigen.