Anmerkning frå heimesideskrivarane:
Dette er ei avskrift av eit intervju nokre elevar frå Bulandet Skule hadde med Oddmund Sandøy.
Vi veit ikkje kven som intervjua eller kor tid han var intervjua.
Tusen takk til Temaparken v/Liv Gjørøy, Oddmund Sandøy og intervjuerane for historia.

Intervju med Oddmund Sandøy.
Vi fekk i oppdrag frå "Temaparken" å intervjue folk om krigen,
så vi tok turen til Oddmund ein vårdag i mai..

-Kan du fortelje litt om den gongen du blei skoten på av tyske fly?
-Ja, det skal eg fortelje om, så godt som eg hugsar det, seier han og
byrjar:
-Det var under krigen. Kva årstal hugsar eg ikkje no, men eg og
kameraten min, Johan Kjæmpenes ( "Likkje-Johan" kalla vi han,
eller "Dullen" var det vel helst!), hadde laga oss gevær eller børse.
( Det var gutungane sin hobby det, for vi skulle jo alltid ha våpen.)
Så kom det eit fly fykande på sør, og vi stod "ovan i" sjøbua vår og
sikta på det. Flyet svinga og kom "på nord" igjen, men det var vi
ikkje klar over før det begynte å skyte på oss. Eller på oss var det vel
ikkje, for då hadde vi vel vore daude for lenge sidan. 5-6 meter ifrå
oss gjekk granatane igjennom buaveggen! Det hagla med granatar,
på hundrevis av skot, og vi begynte å springe!

Oddmund ler litt før han held fram:
-Springe unna kulene var vel ikkje så godt, men vi gjorde no iallfall
det. Johan heiv seg ned i ei lita hole i marka. Mora til Johan, ho
Lina, stod oppe i vindauget og var sikker på at sonen var skoten, for
det var akkurat som om han datt død om på bakken. Eg derimot,
sprang inn i sjøbua og heiv meg bakom ei stor not, for eg rekna med
at der kunne eg vere trygg. Dei klarte vel ikkje å skyte igjennom
nota, tenkte eg.
Eg trur nok det heile berre var skremming - ja, sjølvsagt var det det
på så kort hald, det var jo ikkje meir enn eit par hundre meter opp
til flyet!
Ein augneblink vert det heilt stilt før han seier:
-Men det var ei nifs oppleving for to gutungar!
Vi måtte sjølvsagt fortelje alt dette, og snart fekk heile øya greie på
kva som hadde skjedd. Då fekk vi streng beskjed om aldri meir å
sikte på fly eller liknande, og det vart heller ikkje gjort. Eg kan ikkje
seie nøyaktig kva årstal dette hende, men sånn ca. midt under
krigen.

-Kor gamle var de?
-Vi var vel ein 10-12 år gamle, kan eg tenkje meg.

-Hugsar du noko anna spesielt som skjedde?
-Ja,den første kjensla eg hadde av krig det var om hausten, og vi
stod og egna line på sjøbua. Det var fint ver. Då kom det nokon
heimanfrå og ga beskjed om at vi måtte kome opp på Store-
haugen, for det var noko som skjedde "uttapå landet". Ein damp
kom "nord med landet", ein som var litt større enn dei gamle fylkes-
båtane. Då han var komen tvers overfor Fleset, eit skjer utapå
Sandøya, kom to krigsbåtar. Dei hadde lagt attom Buesteinane
heile dagen, og dei hadde sikkert venta på denne båten. Då krigs-
båtane kom fram frå "Steinen", begynte dei å signalisere med
morselampar at båten skulle stoppe. Men han stoppa "just" ikkje.
(Oddmund vert ivrig og får problem med å finne dei rette orda):
-Då sette han meir .... , det var ein stimbåt dette, og det var svarte
torva or skorsteinen, og kurs rett inn på flua. Han ville prøve å
rømme unna. Men så begynte krigsbåtane å skyte varselskot fram-
for båten, og då måtte han stoppe, elles hadde han vorte senka.
Krigsbåtane la seg ein på kvar side av dampen. Det gjekk rykte om
at båten var full av polske fangar som skulle nordover til Finnmark.
Det var nemleg nokon her i Bulandet som følgde med på det heile
med kikert, og dei såg at det rømde folk over i desse krigsbåtane.
Krigsbåtane forsvann på vest, så dei for sikkert til Shetland eller
England.

Oddmund kan ikkje stadfeste dette nøyaktig, men det var heilt i
begynnelsen av krigen, og hans første kjensle av at det var krig i
landet.

Oddmund har fleire historier på lager og held fram:
-Så kan eg fortelje om då vi vart evakuerte frå Sandøy under
krigen. Det var ein fin sommardag med sol og flott ver. Eg og Torbjørn,
bror min, hadde vore "uta i landet" og drege trollgarn. Då vi
kom inn att, var det komen ein tysk "Schnell-båt" som vi kalla dei.
Ja, ein slik båt som går fort, forklarer han.
-Havnekapteinen i Askvoll var komen for å seie at vi skulle evakuere.
Alt som var på Sandøy måtte "forsvinne". Vi skulle få tre
dagar på oss, trur eg, og då måtte alt vere vekke. Dette skjedde i
slåtten, vi heldt på å slå. Tenk tre dagar! Det var ikkje mykje, du, til
å flytte alt ein eigde!

Akkurat då låg det nokre kvalfangarar her, det var nemleg på den
tida det var lov til å skyte kval. Dei stilte båtane sine til disposisjon
og hjelpte til. Folket i Bulandet kom også ut og hjelpte oss, så på
tre dagar fekk vi slå alt graset ned, og sjøhusa og "heimehusa" vart
tømde.

Etter evakueringa måtte vi finne oss hus lenger inne i Bulandet, og
då var folk svært hjelpsame. Vi fekk oss eit hus på Gjelsa, der
han Ingolf bur no, men det var eit anna hus som stod der då. Heile
huset fekk vi til disposisjon! Dei andre frå Sandøy var plasserte
rundt om i Bulandet så godt som det let seg gjere. Ja, vi fekk tak
over hovudet, alle saman. Dyra måtte vi og sjølvsagt ta med, kvar si
kyr "hist om pist" over heile Bulandet.

-Kvifor måtte de flytte? lurer vi på.
- Tyskarane skulle ha øya. Dei skulle lage seg festning, dei skulle
vinne krigen dei, veit de! Dei sette opp kanonar og rekna med å
vinne heile verda! Svære festningsverk vart det. Dei laga jo til
kanonstillingar på Storehaugen der lykta står, og lenger sør på øya.
Dei hadde lytteapparat, og når flya letta frå basane i Skottland,
høyrde dei det, vart det sagt! Peileapparat var der og, ja, det var
eigentleg "voldsomt" tillaga. Mange tusen landminer rundt heile
øya hadde dei, så det var ikkje råd å kome på land. Det var berre
ein plass du kunne kome deg opp, og det var "austapå". 3-4 doble
gjerde med piggtråd i tillegg, så det var mykje folk, "styr og vesen"
der ute!

Eg kan og fortelje litt om då krigen slutta. Vi budde jo her på
Gjelsa, og karane dreiv med laksenøter ute ved "Steinen". Dei
budde på "Kvaløybua" heile veka.

-Er det den bua som står der ute enno? bryt vi inn.
-Ja. Så såg vi at det var kome opp eit flagg på "Kvaløyhaugen". Dei
hadde sett opp ei laksenot-stang med flagg på. Det var første gong
vi såg det norske flagget her i Bulandet sidan før krigen! Karane
som kom frå laksenøtene, hadde fått greie på at krigen var slutt hos
tyskarane. Så det var nokre svære greier, kan de skjøne!

Kor lenge det gjekk før vi kunne flytte ut att på Sandøy, hugsar eg
ikkje. Men eg hugsar at alt var rasert der ute, og husa såg forferdelege ut.
Tyskarane måtte ta opp minene sjølve, så dei gjekk ut i minefeltet.
Graset var høgt, det hadde jo rotna ned i fleire år, ja, det
var sikkert ein meter høgt.

- Var minene gravde ned?
-Ja, dei var gravde ned ute i marka.

Då tyskarane hadde teke opp minene, så - for å vere sikker på at
dei ikkje slurva - måtte dei gå over minefeltet side om side med
jarnstenger som dei stakk ned i jorda. Hadde dei då slurva, så fauk
dei i lufta sjølve! Ingen gjorde det, så minene hadde dei nok fått
opp.

Då vi flytta ut att og skulle begynne å slå graset, fekk ikkje vi
ungane gå ut i minefeltet å slå. Eg hugsar bestefar min sa at det
skulle han gjere, for han var så gammal at om der var ei mine,så
gjorde det ingenting om han fauk i lufta!

Elles var det mykje arbeid å ta fatt på då vi kom ut att. Alle sjøhusa
var nedrivne og oppbrende.

- Har de ikkje funne nokon miner etterpå? spør vi, vi er ikkje heilt
ferdige med dei enno.

-Nei, det har vi ikkje. Tyskarane hadde sikkert fått opp alle saman,
for vi fann ingen etterpå!

Det vert ei lita pause, så kjem det:
-Så det var krigen, ja. Det var ikkje noko særleg, så eg håpar at det
aldri vert krig meir!

Vidare fortel Oddmund at tyskarane som stasjonerte på Sandøy,
var godt bevæpna. Kvart fly som kom, vart skote på. Han hugsar
godt ein dag mange engelske fly bomba båtar inne ved Stavenes i
Askvoll, og i Eidsfjorden. Det skulle visst vere over 30 fly som
fauk austover! Då desse kom på vest att, skulle tyskarane på
Sandøy skyte dei ned. Og dei skaut, verkeleg så det gneista, men
det som då hende, var at dei miste 7-8 stykkje av sin eigne. Dei
engelske flya svara sjølvsagt på elden som vart opna mot dei!
Nokre hadde sett i kikert at dei bar ned tyskarane frå
Storehaugen. Dei engelske flya kom seg velberga derifrå.

-På den tida var det vel ikkje andre enn tyskarar som var der ute?
spør vi.

-Nei, om der var sivilarbeidarar der ute, det veit eg ikkje. Sivil-
arbeidarane var berre med i oppbyggingsfasen og laga festningar
og liknande, så då det lei ut i krigen, trur eg ikkje der var nokon
andre enn tyskarar. Dei var vel ca. 150, trur eg.

Oddmund fotel også om den gongen bestefaren hans og "han
Olai i bua", som dei kalla han, var stad og "påta" etter mort, fordi
dei skulle ha teineagn om hausten, trur han. Då dei kom nord til
Hareholmen, sat der ein tyskar i berget. Dei var to stykkje som
hadde vore ute for å skyte ærfugl, og så hadde båten kvelva. Den
eine tyskaren var forsvunnen, og den andre sat altså oppe i ein
"gjytt". Så han vart berga.

- Var det stor sjø?
-Nei, eg trur ikkje det var så stor sjø, men dei hadde rodd seg opp på
ei flu, og båten hadde kvelva. Eg trur det var Andreas Fedøy og
nokon til (sikkert mens dei var stad og fiska etter mort) som fekk
den levande tyskaren ut att på Sandøy.

Seinare, på våren, då desse karane dreiv med teiner nord med
Hareholmen, fekk dei ein dag auge på noko i ein stor "gjytt". Det
var den sakna tyskaren. Han hadde flotna opp. Dei varskudde dei
andre tyskarane på Sandøy slik at dei kunne kome og hente han.

"Gamle-Johan" som vi sa, han fann ein tyskar rekande som han
drog opp i ei fjære. Eg hugsar eg spurde han om han ikkje syntest
det var nifst å finne ein dauding. Men då svara han: "Nei, det skal
eg berre seie deg; det er ingen som er så fredelege som dei daude."

Vi må le litt og tenkjer at det hadde han i grunnen rett i.

Oddmund smiler, og vi takkar for den koselege praten. Begge er
einige om at vi har fått høyre mykje interessant!!!