Merknad frå heimesideskrivarane:
Dette er avskrift av ei forteljing om ein skuletur til Sandøy som Hildur Hillersøy skreiv då ho gjekk på ungdomsskulen.
Orginalen ligg i Temaparken.
Forteljinga er skriven i 1995 i forbindelse med ei oppgave dei hadde på skulen om å intervjue folk om kvardagslivet under 2.verdenskrig.

 

Skuletur til Sandøy, 1995.

Klokka 12:30 går ungdomsskulen forventningsfulle mot Torbjørn sin båt. Torbjørn startar båten og vi sig sakte mot vest.
Vel framkomne til Sandøy tek Torbjørn til med å fortelje om kaia som tyskerane bygde. Den stod ferdig 27/3 1944. I 1940 begynte arbeidet på moloen. I 1943 var det eit halvt år byggestopp. Det tok 11 år før den vart ferdig.
Vi går vidare innover den historiske og vestlegaste bebudde øya i Noreg. Vi går forbi Hilda og Anton Sandøy sitt hus, som tyskerane brukte som kjøken, og kom til ein bunkers. Der stod det under krigen ei kanon. Vi prøver å tenkje oss heile Sanøyna omringa med piggtråd og minelagd. Det var 5000 miner berre på Sandøy. Kun to plassar gjekk det an å komme ned til sjøen.
Vi går ned til ein stor stein. Torbjørn fortel at under den gøymde dei sølv då krigen braut ut. Han måtte krype under steinen med det.
På Sandøy laga norske arbeidarar ei hole i ein haug for tyskerane. "Tyskerhola", som den vart kalla, vart brukt som tilfluktsrom. Steinen frå hola vart brukt til bunkersane.
På Sandøy var det 100 norske arbeidarar og 100 tyskarar.
På Storehaugen var det vakthytte og utkikspost. Det var og eit aggregat og ein stor kikkert, som dei kunne følgje med på alt som foregjekk.
Etter krigen måtte tyskerane ta oppatt alle minene medan engelskmennene heldt vakt.
Vi står på Storehaugen medan Torbjørn fortel. Det er fint ver, men vinden som kjem er bitande kald.
Fyren som stod der vart skoten ned. Linsa vart gøymd, og sidan øydelagd.
Dei tyskerane som kom til Sandøy kom frå austfronten. Det var soldatar i 30-40 åra som skulle kvile seg. Sjefane var stort sett harmlause, men den siste var av eit anna slag. Han ville slåss til siste mann.
Vi går ombord att i båten til Torbjørn for å sleppe kulden.
Då dei som budde på Sandøy fekk flytte heimatt, var husa ramponerte. Tyskerane brukte kalk på veggane, truleg for å sleppe å vaske. Husa var tilgrisa, og det måtte mykje vasking til.
Torbjørn startar båten, og vi dreg mot aust. Det vert ikkje sagt så mykje meir, og då vi kjem til lands, takkar vi for turen og går kvart til vårt.