Intervju med Tor Leite om
kvardagslivet under krigen.
Korleis var Gestapo kledd?
Dei var kledd i lange støvlar og ei gråblå uniform og ei hue med skygge.
Kva våpen hadde dei?
Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det var mauser og rifle.
Kva tenkte du når Gestapo kom?
Vi var sjølvsagt redde. Kvar dag såg vi etter skøyta sør ved Alden. Vi høyrde
ofte etter båtar, for vi visste ikkje kva for dagar skøyta kom. Ho kom alltid i
godt vær.
Kva hugsa du om blending?
Eg hugsa blendegardinene i vindauga, som vi drog ned om kvelden. Dei var
gråsvarte.
Kva var du eigentleg mest redd for under krigen?
Vi var redde og frykta tyskarane mest.
Kva du og dei andre leika?
Vi pla kaste stein og sigle med båtar i vatnet.
Såg du at dei terroriserte Henrik?
Eg såg at det var ein av dei som slo han, men mor ville ikkje at vi skulle sjå
det. Etter at han var ferdig å slå, sette dei han under ei klessnor, og der stod
tyskerane og sikta på han med våpena sine. Vi gjekk inn i stova.
Hugsar du fredsdagen?
Når vi fekk høyre at krigen var slutt, sprang vi i skulen for å hente flagget.
So sprang to stykker i bua til Kåre Hansen og henta ei laksenotstang til
flagget, for det var ingen som hadde flaggstang. Etterpå sette vi flagget på
fangetårnet og så samlast vi på kirkegarden og sang songar.
Kva slags båtar låg her under krigen?
Dei som sprengde miner låg her under heile krigen og passa på. Far var kjent
her, og måtte derfor vere med tyskarane og vise kvar minene var.
Hugsar du noko anna spesielt?
Ja, eine gongen vi var å gøymde oss, for eg opp på haugen for å sjå om det var
noko farleg. Dette var i nærheita av Søre Fadersvatnet. så eg kunne sjå det
akkurat. Då såg eg at tyskarane gjekk rundt huset og såg inn alle vindauga. Då
vart vi redde alle saman.
Det var alltid tomt når Gestapo kom på kaia. Den gongen dei skulle ta Henrik var
dei heilt ville. Ein av dei spurde ein om kvar Henrik budde, for det visste dei
ikkje. Han svara, og då blei dei så ville at ein av dei hoppa utfor ein knaus,
og ned i ein askedunge slik at han gjekk øve støvlane i aske.
Ein gong var tyskerane på Bjørnøya og skulle ta ei mine.
Då var gamle Resen med. Han var så roleg at han at han berre gjekk ned i fjæra
og tok mina i fanget, slik at tyskarane blei livredde. Gamle Resen berre lo.
Dette gjorde han fordi det var så vanskeleg å gå inntil fjæra men båten. Mina
var lita. Etterpå sprengde dei mina ein annan plass.