Merknad frå heimesideskrivarane:
Dette er avskrift av eit intervju med Wilfred Norheim om forliset av "Føyguten".
Orginalen finnast i Temaparken.
Intervjuarane er Daniel Fedøy, Maria Landøy og Anne Marte Norheim.

Intervju med Wilfred Norheim om forliset av "Føyguten".

Ein fin vårdag i mars såg eg ( Anne Marte) at Maria kom syklande på eit flatt hjul, rett etter Daniel.
Eg stod i døra og venta på dei.
Vi gjekk opp trappa, og sette oss inn i stova, der kaffimaten alt var sett på bordet.
Vi skulle intervjue Wilfred Norheim, som såg at "Føyguten" gjekk ned.

Så kom det første spørsmålet:
Kor tid skjedde det?
-
Det var ein vinterdag i 1953, ca. klokka halv ti om kvelden. Eg, Trygve ( Norheim) og Bjørn ( Norheim), stod ute og prata.

Kor gamle var de då?
- Eg var åtte og eit halvt, Trygve var ni og eit halvt, og Bjørn var elleve og eit halvt år.

Kvar var de når de såg dette?
- Vi stod på trappa utanfor huset til onkel Edvard. Då såg vi ein båt med fulle dekkslys som kom inn nordapå Bulandet, i retning Gjørøy. Plutseleg stoppa båten opp, og det var stor bevegelse i lysa, dei for opp og ned ei stund, før dei forsvann i mørkret.

"Føyguten" gjekk ned nord-vest for Gjørøylykta.

Kva gjorde de når de såg at båten gjekk ned?
- Trygve sprang inn og sa det.
Dei som var inne, hadde høyrt ei melding på radioen:
" Vi har gått på land nordapå Bulandet, og vi går ned".
Posisjonen vart ikkje klart nok oppgitt, og folk leitte etter dei ute med Buesteinane og med Lonna ( ved Sandøy).
Trygve sprang ned til gamle-Andreas Fedøy, for det var ingen andre vaksne mannfolk heime ( dei var ute på fiske). Han fekk kontakt med telegrafstasjonen, og fekk varsla folk.

Kva veir var det den kvelden?
- Det var mørkt, og det regna.

"Føyguten" var ei 70 fots kvit skøyte som kom frå Øklandshavn, nord for Haugesund ( Sveio).

Vi har høyrt at det var sju personar ombord i båten då den gjekk på land, kor mange omkom?
- Fem av dei sju omkom. Dei to som overlevde hoppa i hammaren, og greidde å komme seg opp. Dei kom velberga fram til folk i Gjørøy.

Vart dei omkomne funne?
- Nei, ikkje som eg veit.

Kjende du nokon av dei som var ombord?
- Ikkje eg, nei. Men Konstanse Tysse og Håvard Nikøy gjorde det. For båten var her i 6-7 vintrar.

Er der funne noko etter vraket?
- Ja, livbåten og nokre vrakrestar rak opp i Engelvågen i Gjørøy. Ein stor del av sida rak opp nord om Gjelsa. Maskina, ein 50 hk. Rubb, var heva året etterpå. Den låg nedanpå lykta. Det var "Nordlys" som tok den opp.

"Nordlys" tok og opp ankeret til "Føyguten", som no står utanfor huset til Bjørn Norheim. På dette ankeret er det festa ei minneplate som fortel om hendinga.