“ Råa.”
På reisa vår på Garden Værøen må vi ta med historia om tjenestejenta frå
Alden/Atløy som gjekk under navnet Råa.
Eg har tidlegare
benevnt familia hennar i
historia om Villum og Lars “Ei mor ein son. Ein far ei dotter.” (Anne
Karine Larsdtr.)
Lars var far til Råa. Det
egentlige navnet hennar var Lene Larsdtr.
Alden. Lene var oppkalt etter mor til halvsyster si
ho Lene Abrahamsdtr. Melvær
som døydde på barseng. Lene
Larsdtr. var berre to år gamal då ho miste far sin i den tragiske ulukka ved Kalvøy
på Værlandet.
Halvsyster til Lene, ho Anne Karine veit vi miste mor si på barseng, og far sin han Lars då ho var 10 år gamal. Fem år etter ho vart gift inne på Dyrtoppen på Lutentun drukna også
mannen hennar.
Mor til Lene gifte seg oppatt
inne på Atløy i 1864 med Hans Larson Sagen og det er truleg kring denne tida dei
flytta frå Alden. Lene hadde soleis dei fyrste barneåra i
Alden.
Lene måtte tidlig ut i
tjeneste som var mykje vanleg
for ungdomen på den tida.
Vi veit ho tjente i 21 år på ein gard i nærleiken av Bergen som heitte
Raa. Akkurat kor tid ho kom nordatt som tjenestejente
på Værlandet veit vi ikkje sikkert, men det må truleg ha vore ein gong kring århundreskifte. Ho skulle etter sigende vore
tjenestejente både i Aralden og Landøyna, men det var i Hittun
på Værlandet ho var sist og lengst i tjeneste utenom tida på Raa. Det må vere her på siste plassen ho tjente at ho fekk kallenavnet Råa.
Det var vanleg
skikk på den tid, at budde
det fleire personar
nær einannan med same fornavn, so sette dei tillegsnavn på dei for å skilje dei frå kvarandre.
I Sørgarden
veit vi om han Peder i Tuna og han Peder i Hittuna og seinere på dei to same jordene fekk vi to Bernt. Den eine vart då kalla for Ola-Bernt den
andre for Bernt, slik skilde dei
desse. Far til Ola-Bernt veit vi heitte
Ola.
I Sørgarden
var det og fleire Lene i denne tidsbolken det her er
snakk om.
Vi veit om ho Lene i Tuna som vart gift i
Sandøy i Bulandet og ho Lene “under Hamrane” som var
gift med Peder Johan Knutsen .
For å skilje
desse tre Lenejentene fekk truleg ho Lene Larsdtr. ifrå Alden/Atløy kallenavnet Råa.
Råa skulle vere ei uvanlig flink tjenestejente, ho vart difor vidgjeten.
Serleg skulle ho være svær til å hesje. Ho var ellers eit “rivjern” til å arbeide på garden.
Mor mi Lisa (Åsnes) Leite var
i tjeneste i nokre år på Værlandet på same tid som
Råa var i Hittun. Lisa tjente på nabogarden Nybø. Det
var ein del samarbeid mellom desse
gardene som med sildefiske, smalehald og torvspading o.s v. Lisa og Råa vart soleis til stunder i lag i arbeidet. Mor fortalde ein del om Råa. Det vart
ikke nedskrive. Beklagelegvis, men eg hugsar ho fortalde at ho var
imponert over korleis Råa visste om bevaring, kjøling
av ferskvarer. Mor mi meinte at Råa hadde tileigna seg desse
kunnskapene då ho var i tjeneste på Raa gard i sin ungdom.
Ho kunne den gamle kunsten og
konservere mat med mose. Mosen ho brukte finnast i
rikelig mån på Værlandet. Eg fann han sjølv på sørsida av Guggevatnet etter orientering frå mor.
Mor mi som hadde skaffa seg eit foto kasseapparat, var ein
ivrig fotograf og nytta høvet til å ta eit bilete når tida baud seg so. Ho hadde lyst å ta bilete
av Råa, men det fekk ho ikkje
lov til, Råa nekta. Men ein gong ho var oppe i Hittun med apparatet sitt og stod ved gamle Hittunshuset kjem Råa ut or floren berande
på ei bøtte, når Råa såg mor mi stå der med apparatet
sitt rakk ho og rope “Nei,” men då var ho alt festa til teipen.
Eg har sjølv
sett dette bilete av Råa, so det skal finnast ein plass, men eg veit ikkje kor. Kanskje det kan dukke opp ein
dag og flettast inn i denne historia her.
Johan Hittun
fortalde at då Råa tjente på garden Raa fekk ho nokre øre
meir pr. hes enn dei andre
tjenestefolka. So jenta hans Lars hadde nok utmerka seg tidlegare
og.
Ellers hugsa
Johan ein gong Råa var med dei
og slo i Lambholmen i Sørveret.
Dei kokte seg kaffi på
grue, loket på kjelen datt i varmen, Råa tok det att, og brende
seg litt på ein finger. Då ho sat
og saug på fingen sin sa ho: “Gud hjelpe meg for dei som kjem i Helveta ban, dei får kjenne eit kvart.”
Eldste syster
til Råa Anne Karine Larsdtr. Alden som vart gift inne
på Dyrtopp, veit vi miste mannen sin berre
25 år gamal.
Kaffikos i Lambholmen. Bernt Hittun med kaffikjelen, guten ved sidan av han er Johan Hittun. Framme frå venstre sit Lisa Leite, som kom som tjenestejente og er mor til blandt anna Harald Leite. Så har vi Andreas Hittun og Margrete Hittun. Margrete og Bernt er besteforeldre til Målfrid, og da er ho som har lånt ut bilete. Johan er far til Målfrid. Fotograf er ukjent, men kanskje var da Råa sjølv som stod bak kamera. |
Her er sjølvaste Råa. Ho kjem frå fjøset, som stod i Hittun ein plass |
Ho Ho gifte seg oppatt og det var hjå dotter hennar i andre
ekteskapet,ho Jenny Alida,
at Råa budde der inne på Dyrtoppen dei siste åra etter at ho slutta i tjeneste i Hittunen. Ho døydde i 1940 og
vart 87 år gamal.
Den tragiske ulukka ved
Grisetaren nord for Kalvøy desemberkvelden i 1855 vart nok svært tungt for familia som sat att i Alden, men
soga viser at det må ha vore sterke menneske desse etterkomarane av han Lars i
Alden.
Kjelder:
Sverre J. Landøy
Laila Vederhus
Johan Hittun
Lisa Leite
Askvoll Bygdebok Folket II B