Møtereferat frå
Bulandet Grendalag 23.04.09
Møtestad: Hos Frank
Tid: 18:00 - 20:30
Deltakarar: Frank Hatlø, Heidi Kjempenes, Kari Helen Blikås, Jessica Bjørkstrand,
Lindha Sjøberg, Arne Fedøy, Sigbjørn Halsøy.
Heidi fekk overrekt blomster frå det nye styret, for meget godt engasjement og arbeid
i den tida ho har vært leiar for Grendalaget.
Sak
1: Informasjon frå Heidi.
Heidi informerer det nye styret om stoda i viktige saker som grendalaget jobbar
med.
Det er vedteke att ferja vår skal ha universell utforming, dvs. vere tilpassa eldre og funksjonshemma. Det er ikkje kome noko informasjon om korleis dette vil bli løyst. Det vil også verte jobba for at opsjonen i anbodet med like ruter alle dagar og seinferje på søndag vert teken i bruk.
Arealplanen er under utarbeiding og skal ut til høyring i løpet av sommaren.
Sak
2: Nordsjøporthelga.
Det gamle styret i grendalaget vil være ansvarleg for Nordsjøporthelga i år.
Foreløpig er Heidi ansvarleg for stands og Frank er ansvarleg for
marknadsføring. Kari Helen skal prøve å skaffe sponsormidlar til marknadsføring
og søkje om midlar frå kommunens næringsfond.
Det vil verte behov for meir folk til å ta seg av fleire oppgåver etter kvart. Nye møte angåande Nordsjøporthelga vert helde i midten av mai.
Sak 3: HMS (Helse, miljø og sikkerheit)
Kva kan Grendalaget gjere for betring av HMS i bygda vår? Her er noen eksempler som vi skal
ta tak i og alle oppfordres til å komme med forslag.
Helse: Det har allereie vore ein del problem med den nye legevaktordninga, mellom anna at vakthavande lege ikkje har tilgong til journalar så dei kan sende ut medisinar osv. Det har også vore problem at folk som har ringt til legevakta ikkje har fått svar på telefon. I slike tilfelle bør folk ringe 113.
Folk i bygda som opplever problem med legevaktordninga vert oppfordra til å ta kontakt med Grendalaget om dette, for registrering/statistikk av tilfeller. Sakene blir sjølvsagt behandla konfidensielt og personopplysningar skal ikkje komme frem.
Miljø: Søppel som ligg rundt i fjærene er eit problem. Det er vanskeleg å få til noko organisert opprydding, men vi håpar at grunneigarar og andre kan ta seg ei økt å rydde litt av og til.
Sikkerheit: Skulevegen i frå Gjelsa til skulen er ikkje bra. Vegen er smal og det er uoversiktleg mange stader. Det har vore søkt om å sette opp speil ved dei mest uoversiktlege svingane, men dette har vi fått avslag på i frå Vegvesenet. Frank vil ta dette opp på nytt med Vegvesenet.
Sak
4: Ambulanse.
Grendalaget har fått førespurnad frå kommunen om vi er interessert i å overta
ein ambulanse som står i Førde. Denne vil vi få gratis. Styret meiner det kan
vere bra å ha ein slik bil i bygda. Frank vil ta kontakt med kommunen for å få
bilen på plass.
Sak
5: Drosjeløyve.
Dagens ordning med drosje er for dårleg. Det bør vere ei fullverdig drosje i
bygda både for transport til lege og til andre oppdrag.
Frank vil ta kontakt med samferdsleutvalet for å prøve å få på plass eit drosjeløyve her ute.
Dette må samordnas med Værlandet Vel, slik at eventuelle søkjarar til nytt drosjeløyve blir behandla iht. regelverket.
Sak
6: Cruiseskip
Cruiseskipet ” Hebridean Princess” vil komme og besøke oss i sommar. Den er lasta med engelske millionærar som vi må prøve å gje ei god mottaking når dei kjem.
Sak
7: Nordisk Film
Nordisk film har vore å sett på Bulandet som ein mogeleg plass for innspeling av TV serie, men ingenting er avgjort enno.
Viss vi blir uttekne til dette prosjektet
håpar vi at mange i bygda stiller opp slik at vi kan få litt positiv blest om
Bulandet på riksdekkande fjernsyn.
Sak
8: Basseng
Frank orienterte litt om finansiering av bassenget. Ser ut til at det blir
basseng i Bulandet no.
Frank vil begynne å planere tomta dei
nærmaste dagane.