Ein yankee i Bulandet.
Eg reknar med at mange heime hugsar attende
til slutten av 70-talet. Då skjedde det store kvantespranget innanfor linefiske
til havs. Mustad på Gjøvik lanserte Mustad Autoline System; den fyrste
brukelege egnemaskinen. Vegen fram var lang og kronglete, der fyrst og fremst
Erling og Oskar Førde på M/S ”Førde” var dei som brøytte vegen. Etter lang tids
prøving og feiling kom dei til slutt fram til eit konsept som fungerte, og som
i sin tur kom til å revolusjonere banklinefisket.
Det var nærmast eit skred som losna. Alt som flaut skulle ha
egnemaskin, til tross for ein god del skepsis i starten. Toralf Værøyvik på
”Værland” var tidleg ute, og fekk installert maskinen alt i 1976. I januar 1977
vart dåverande ”Sjøvær” levert ny frå Solstrand i Tomrefjorden. Det var fyrste
linebåten som hadde denne maskinen installert frå nytt av. Autolinesystemet var
ei fabelaktig nyvinning som vann merksemd verda over. Det kom delegasjonar frå
alle kantar av verda for å studere korleis det heile verka i praktisk fiske.
Hausten 1981 fekk vi førespurnad frå Mustad om vi kunne ta med oss ein
amerikansk frilansjournalist på håfiske i Nordsjøen. Arni Thomson, som han
heitte, skulle studere dette fisket nærmare og lage ei lengre reportasje for
eit amerikansk fiskeritidsskrift.
Sjølvsagt fekk han vere med. Vi plukka han opp i Haugesund på veg
sørover, og fekk han installert på ei madrass på dørken i skipparlugaren. Han
var 13. mann om bord, og vi hadde berre køyplass til 12. Det gjekk greitt. Arni
var ein utruleg hyggeleg og triveleg kar som hadde nøydd seg med atskilleg
verre fasilitetar. Han hadde mellom anna vore med på krabbefiske utanfor
Alaskakysten, og samanlikna med det, så vart alt anna nærmast for luksus å
rekne.
Turen gjekk bra. Fisk fekk vi i massevis, og på ei god veke var båten
full. Arni skar lukkeleg klar alle beskuldningar om Jonas og desslike. Han var
levande interessert i alt som føregjekk, og skreiv og fotograferte så blekk og
blitzpærer skvatt veggimellom. Eit artig poeng var at ”Hordagutt” hadde med seg
to russarar i same ærend. Dei fylgde og godt med på alle ting, like til dei
oppdaga videospelaren og ymse vaksenfilmar. Då var det jamt slutt på interessa
for fiskeriet.
Då turen var slutt, inviterte vi Arni med oss heim på Sandøyna nokre dagar.
Han ville gjerne ha med seg korleis dagleglivet i eit lite øysamfunn i
Kyst-Norge arta seg, og her fekk han oppleve det. Han var storleg forundra over
at denne vesle flugelorten på kartet kunne framstå så levande og oppegåande som
det gjorde. Han og mor blei gode bussar til tross for språkbarrieren, og han
fekk aldri nok av dei heimebaka grovbrøda hennar. Maken hadde han aldri smakt.
Han kunne lage til nokre enorme sandwichar som mest av alt minte om Mr. Beans
seanse, der han sit på ein benk i ein park og lessar det utrulegaste pålegg på
tommetjukke brødskiver.
ALT ville han ha med seg. Han vart i fyr og flamme då han høyrde at mor
og systrene mine hadde bunad. Han fekk dei til å rigge seg i fullt ornat, og
fotograferte dei frå alle baugar og vinklar. Dette var noko heilt nytt for han,
og han var aldeles opp i under kor flotte desse nasjonaldraktene var. Elles
likte han å prate om alle tenkjelege ting, og det blei mange seine næter i
stova heime. Vi fekk lange innføringar om amerikansk samfunnsliv og politikk,
men han var heldigvis ingen overpatriotisk betrevitar. Han var fullt klar over
at USA ikkje berre var eit fridomens paradis, men kunne ha atskilleg å lære av
norsk kultur og måten å gjere ting på.
Han budde hos oss i tre dagar. I avskilsgåve fekk han ei ekte norsk
lusekofte med tilhøyrande topphue. Han reiste heim att til Seattle, og nokre
månader seinare fekk vi tilsendt reportasjen han skreiv. Den var nærmast
panegyrisk i sine skildringar om norsk fiske og daglegliv. Vi heldt kontakten
med han nokre år, der vi mellom anna utveksla julehelsingar, men så vart han
borte for oss. Eg tok vare på det tilsendte eksemplaret av tidsskriftet, og det
skal ligge i tølene ein eller annan plass. Finn eg det att, så kunne det
kanskje høyre heime i temaparken.