Internasjonalt miljø.

 

 

Vi skriv sommaren 1977. Forrige ”Sjøvær” hadde vore i sving eit halvt års tid. Den vart levert i januar same året, med mellom anna nyinnstallert egnemaskin. Ein hadde så langt gjort unna to lineturar, og var klar til avgang på den tredje. Mannskapet talde 11 mann, men denne turen skulle vi vere 12. Den tolvte var fransk/kanadiaren Wilbert d’Entremont, som skulle vere med som observatør for fiskeristyresmaktene i delstaten Nova Scotia i Canada. Egnemaskinen hadde vunne merksemd verda over, og Wilbert skulle skrive ein svær rapport om korleis maskinen fungerte i praktisk fiske.

 

Wilbert kom om bord i Måløy. Vi gjekk heim i Sandøyna, og låg der ein knapp dag før avgang. Wilbert ville gjerne handle litt, og vi reiste inn i Nikøyna ein tur. Han var storleg forundra over kor fint folk budde, og kor velstelt og ordna alle ting var. Dette var ein strålande sommardag, og Bulandet viste seg frå si aller beste side.

 

Turen gjekk til Rock All. Berre få timar etter avgang fekk Wilbert seg ein heller ubehageleg overraskelse. I Canada varde ein gjengs linetur ca 10 dagar, og han hadde rekna med at slik var det her og. No fekk han greie på at det var 3 døgns seiling kvar veg, og at turen ville vare om lag 4 veker. Litt lang i maska vart han saktens, men Wilbert var heldigvis ein sporty kar som kunne ta tinga som dei kom.

 

Vi ankom Rock All i strålande ver, og fekk fisk frå fyrste dag. Dette var faktisk fyrste gong ein kunne seie at egnemaskinen fungerte skikkeleg også etter rundfisk. Agnhaldaren var justert og modifisert ein del, slik at agnet låg betre på plass når kroken tok det. Vi låg med forholdsvis korte stubbar, men likevel heldt vi nokså jamt ein 6 – 7 vekter. Det imponerte ikkje Wilbert. ”No fish”, sa han. Dette syntes vi var merkeleg, men forklaringa var at han var van med torskefiske på Grand Banks utanfor New Foundland. Her var det ikkje uvanleg at fisken anglefylgde stubben til endes.

 

Wilbert likte å prate. Han var tospråkleg. I det daglege heime gjekk det på fransk, men han meistra sjølvsagt engelsk til fingerspissane. Han fortalde om dagleglivet heime i det vesle fiskerisamfunnet Pubnico, om trålfisket etter kamskjel som var hovudfiskeriet der, og om familien sin. Han sakna openbart kona si, som heitte Mercedes. Akkurat det visste Reidar råd for: ”Det er berre å ta seg ein tur ned i maskinrommet”, sa han. ”Der står det to stykk”. (”Sjøvær” hadde Mercedes hjelpemotorar.)

 

Steinar lærde han å banne på norsk. ”Når vi nordmenn verkeleg skal ta oppi, så seier vi Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap”, sa han. Wilbert såg på han med store auge; maken til bannlysing hadde han aldri høyrt.

 

Mot slutten av turen vart ham syrgjeleg lei. Han sette i ei stygg halsesykje, og hosta og bles i dagesvis. Vi hadde ei luke bak i hekken ståande opa, og dermed vart det gjennomtrekk i egnehuset. Far forklarte han at då kunne ein lett bli forkjøla. Diagnosen kom soleis, på ein smule mangelfullt engelsk: ”Wind – this way – that way – no good”.

 

På 23 døgn hadde vi over 110 tonn. Eg gløymer aldri ansiktsuttrykket hans då vi tok inn siste bøya, og var ferdige. ”I’ve been looking for that one for 2 weeks”, sa han. Turen heim gjekk finfint i sommarveret, og Wilbert strålte som ei sol då all lossing var unnagjort. Gløymt var lange dagar på sjøen og hosting og harking. Akkurat det hadde si oppside. Han slutta å røykje, og gledde seg som ein unge til å komme heim til Mercedes som ein røykfri mann.

 

Vi høyrde ikkje noko meir til han, anna enn då ”Sjøvær” vart seld til Canada i 1986. Vi spurde dei nye eigarane om dei kjende han. Det gjorde dei ikkje, men dei visste kven han var. Eg meinar å hugse at han då arbeidde i fiskeribyråkratiet i Halifax. Uansett var det ei fin oppleving å ha han med. Vi fekk praktisert engelsken vår i lange baner, og han tok gjerne eit tak når vi trengde ekstra hjelp i egnehuset. Wilbert var ein hyggeleg og triveleg kar på alle måtar, og det kunne ha vore artig å spora han opp. Akkurat det skal kanskje noko til. Dette er over 30 år sidan no. Wilbert var då litt opp i 50-åra, og vi veit ikkje eingong om han fortsatt er blant dei levandes tal.