”Lappen” til jul.
Så er vel tida inne for julehistorier att. Nå ja, denne historia har for så
vidt lite med jul og julefeiring å gjere, anna enn at dei store høgdepunkta
inntraff fram mot jul i 1982.
Hausten 1982 fekk eg det for meg at eg skulle ta ”lappen”. Jonny var for lengst
den stolte innehavar av både sertifikat og bil, så ei viss misunning var nok
inne i biletet. Men køyretimar og teorikurs var i dei dagar ein heller
omstendeleg prosess for oss som budde ute i ville havet, med ei endelaus
reising ut og inn til Førde. Det orka eg knapt nok tanken på, så eg brengla meg
inn på tante Haldis og onkel Bjørnvald i Florø. Der
var eg hjarteleg velkomen til å stasjonere heile veka, få køyre nokså jamt, og få teorikurset
unnagjort på kveldstid. Dermed slapp eg all reisinga.
Bjarne Eikefjord heitte køyrelæraren min. Han var ein triveleg og tjomsleg kar som likte å prate, slik at all nervøsitet
forsvann. Eg vart etter kvart godt kjent rundt om i Florø by, og unngjekk
heldigvis dei store tabbane. Bilen, ein Mazda 929 var i alle fall like heil, og
eg kan ikkje hugse å ha køyrt på nokon.
Oppunder jul var tida inne for oppkøyring. Det skjedde ein real griseversdag med tilnærma snøstorm, og såpeglatte vegar. Tilfeldigheitene ville at eg og Øyvind (Thistel)
køyrde opp same dagen, og han var akkurat ferdig i det eg skulle i elden. Eg
gløymer aldri blikket han sende meg då han sat og fylte ut skjemaet for
førarkortet, som han hadde greidd med glans. Ordet ”triumf” dekkar ikkje
eingong halvparten.
Sensoren eg fekk, hadde ord på seg for å vere nokså bisk og striks av seg. Eg
otta det verste, men heldigvis synte det seg at han var levande interessert i
alt som hadde med fiskeri å gjere. Livretten hans var lutefisk. Dermed hadde vi
samtaleemne, og køyringa gjekk nærmast av seg sjølv. På det glatte føret måtte
eg berre ta det med ro, og unngjekk lukkeleg alle brølarar. Dermed var eg den
stolte innehavar av førarkort, og Øyvind og eg sprada gjennom byen omtrent som
om vi eigde han.
Heilt opp i jula var tida inne for ein ekspedisjon til Førde. Det skulle
handlast bil. Eg allierte meg med svoger Helge og fetter Terje som sakkyndige,
og var godt rusta med konsulentar då vi entra utstillingshallen til Berge &
Co. Ein brun Audi 80, 80-modell, fanga blikket vårt. Prisen var astronomiske 64
tusen, men bilen såg strøken og fin ut, noko han også
var. Terje og Helge godkjende motor og det som fanst av tekniske finessar, og
etter ein kort prøvetur var handelen avgjort. Eg fekk pruta til meg fullt sett
av nye vinter-og sommardekk, og turen heim gjekk utan
uhell av noko slag. Mor syntes rett nok at 64 tusen var mykje å spandere på ein
fordømt bil, men etter nokre handleturar til Førde med eigen sjåfør, roa det seg nokså fort.
Det er truleg at skytsenglane fauk rimeleg lavt over hovuda våre den første
tida som sjåfør på eigen bil. Fartsgrenser var noko utidig heft, og ei gul
midtstripe auka gjerne tyngda på høgrefoten til det doble. Hadde radarane stått
tett langs Jølstravatnet, så hadde eg antakeleg site
i bolt og jarn i Vik den dag i dag. Tusen fartsdjevlar huserte under
topplokket, men lukka er betre enn vitet, og dermed er eg merkeleg nok blant
dei levandes tal fortsatt. Eg unngjekk dei store tildragelsane, og min kjære Audi 80 tok meg trygt frå A til
B like til eg selde han i 1987. Tor Ståle Gillesøy
overtok doningen til ein nærmast symbolsk pris, og min første bil måtte vike
plassen for fruen sin nye Ford Escort.
Går vi attende til året 1982, så kan vi vel trygt seie at eg var temmeleg raus
med julepresangane. Ein 64 tusen-kroners presang til
meg sjølv er ikkje noko å kimse av! Eller kva……?