Don Quijote anno 2009.
Miguel de Cervantes heitte ein mann,
ein diktar så kjær og
kjent.
Han skapte kunst over all forstand,
med fjørpenn og pergament.
Don Quijote var namnet på
hans riddar i full galopp.
Eit meisterstykke frå a til å,
om ein som tok kampen opp
mot vindmøller, som han tilfeldigvis
meinte seg best i stand,
å kjempe mot, då dei heldigvis,
sto inne på tørre land.
Hesten hans var ein gamal gamp,
som knappast sin herre bar.
Men Don Quijote, han reid til kamp,
mot møller med lansen klar.
Verdenskjend som ein eskapist,
i jag imot luft og vind.
Vettet hadde han tapt og mist;
forvirra i sjel og sinn.
Men kanskje soga vil gje han rett,
og skjenke han namn og ry,
som representant for det folkevett
vi saknar i Oslo by.
Møller som vinden og veret driv,
stettar dei fleste krav.
Men kvifor skal dei på død og liv
ut på det opne hav?
Er det naudsynt med slik kommers,
med kjetting og jarn og
dregg?
Må vi milevis utaskjærs,
med heile vårt lysanlegg?
Ein skulle tru det var mangel av
vidder og aude fjell.
Men nei! Då blir det krangel av
den aller minste propell.
Bruk no vettet, og sjå dykk om
på ubebodd areal.
I Norges land er det plass og rom,
til møller i tusental.
Vi gjer som salige Don Quijote,
i elleve korte vers:
Hevar lansen i kampen mot
vindmøller utaskjærs.