Dramatikk i ørnereiret
Etter
ein flott sommar med familieidyll i reiret til ”Aud”, ”Nils” og vesle ”Per
Ørne”, fylgde ein dramatisk haust for ørnefamilien. Ein rotvelt på
nabotreet, tok med seg heile reiret i fallet og
dermed var heimen deira rasert. Maks uflaks, når vi veit at reiret har
stått trygt og godt i generasjonar. Ja, heilt frå tipp- ørnefar
og typp-ørnemor si tid.
Etter
mykje fundering på kva vi skulle gjere, vart det bestemt at vi må hjelpe ørnene
på veg med eit nytt reir. Dag og Vegard,
Rune og Asbjørn og meldte seg som
reirbyggjarar. I jobbintervjuet kom det fram at dei ikkje akkurat har drive
lenge i bransjen , men dei to eldste refererte til å ha jobba på eige hus. Dei
to andre karane var rimeleg unge, men meinte det var lett å setje seg inn i
situasjonen sidan dei nett er flydd ut av eige reir.
Det
var ikkje akkurat kø av jobbsøkjarar, så dei fire karane fekk oppdraget. Prisen
var òg klart ein viktig faktor. Dei forlanga kost og losji + brus og masse
kaffi. Det vart innvilga med tre mot ei stemme. Det
vart omfattande planlegging. Og etter mange timars arbeid i seks meters høgde,
var eit nytt reir på plass. No ventar vi spent på om ”Aud” og ”Nils” er nøgde
med konstruksjonen, og vel å byggje vidare. Eller om dei ser seg etter hustuft
ein annan plass.
Pr.
dags dato held dei seg i området, og førre helg var ”Aud” på plass ved reiret
og granska den nye heimen med ørneblikk. Eg vil påstå ho såg så blid ut som ei
ørn kan gjere.
No
vil tida vise om vi får dei på storskjerm i år òg. Og kanskje ”Per Ørne” får ei
ørnesyster eller ein ørnebror.
Dersom dette vert vellykka, fortjener dei fire
reirbyggjarane ei fjøyr i hatten i tillegg.
Gry leite
V / Værlandet Båt
Her
er ” Aud ” på inspeksjon.

|
Da her har heimesideskrivaren skreve: |
||
|
|
|
|