Banning i kyrkja.

Dei olympiske leikane 2010 i Vancouver er, når dette lesast, historie. Triumf og nedtur har gått hand i hand, og no er resten opp til historieskrivarane. Enkelte har site klistra framfor fjernsynsskjermen, andre har møtt denne idrettsfesten med eit skuldertrekk. Våre lokale heltar, Odd-Bjørn Hjelmeset frå Gloppen og Ann-Kristin Flatland frå Vik har gjort ein OK innsats, så litt heider og ære dryp det på oss her i fjordfylket og.

Sjølv må eg tilstå at eg er passeleg lei av det heile. Eg gler meg over gode prestasjonar, men er ikkje lenger i stand til å gå av skaftet fordi ein norsk utøvar  vinn ein skikonkurranse. Utriveleg norsk sjåvinisme stikk foten fram, vi briskar oss ovanfor svenskane, og må attpåtil høyre på flaue limericks framført av ein hysterisk Jon Herwig Carlsen. Journalistane overgår seg sjølv når det gjeld å stille tåpelege spørsmål. Med ei snodig blanding av husmannsånd og hovmod får fyrste og beste svenske mikrofonen stukken opp i fjeset: ”Kva føler du no”? ”Tykkjer du det er surt å bli slegen av ein nordmann”? ”Gjorde ikkje Petter Nordthug eit flott løp, vel”? Eller endå verre; dersom ein utlending vinn ein konkurranse der gullet bortimot på førehand var utdelt til ein nordmann, så er det berre to forklaringar: Nordmannen hadde dårlege ski, eller sigerherren var dopa.

Alvorleg tala: Skulle det ikkje berre mangle at nordmenn vinn ei og anna gullmedalje i idrettar vi bortimot har funne opp sjølv? Det er like oppsiktsvekkjande som at arabaren Ibn-al-Husseini vinn eit kamelveddeløp med den treårige dromedaren Ørkenvinden, eller at Australia gjekk av med sigeren i boomerangkasting. Vi proklamerer for heile verda at vi er fødde med ski på føtene (stakkars mødre).  Petter Nordthug & Co vassar til navlen i snø halve året, og vi fann opp uttrykket ”vi viste verden vinterveien”. Doping er noko berre utlendingane balar med, og austeuropeiske skiskyttarar har trent seg gode ved å liggje på Berlinmuren og skyte flyktningar. Vi dyrkar framleis myten om at norske langrennsløparar er trauste tømmerhoggarar, medan utlendingane er tilnærma konstruerte i eit medisinsk laboratorium.

OL blir som vanleg avslutta med 5-mila. Eg tilstår; eg gidd knapt å sjå på. Eg er for lengst mett av gaulinga til Jon Herwig Carlsen. Ei 5-mil varer i det uendelege, og er tidvis like spanande som eit malingsstrøk som tørkar. Skulle ein nordmann vinne, så vil vi garantert bli gjort merksame på det. I årevis framover, dessmeir. I tillegg har eg ein mistanke om at også svenskane vil bli minna på det med jamne mellomrom.


En langrennsløper frå Gloppen,
ble forvist frå seierspall-toppen.
For han som vant gull,
hadde drukket seg full,
på blodtype A ”rett-i-koppen”.

(Frå Jon Herwig Carlsen si siste diktsamling. Vonaleg aldri utgitt.)