Julehelsing til alle kjende, frå oss i Holvik.
Året er snart til ende,
trøytt vil det takke av.
Vi vil ei helsing sende,
til dei som oss glede gav.
Ikkje dei store orda,
og ting av eit kostbart slag,
men heldt sine bein på jorda,
og gav av sitt hjartelag.
Jule – og nyttårshelga
står i eit eige ljos.
Huset er reint og fjelga,
med dåm av den heimekos,
som berre jula kan gje oss,
og intet kan overgå.
Vi grip oss sjølv i å gle oss,
tilliks som då vi var små.
Innfor den trygge ramma,
skapt av vår far og mor,
bidrog vi alle samma,
litt til Guds fred på jord.
Krangel og kiv var ukjent,
stridsøksa kvile fekk,
men tida som kallast ”advent”,
reint syrgjeleg sakte gjekk.
Men så kom den store dagen
som vi hadde venta på,
med sommarfuglar i magen,
og auge så store, blå.
Med ribbe, surkål og potatis,
og gåver av alle slag.
Men hygge og glede var gratis,
og er det den dag i dag.
Ein takksam tanke til alle
dei i vår vennekrins,
som eit vennleg ord let falle,
når vi det fortente minst.
Å ha familie, venner,
det er sjølve livets salt.
Dei beste ynskje vi sender;
må de få det beste av ALT.
Varme helsingar frå Kari, Øyst. Ingvill, Jostein
og Guro.