Det var i 1967 at Bulandet kapell fekk denne storslegne gåva frå sjømannskyrkja i North Shields. Orgelet vart sendt til Bergen, og far og onklane mine henta det med "Bulending". Litt seinare kom det over ein engelskmann som skulle få det på plass, og montere det. Dei fleste såg vel for seg ein eldre, satt herremann, men i staden kom det ein ung og briken Beatles-figur. Fjortisjentene heime formeleg åt han med auga. På rekordtid vart han det store samtaleemnet heime, ikkje minst fordi han i beste Beatles-tradisjon hadde langt hår. Han budde på Hellersøya hos Dagmar og Olai, noko som var naturleg, då Dagmar snakka flytande engelsk etter opphaldet der under krigen.

 

Richard Anthony John Dowden var namnet hans. Han var frå Newcastle. Eg kan ikkje hugse kor lenge han var heime, men det var ei god stund. Han gjekk alltid med ei lita topphue, og det vart reist eitt og anna augebryn då han til og med hadde ho på seg i kyrkja. Dessutan var han vegetarianar, noko som ifylgje Liv gav Dagmar ein del hovudbry. Liv fortel meg at Dagmar skulle til Bergen eit ærend, og då skulle Thea syte for mat til han. Thea kunne ikkje eit ord engelsk, men laga til bønner i tomatsaus, og tenkte vel som slik at det måtte kunne passere. Men nei! Dowden hadde lese på boksen, og sett orda "pork fat" (svinefeitt). Dermed gjekk den middagen i vasken, og Thea drog nok eit lettelsens sukk då Dagmar kom heim att.

 

I tillegg til å vere vegetarianar var Dowden fanatisk dyrevernar. Det skulle mindre til enn nokre saueskrottar for å vekkje dyreverninstinktet hans. Fann han klip inne i huset, så bar han dei utomhus att. Det verserer til og med ei historie om at han ein dag fann eit insekt i vaskevatnet sitt. I staden for å la det gå i sluket, så la han det i eit glas vatn og bar det heile vegen sør i statsbrønnen att.

 

Vi hadde akkurat byrja med engelskundervisning då, og Anbjørg inviterte han til å vere med i ein engelsktime. Du og du for ei oppleving. Tenkje seg til, ein lys levande ENGELSKMANN! Sjølv om vi ikkje forsto allverda, og Anbjørg sto for mesteparten av konversasjonen, så var det likevel interessant å høyre på. Vi spurde om han kunne litt norsk, og då letta han på veska til Anbjørg, gjorde nokre svære grimasar og sa ordet "tung".

 

Alskens særeigenheiter til tross; Dowden kunne faget sitt, og monterte orgelet etter alle kunstens reglar. Han var også ein særs habil organist. Etter ei gudsteneste overtala Dagmar han til å spele litt, for då var orgelet så godt som ferdig, og kunne spelast på. Det vart reine konserten. Kyrkja var åt og tømmest, men folk snudde inn att og fylte ho ein gong til. Det var antageleg fyrste gong bulendingane høyrde det nye orgelet, og Anders Myklebust takka Dowden på det hjartelegaste for ei flott musikkoppleving.

 

Georg Halsøy hadde inntil då vore organist, og hadde streva med "salmesykkelen" i uminnelege tider. Det gamle husorgelet var tungtrødd, så å gjennomføre ei gudsteneste var reine Tour de France. No overtok Konstanse. Kanskje tenkte Georg som slik at det måtte yngre krefter til for å handtere eit slikt vidunder. Konstanse var trufastheita sjølv i ein liten mannsalder, og er utan tvil den som best kan fortelje om korleis orgelet oppførde seg i medgang og motgang. Det er nok slik at det har hatt sine svake øyeblikk, men det er ingen tvil om at det er litt av eit klenodium som står i kyrkja heime, med ei spesiell og interessant forhistorie.

 

Måtte det enno få mange gode år. 

 



Dagmar Hillersøy og dotra hennars, Liv Turid Gjørøy, var på rundtur i England i 1977. Då kom Richard Anthony John Dowden for å helse på dei før dei reiste heim.
Dette bildet er teke 22. august 1977, på kaia i Newcastle.
Til venstre står Richard Anthony John Dowden og så Dagmar Hillersøy. Dei to til høgre er venner av bussjåføren som kjørte Dagmar og Liv Turid rundtomkring.
Liv Turid Gjørøy er fotograf.