Anna Håstein vart fødd i 1906 og døde i 1991. Ho hadde Hågøy som etternavn før ho gifta seg.
Anna var tydeligvis ei jente med ”bein i nasa”, og ho var ikkje redd for å sei frå om frustrasjonane fiskarkvinnene hadde når kallane og slekta ellers, var på sjøen.
Mannfolka er so tillaga, at dei trur dei er heltar når dei kjem heim frå sjøen av og til, mens dei verkelige heltane er jentene som held familien og samfunnet i sving, mens kallane er vekk.
Slik var da før i tida, og slik er da stort sett no i tida.

Under prologen til Anna Håstein kan du sjå nokre bilde av jenta frå 1930 talet.


Prolog av Anna Håstein

 

Er truleg skrive til eit jubileum i Fiskarlaget i 1958, etter årsmøte i Fiskarlaget i

Bulandet i 1957.

 

Orsak eg på ækte kvinnfolkmaner -

vil ha eit ord med i laget her.

Dagane har gått og året har runne -

om årsmøtet i fjor ofte tankane har spunne.

Me har undra oss på om vi fekk vera med -

eller me skulde sitja heime å bøtasokketæ.

 

«Fiskaren» har me lese og granska spendt -

kanskje vi i år fekk innbyding på prent?

Men denne vona vart nok gjort til skamme -

men likevel me våga å halde oss framme.

Når andre organisasjoner skal fremje si sak -

dei lika godt det står kvinner bak.

 

Men fiskarkona er vist eit -

mest ingen ting kan ho brukast te.

Javist kan ho spøte sokkar og lubba -

og so kan ho koke og vaske og skrubba.

Når du ofte har streva med å få motoren på gli -

kven er det som vaska den skitne dongeri?

 

Når du står å stire etter fyrlys ved ratt -

kven vaker og ser gjennom ruta i natt?

Som ventar og lyer etter motoren sin lyd -

når du kjem på kjøkenet står kjælen og syd.

 

Kven er det du dog spør etter råd og vink -

som kosar for deg å blandar din drink.

Ja tenk om alle fiskarkoner plutseleg sa: stopp -

undrast kor de vilde ordna det med nye fiskarkropp?

 

Når farne tiders minne i hugen kjem fram -

kva kår som var bydde fiskaren det var beintfram ei skam.

Storsild å denslags var billigare enn drit -

utlandet betalte for tunna å saltet – resten var profit.

 

Fiskaren tok i mot det han fekk å slo seg til tåls -

Profitørane gniksa og lo, å kalla han for undermåls.

Når koner av andre stender legg planer å slikt -

kva dei får å rutte med det veit deiein prikk.

For fiskaren er intekta som eitt spel i lotteriet -

vonar på betre lukke neste gong og so vente og bie.

 

Javist har vi lova å dele med dykk godt og vondt -

å vera med dykk i både tjukt og tunt -

Men litt tryggare vilkår vilde våre på sin plass

Me kom derfor sikkert ikkje til å sitja på stas.
 

Med høgre autoriteter kjem me skjeldan i kontakt

I dag er kanskje høve til vår meining å få sagt:

Det er ikkje almisse – det er retferd vi krev -

Det er fiskaren som skal ha intekt av det som havet gjev.

Og so vil vi gjerne få lov å vera med -

å gjera fiskaryrkje lettare for våre søner som veks te.

 

- Anna Håstein -

 

Sendt til Bulandet fiskarkvinnelag den 14.12.71 til odel og eige.

 



Jenta er Anna, mens ho fremdeles hette Hågøy, bilda er frå slutten  av 1930-talet. Guten i stolen er Atle Nikøy.