Protokoll frå årsmøte i
Bulandet idrettslag (BIL).
Årsmøtet vart halde ved Bulandet skule den
17.03.11 kl. 17.00.
Sak 1. Godkjenning av stemmerett.
7 personar møtte, av desse var 4 frå styret. Alle hadde stemmerett.
Vedtak: 7 personar med stemmerett godkjent.
Sak 2. Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.
Sak 3. Val av dirigent, sekretær og to representantar til å underskrive protokollen.
Vedtak: dirigent: Eivind Norstrand, sekretær: Kari Helen Blikås, underskrive protokoll:
Bill Steinsvik og Frank Hatlø.
Sak 4. Årsmelding for 2010.
Gjennomgang av årsmelding v/leiar.
Vedtak: Årsmelding for 2010 godkjent.
Sak 5. Rekneskap for 2010 i
revidert stand.
Gjennomgang av rekneskapet v/kasserar.
BIL har ein
bra økonomi, til tross for nedgang i medlemstalet i
2010. Det er viktig å minne
om medlemskontingent for born og vaksne
som nyttar BIL sine aktivitetstilbod.
Det har vore mindre inntekter frå kiosksal, to kampar vart avlyste då bortelag ikkje møtte.
Vedtak: Rekneskap for 2010 med revisormelding godkjent.
Sak 6. Innkomne
forslag og saker.
Det kom ingen saker til styret innan frist 03.03.11. Styret la fram forslag om å arrangere
Jonsok-cup med fotball kampar
mellom ulike bedrifter, blanda lag m.v. i Bulandet og
Værlandet. BIL vil sende ut invitasjonar i god tid.
Cupen skal vere ein
uformell og morosam
happening for øyafolket, der vi vil oppfordre laga om
å stille i arbeidskle, kostyme eller
anna. Cupen skal vere moro for barn og vaksne, med premiering for beste innslag osv.
Styret foreslår å leggje det til ein laurdag når elevar frå vidaregåande skule er heime,
forslag: laurdag
18. juni. Styret vil kontakte ungdomslaget om dei kan
ha eit arrangement
om kvelden.
Vedtak: BIL ynskjer å arrangere Jonsok-cup
for Bulandet og Værlandet i juni-11. Styret skal
jobbe vidare med planar og program for dette. Meir informasjon vil komme etterkvart.
Sak 7. Fastsette
medlemskontingent.
Styret la fram forslag om uendra medlemskontingent, med følgjande inndeling:
·
Born under 18 år (aktiv) kr.
100,-
· Einsleg over 18 år (aktiv) kr. 150,-
· Familiekontingent (utan aktive vaksne) kr. 150,-
· Familiekontingent (med aktive vaksne) kr. 250,-
· Støttemedlem (ikkje aktiv) kr. 100,-
Vedtak: Forslag til medlemskontingent for 2011 einstemmig godkjent.
Sak 8. Budsjett for
2011.
Gjennomgang av forslag til budsjett v/kasserar.
Vi reknar med mindre inntekter og utgifter til fotballgruppa pga færre lag i serien i 2011.
Planlagde investeringar i 2011: bua ved bana ferdigstillast med takstein og innreiing.
Vedtak: Forslag til budsjett for 2011 godkjent med mindre endringar.
Sak 9. Idrettslaget
sin organisasjonsplan.
Organisasjonsplanen med endringar vart godkjent på årsmøtet 2010. Det har ikkje vore
behov for endringar etter dette.
Vedtak: Organisasjonsplanen til BIL er godkjent.
Sak 10. Val av:
a) Styre (jf. organisasjonsplan)
b) 2 revisorar
c) Valkomite med leiar, to medlemmar og eit varamedlem til neste årsmøte.
d) Representant(ar) til ting og møte i organisasjonar som idrettslaget er tilslutta.
Valkomite v/leiar Oddlaug Norstrand la fram forslag til kandidatar.
I styret er det leiar, nestleiar og sekretær som står på val i år.
Forslag
styre:
Leiar: Eivind Norstrand (på val kvart år)
Nestleiar: William Rogne på val i år med oddetal)
Sekretær: Kari Helen Blikås (på val i år med oddetal)
Kasserar: Synnøve Melvær (på val i år med partal)
Styremedlem: Randi F. Norheim (på val i år med partal)
1. vara: Sissel K. Steinsvik (på val i år med partal)
Forslag revisorar: Reidun Melvær
Asmund Melvær
Forslag valkomite: Oddlaug Norstrand (leiar)
Sigbjørn Halsøy
Anne Marie Graarud
Sofie Vatnøy Fedøy (1.vara)
Forslag
representanter til ting og møte:
Styret får fullmakt til å velje representant(ar) etter behov.
Vedtak: Alle forslag einstemmig godkjent.
Informasjon
om badebasseng:
Bassengnemnda v/Frank Hatlø informerte om status for badebassenget. Det opprinnelege
firmaet som skulle levere sandwich-materialet har
gått konkurs. I nov-10 var det planar om å
starte opp eit nytt selskap i Polen, med nye eigarar og same patent. I jan/febr-11 fekk
vi svar
om at det ikkje var mogeleg
å få i gang produksjonen igjen. Ein har forsøkt å
finne
tilsvarande materiale utan
resultat. Utenlandske leverandører oppfyller ikkje dei norske
krava. Frank har sett på alternative måtar: rammeverk
av stål, med isolering og plastplater
rundt. Han skal i møte med kulturavdelinga i fylkeskommunen i april-11 om saka,
der vi
håpar at endringane kan godkjennast.
Møtet heva kl. 18.55.
Kari Helen Blikås, sign. Bill Steinsvik, sign. Frank Hatlø, sign.
- referent - repr. - repr.