Årsmelding for Værlandet Vel 2010

 

Dette året har det vore 1 årsmøte og 6 styremøter. I tillegg har styret hatt møter ilag med representantar frå styret i Bulandet Grendalag bl.a i forbindelse med Nordsjøporthelga 2010 og felles brev til Fjord1.

 

Saker som styret har arbeidd med siste året:

 

ü     Nordsjøporthelga 2010.

 

ü     Renovering og oppgradering ved Værlandet Gjesteheim. Dette gjeld det utvendige sanitæranlegget og inndeling av 3 gjesterom i sovesalen.

 

ü     Prosjektet «Rydding i Kystarven».

 

ü     Uttalar til kommunen sitt arbeid med kommuneplanen.

 

ü     Infotavle på gangvegen i Værøyhavna.

 

ü     Engelbua Museum. Det er spikra ny uteplatting ved inngongen. Musèet hadde kafè på Nordsjøporthelga, og ope nokre dagar i turistsesongen. Ruth Bakke har leigd bua i forbindelse med guiding av turistar.

 

ü     Brev til kommunen om behov for snarleg opprusting av vegen på/over Leite.

 

ü     Mobil scene. Værlandet Vel har kjøpt seg andel i ei scene som kan flyttast rundt om kring i kommunen etter behov. Brukte pengar frå overskot av Nordsjøporthelga.

 

ü     Innspel om ny rasteplass ved krysset Værøyhavna/Landøyna.

 

ü     Brev til Fjord1 angåande omdisponeringar som skjer ved svikt i ferjemateriellet. Dvs at ferja vår vert erstatta med skyssbåt pga at strekninga Askvoll-Atløy ser ut til å ha høgare prioritet.

 

ü     Julegrankveiking i Parken ved Værlandet Gjesteheim. Denne gongen var det i kombinasjon med Nissemarsjen.

 

ü     Stiftelsen Norsk Sjøfuglsenter. Værlandet Vel er medstiftar, og er representert i dette nye styret. Audun Oddekalv er styremedlem og Arnt Henning Blom er 1.vara til styret for Stiftelsen Norsk Sjøfuglsenter.

 

ü     Spørjeundersøkelse om den nye legevaktordninga, og svar til legesenteret i Askvoll. Konklusjonen var at folk ynskjer attende den gamle ordninga. Lang reisetid Værlandet-Førde, og ikkje minst tilfeldige transportordningar att og fram, er nokre grunnar til at folk syns terskelen for å ta kontakt med legevakta utanom opningstidene til Askvoll legesenter er vorten mykje høgare enn før!