ÅRSMØTE I VÆRLANDET VEL

sundag 20.02.11 kl 1630 i Værlandet Gjesteheim

 

 

 

REFERAT:

 

Årsmøtet hadde 8 deltakarar.

 

Leiar Audun Oddekalv ynskte velkommen, og vi starta møtet med å minnast dei avdøydde det siste året med eit minutts stillheit.

 

Møteinnkalling vart godkjent. Audun Oddekalv fortsette å leie møtet, og Elin Blom Vesterås refererte møtet.

 

Sak 1. Årsmeldingar:

 

-       Audun Oddekalv las opp årsmeldinga frå styret.

-       Magni Blom las opp årsmeldinga frå Museumsnemnda

 

Begge årsmeldingane vart samrøystes godkjende.

 

Sak 2. Rekneskap:

 

-       Reidun Norheim la fram Værlandet Gjesteheim sitt rekneskap, styret i Værlandet Vel sitt rekneskap og refererte frå kontoen til Peder Hansen sitt gravminne.

-       Magni Blom la fram Museumsnemnda sitt rekneskap

-       Sølvi Blom la fram Bygdetunet sitt rekneskap

 

Når det gjeld rekneskapet til Værlandet Gjesteheim, er dette sendt til årsavsluttning ved Askvoll Rekneskapskontor, som sender rapport til ALTIN.

 

Alle rekneskapa vart godkjende, men med atterhald om godkjenning av revisor.

 

Sak 3. Val:

 

Då valnemnda ikkje kunne møte, var det nestleiar Arnt Henning Blom som la fram valnemnda sitt framlegg til nytt styre i Værlandet Vel og medlemmar i dei ulike nemndene.

 

Framlegga vart samrøystes godkjende.

 

Sak 4. Investeringar og meir låneopptak Værlandet Gjesteheim

 

Værlandet Gjesteheim har i 2010 gjort ein del investeringar i forbindelse med nødvendige utbetringar av det utvendige sanitæranlegget. Denne kostnaden har Værlandet Vel dekka. I tillegg til at det skal leggast nytt golvbelegg og gjerast litt malearbeid på desse toaletta, held Værlandet Vel på med ei oppgradering av sovesalen. Arbeidet med å dele av sovesalen til 3 gjesterom er starta opp denne vinteren.

 

Styret i Værlandet Vel har hatt tett samarbeid med leigetakar Værlandet Gjestehavn (tidl. Værlandet Båt) i planlegginga av desse utbetringane. Desse investeringane vert gjort for å gjere Værlandet Gjesteheim endå meir attraktiv/eigna for framtidig utleigedrift. Verdien på bygget vert auka ved dei investeringane som vert gjort no, i tillegg til anna oppgradering som har vore gjort  i åra etter at Værlandet Vel tok over «gamleskulen» i 2004.

 

Det må takast opp meir lån for å få gjort ferdig sanitæranlegget og dei planlagde nye gjesteromma. Værlandet Vel har fått pris på materialer og snikkararbeid, og ventar bl.a på pristilbod på elektrikerarbeid. Det er difor enno usikkert kva totalkostnaden inkl. elektrikerarbeid og div. malerarbeid vert.

 

Årmøtet meinte at styret må ha ei viss økonomisk ramme for å dekke kostnaden med investeringane, og gav styret i Værlandet Vel fullmakt til å utvide lånet med:

 

            inntil kr 200000,-

 

Styret må lage til ei kostnadsoversikt når alle prisar er henta inn, for so å søkje om utviding av lånet. Det må òg lagast til ein intensjonsavtale med Værlandet Gjestehavn når det gjeld framtidig leigeavtale som skal dekke dei auka faste utgiftene til Værlandet Vel/Værlandet Gjesteheim.

 

Sak 5. Orientering om Kystarven og stiftinga Norsk Sjøfuglsenter

 

Kystarven:

Prosjektmedarbeidar Linda Landøy kunne ikkje vere med på årsmøtet, so Audun Oddekalv fortalde om arbeidet i Kystarven.

Det har siste året vorte rydda vekk masse boss i fjærene i Sørværet og litt på sørsida av Bulandet. Ryddinga har bl.a. vorte utført av skuleelevar og private. Utbetaling pr storsekk var kr 1000,-.

Det kjem inn ein del midlar til rydding inneverande år òg. Årsmøtet såg at informasjonen om dette tiltaket kanskje ikkje kom godt nok fram i fjor, og styret prøver å gjere dette på ein betre måte i år.

 

Arbeidet framover i Kystarven vert bl.a:

 

-       rydding i fjærene

-       arbeide med nye og gamle turstiar i Kystarvområdet

-       skilting av turstiar, både i «stiane» og ved hovudvegane

-       rasteplassar

-       kartprosjekt

-       lage til utkikspunkt med kikkert mot Austneset (ved Børekletten)

 

Det planlagde arbeidet er samarbeid Kystarven/Idrettslaget/Værlandet Vel.

 

Norsk Sjøfugsenter:

Værlandet Vel er medstiftar i stiftinga Norsk Sjøfuglsenter. Audun Oddekalv er medlem i styret for stiftinga, og Arnt Henning Blom er 1.vara til styret.

Audun Oddekalv orienterte om arbeidet som stiftinga skal gjere i forbindelse med infosenteret Norsk Sjøfuglsenter i Værøyhavna.

I løpet av mars skal det avgjerast kva firma som får oppdraget med å bygge opp Sjøfuglsenteret, som skal stå ferdig i mars 2012.

 

Møtet slutt kl 1830

 

 

Skrivar Elin Blom Vesterås