Protokoll frå årsmøte i Bulandet idrettslag (BIL) den 29.03.12.

 

Møtet starta kl. 17.30 på Bulandet skule.  Det møtte 9 personar inkl. 5 frå styret.

 

Sak 1. Godkjenning av stemmerett.

            Vedtak: 9 personar med stemmerett godkjent.

 

Sak 2. Godkjenning av innkalling og saksliste.

            Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.

 

Sak 3. Val av dirigent, sekretær og to representantar til å underskrive protokollen.

            Vedtak: dirigent: William Rogne, sekretær: Kari Helen Blikås, underskrive protokoll:

            Marianne Hillersøy og Bill Steinsvik.

 

Sak 4. Årsmelding for 2011.

            Gjennomgang av årsmelding v/nestleiar.

            Vedtak: Årsmelding for 2011 godkjent med mindre endringar.

 

Sak 5. Rekneskap for 2011 i revidert stand

            Gjennomgang av rekneskapet v/kasserar.

            BIL har ein bra økonomi.  Må ha auka fokus på innbetaling av medlemskontingent for born          og vaksne som nyttar BIL sine tilbod.

            Vedtak: Rekneskap for 2011 med revisormelding godkjent. 

 

Sak 6. Innkomne forslag og saker.

            Det kom ingen saker til styret innan fristen.

            Styret ønskjer å ha tilbod om Zumba trening ein gong pr. veke i regi av BIL. Marianne        Hillersøy har sagt ja til vere gruppeleiar og leie treningsøktene, noko styret set stor pris på. Det har tidlegare vore drive i privat regi,   men er eit tilbod som passar godt i eit idrettslag.

            Behov for utstyr til Zumba trening skal meldast inn til styret v/kasserar, som evt. kan søkje        om oppstart/driftsmidlar til dette.

 

            Vedtak:  BIL vil frå 2012 ha tilbod om Zumba trening til sine medlemmar.

            Gruppeleiar: Marianne Hillersøy.

 

Sak 7. Fastsette medlemskontingent.

            Styret la fram forslag om uendra medlemskontingent, med følgjande inndeling:

·       Born under 18 år (aktiv)                         kr. 100,-

·       Einsleg over 18 år (aktiv)                       kr. 150,-

·       Familiekontingent (utan aktive vaksne) kr. 150,-

·       Familiekontingent (med aktive vaksne) kr. 250,-

·       Støttemedlem (ikkje aktiv)                     kr. 100,-

 

            Vedtak: Forslag til medlemskontingent for 2012 godkjent.

 

Sak 8. Budsjett for 2011.

            Gjennomgang av forslag til budsjett v/kasserar.

            Vi må pårekne del utgifter til transportkostnadene og klargjering av bana for brukt kunstgras        dekke. Vidare til fotballgruppe satse på å delta i fotballturnering med eit eller to lag i løpet av året.

BIL vil arrangere Jonsok Cup i 2012 også, forslag: laurdag 30.juni. Styret foreslår startkontingent pr. lag, i tillegg til ein mindre inngangsbillett for andre.

           

 

            Vedtak: Forslag til budsjett for 2011 godkjent med mindre endringar.

 

Sak 9. Idrettslaget sin organisasjonsplan.

            Organisasjonsplanen med endringar vart godkjent på årsmøtet 2010. Det har ikkje vore behov for endringar etterpå.

            Vedtak: Organisasjonsplanen til BIL godkjent.

 

 

Sak 10. Val av:

            a) Styre (jf. organisasjonsplan)

            b) 2 revisorar

            c) Valkomite med leiar, to medlemmar og eit varamedlem til neste årsmøte.

            d) Representant(ar) til ting og møte i organisasjonar som idrettslaget er tilslutta.

 

            Valkomite v/leiar Oddlaug Norstrand la fram forslag til kandidatar.

            I styret er det leiar, kasserar, styremedlem og 1. vara som står på val i år.

 

            Forslag styre:

            Leiar:              Eivind Norstrand                   (på val kvart år)

            Nestleiar:        William Rogne                      (på val i år med oddetal)

            Sekretær:        Kari Helen Blikås                  (på val i år med oddetal)

            Kasserar:        Synnøve Melvær                    (på val i år med partal)

            Styremedlem: Bill Steinsvik                         (på val i år med partal)

            1. vara:           Randi Fedøy Norheim           (på val kvart år)

                       

            Forslag revisorar:    Kurt Rutledal

                                               Ruben Fedøy

 

            Forslag valkomite:   Oddlaug Norstrand (leiar)

                                               Sigbjørn Halsøy

                                               Anne Marie Graarud

                                               Marianne Hillersøy (1.vara)

           

            Forslag representanter til ting og møte:

            Styret får fullmakt til å velje representant(ar) til ting og møte ved behov.

 

            Vedtak: Alle forslag samrøystes godkjent.

 

           

           

            Møtet heva kl. 18.45.

 

                                              

           

            Kari Helen Blikås, sign.        Bill Steinsvik, sign.               Marianne Hillersøy, sign.

            - sekretær                               - repr.                                     - repr.