ÅRSMØTE I BULANDET UNGDOMSLAG

03.04.2012

Møteleiar:                                                            Levi Rogne

Sekretær:                                                              William Rogne

2 til å underskrive protokoll:                            Randi Fedøy og Daniel Fedøy

18 frammøtte, alle med stemmerett.

SAK 1) Den framtidige drifta av ungdomslaget. Nøkkelspørsmål å tå stilling til: Skal laget framleis primært vere aktivt om sommaren og arrangere dans med innleigd band, eller skal ein ta sikte på å flytte aktiviteten til skuleferiane ellers i året og i helgane om hausten, vinteren og våren. Er det aktuelt å fusjonere med Værlandet Ungdomslag? Er det realistisk at ungdomslaget skal klare å halde ungdomshuset ved like med den tendensen som har vist seg i driftsresultatet av laget dei seinare åra?

SAK 2) Val av nytt styre.

Noverande styre:

Leiar:                        Levi Rogne

Nestleiar:                 Sofie Fedøy

Kasserar:                  Fred Otto Norheim

Sekretær:                 William Rogne

Styremedlem:         Øystein Fedøy, Hugrun Fedøy og Eivind Nordstrand

På val: Leiar, nestleiar og kasserar.

Nytt styre:

Leiar:                         Magni Tysse Rogne

Nestleiar:                 Even Norheim

Kasserar:                  Ragnhild Strømsnes Nordstrand  

Sekretær:                 William Rogne

Styremedlem:         Hugrun Fedøy

Alle nye styremedlem einstemmig valde. 

Vedtak: Nedsatt styre er midlertidig fram til nytt, ekstraordinært medlemsmøte tidleg på hausten seinare i år. Den nye styresamansetninga med 5 styremedlem er godkjend av årsmøtet fram til dette møtet. Det blir opp til det nye styret å bestemme om, og eventuelt kor mange, det skal arrangerast dansar sommaren 2012. Det vil bli teke stilling på ved første møte så snart som mogleg etter årsmøtet. I høve til alternativet samanslåing av laga i ulandet og Værlandet, blei årsmøtet einige om at følgjande var eit betre alternativ: Å leggje ned ulandet Ungdomslag slik at kvart enkelt medlem kan melde seg inn i Værlandet Ungdomslag. Viktige oppgåver årsmøtet har pålagt det midlertidige ungdomslagsstyret er følgjande:

- Vurdere alternative bruksområder til ungdomshuset.

- Vere mykje flinkare til å trekkje ungdommen med både som rådgjevarar og aktivt engasjerte i organisasjonen. Kva skal til og korleis bør laget drivast for at ungdom mellom 15 og 18 skal involvere seg i styre og stell og delta på arrangement? Kva saknar ungdommen i dei 2 bygdene?

- Innhente tal på kva det vil koste å utføre umiddelbart naudsynte reparasjonar på huset. Desse vil vere reparasjon på tak (fleire ulike alternativ), skifting av vindauge og delvis skifting av kledning.

- Gå i dialog med meklar for å få satt takst på huset, rådgjeving om korleis vi skal gå fram ved eventuelt sal for å få huset synleg på markedet og generere interesse hos eventuelle kjøparar. Ved sal, kan styret i samråd med medlemsmassen avgjere å donere vekk heile, eller delar av, salssummen til prosjekt ein meiner er positive og gagnar bygda, til dømes bassenget og ballbingeprosjektet til Bulandet Idrettslag.

- Gå i dialog med styret i temaparken for å finne ut kva dei ser som ei høveleg løysing dersom ungdomslaget skulle beslutte å kvitte seg med huset. Fins det andre fasilitetar i Bulandet som kan huse og syne fram same utstillinga like godt?

- Ruben Fedøy har sagt seg villig til å sluttføre årsrekneskapet for 2011. Takk snille Ruben!

INNSENDE SAKSFORSLAG FRÅ MEDLEMMAR:

SAK 1) Flytte styremøtet som pleier å vere umiddelbart etter årsmøtet til før nyttår, slik at styre som står på val, heller enn nytt styre, får ansvar for å skaffe spelefolk, lage vaktlister, setje aldersgrenser etc til arrangement påfølgjande sommar.

SAK 2) Dersom medlemmar i laget har innvendingar som av ulike grunnar ikkje kan takast opp på årsmøtet, SKAL desse takast opp med formann på tomannshand. Er ikkje formann tilgjengeleg, er det nestformann som skal kontaktast. Deretter må styret få tid på seg til å samlast, eventuelt kalle inn medlemmane i laget dersom er av omfattande karakter, og fatte nye vedtak slik styret tykkjer det høver seg.

SAK 3) Fastsetjing av aldersgrense på ulike arrangement, i spesielt i høve til alkoholservering, skal kun avgjerast på årsmøtet heretter. Eventuelt ekstraordinært årsmøte dersom beslutningane fatta på det ordinære møtet skulle vise seg upopulære hos så mange at det ikkje kan ignorerast.

SAK 4) Bulandet og Værlandet Ungdomslag har eitt felles styremøte for året.

Vedtak: årsmøtet og midlertidig styre støttar alle desse sakene førebels. Ved neste medlemsmøte til hausten vil dei bli omformulerte og reviderte for eventuell ny godkjenning.

 

 

William Rogne, sign.              Daniel Fedøy, sign.                   Randi Fedøy, sign.

   -møtereferent                        -representant                             -representant