Styremøte
Bulandet Grendalag 10.03.12
Møtestad: Hos Frank. Tid: 15:00 - 17:00
Deltakarar: Frank Hatlø, Daniel Fedøy, Bill Steinsvik, Hugrún Birna Kristjánsdóttir Fedøy, Jardar Melvær, Sigbjørn Halsøy.
Frå Valnemnda: Eva Solum og Øyvind Thistel
Sak 1. Årsmøte
og val av nytt styre i 2012
Årsmøtet blir halde torsdag 29. Mars klokka 18:00 på skulen. Styret møter klokka 17:00.
Bill var representant frå kommunestyret i Grendalaget førre periode, men er no ute. Jardar har teke over for han.
Dei som er på val i år er: Leiar, Styremedlem, 1. vara medlem og revisorar. I tillegg må det velgast ny 3. vara sidan Jardar no er fast medlem. Valnemnda jobbar med å finne nye styremedlemmer.
Sekretæren har til no vore ansatt og fått betalt frå kommunen. Denne ordninga er no endra frå kommunen. No får Grendalaget ein fast sum kvart år når årsmelding og årsmøte referat er innsendt.
Grendalagets vedtekter bør difor endrast slik at sekretær står på val slik som resten av styret.
Sak 2. Basseng.
Det skal være anbods befaring på bassenget i nærmaste framtid. Viss det kjem inn anbod som er innafor kostnads ramma er det framleis mogeleg att bassenget kan verte realisert. Vi får behalde stønadspengane sjølv om huset no vert bygd i betong.
Det vil også bli undersøkt om det er mogeleg å få støtte frå private firma innan offshore.
Sak 3. Asfaltering av vegar.
Styret meinar at Grendalaget må jobbe mot kommunen for å få asfalt på vegen ved skulen. Grusen som blir lagt på vegen blir borte kort tid etter at den er lagt. Det er djupe hol i vegen som kan skade køyretøy som nyttar vegen.
Grendalaget bør også, i samarbeid med Værlandet, jobbe for å få utbetra den kommunale delen av vegen på Værlandet.
Sak 4.
Straumkabel
I dag har vi berre ein enkel straumkabel som forsyner øyane. Viss denne kabelen ryk kan vi verte utan straum i lange periodar. Det er i dag vanleg å ha dobbel kabel slik at det finnast alternativ straumforsyning viss ein kabel ryk. Styret ynskjer å ta dette opp med kraftlaget.
Sak 5. Rydding
i fjæra
Rydding i fjæra igjennom prosjektet Kystarven held fram som eit prøveprosjekt ut 2012. Dei som er interesserte i å rydde plastikk i fjæra mot betaling må fylle ut eit skjema som dei kan få av Grendalaget eller av Linda Landøy. Søppelet må plukkast i storsekker og plasserast i Soknavågen eller ”attonde hammaren” ved allmennings kaia i Landøyna for avhenting. Storsekkar kan hentast på Garnmonteringa på Værlandet. Ein full storsekk med plastikk vert betalt med kr 1000,-. Området som er rydda må merkast på kart og det er fint viss ein har eit før og etter bilde. Visst det er mange som er flinke til å plukke søppel er det håp om at dette kan verte ei permanent ordning når prøvetida er ute. Kontakt Linda Landøy for meir informasjon om dette.
Sak 6. Benkar og bord i badefjæra
Grendalaget eig nokre benkar og bord som står i badefjære i Gjørøyna. Desse må vedlikehaldas med beis eller olje. Grendalaget må finne nokon som kan ta seg av dette.
Sak 7. Atløysamband
Styret meiner at Grendalaget bør engasjerer seg og gi støtte til Atløy for å få realisert Atløysambandet. Dette er eit viktig prosjekt, også for oss her ute for å gjere våre kommunikasjonar betre.
Sak 12. Eventuelt
· Vi ser no at tidene forandra seg og at lokale arbeidsplassar innan fiskeri forsvinn. Vi vil oppfordre alle til å prøve å være kreative å tenke over kva vi kan leve av i framtida. Turisme er bra for å oppretthalde kommunikasjonar og skape aktivitet, men det gir forholdsvis lite inntekter til bygda. Vi treng også anna næringsliv innan fiske eller industri for å overleve her ute.