av
Rolv Landøy
Gode festlyd!
Ivar Medaas syng
om ”kjære Bruvik”, ein protestsong mot ny bru.
Her kjem ein
protestsong mot protestsongen.
No kan
fergefolket sleppe mykje mareritt og gru,
for på Værlandet
kan ferga no få snu.
Det er årets
store clu,
at no er det
laga bru
over fleire sund
med sjø og rennesu.
Folket her i
vest, dei sa ifrå så alle måtte tru:
”Det er her, og
berre her at vi vil bu!
Derfor treng vi,
her og nu,
både køyreveg og
bru,
så vi slepp å
slingre mellom skjær og flu!” Huttetu!
Dei som bygde
denne vegen har vi teke til vårt bryst.
Dei har jobba
hardt så lenge det var lyst.
Dei har hatt ein
real dyst.
Hei hurra for
deira lyst:
Byggja bruer
langs vår skjæromkranste kyst!
No kan vi – som
barn av eit ekte gjennombarket folkeferd –
tola både regn
og rok og ruskevær!
Og for fødande i
kø
vert det mindre
stampesjø,
om det stormar
ifrå nordvest eller sø’.
Når vi no har
fått oss bruer, blir det veldig lett å gå
burt til naboen
og sjå – og helse på.
På den andre øya
bur
ein brukande
brudgom eller ei brur.
For å sjekke
det, so må du ta ein tur!
Ta ein
kjærleikstur på Alden der han kneisar høg og svær!
Heldt ein maidag
med varmt og vårleg vær!
Blir du heit og
yr og vill,
så er Alde-risen
snill.
Han kan dra ned
skodde-hatten med eit smil!
Dei har ordna
gamle ”Bruvik”, og sett motoren istand,
så no krek han
seg forsiktig fram med land.
At dei kan, dei
kan, dei kan.
At dei orkar da
dar sør i Nordhordland.
Lat dei berre
fiksa gamle rustne holkar med dei kan.
Vi vil heller
køyre trygt over land!
Over land, over
strand, vi skal reise over land!
Vi skal køyre så
trygt som det gå an! Alle mann!!
Mange hundre
millionar år det tok og få istand
det som no er
blitt vårt dyre fedreland.
Og då isen
smelta vekk
veidemannen kom
og fekk
både ”fogl” og
fisk i ”påse” og i sekk!
No skal vi få
råde grunnen her ei ganske lita tid.
Vi skal trivast
her i fred og harmoni.
Veg og bruer har
vi fått,
og det målet som
er ”nått”
det er frukt av
alt som før har foregått!
Det å byggja
fine bruer, er ein kunst som er så stor
at den burde
kallast ”alle kunsters mor”.
Denne kunsten
gjer oss gla’,
den er også god
å ha
når vi rundt
omkring på øyane skal dra.
Og med gode
kommunikasjonar
blir det meire
nærkontakt,
så vi snart har
same tone og takt!
No er alle mann
på vakt,
for ny framgang og meir makt.
-Ikkje gløym å fylje med i neste akt!