Bulandet fekk uventa besøk på 1700-tallet
I 1710 vart den hollandske skuta "Jomfru Sara"
kapra av franske sjørøvarar
då ho var på veg heim frå Arkangelsk i Russland med
last. Det franske krigsskipet
tok dei fleste av hollendarane til fange. Men to
hollendarar vart att ombord saman
med eit prisemannskap, som skulle sigle "Jomfru
Sara" til Frankrike.
Utanfor
Bulandet kom "Jomfru Sara" opp i storm og havsnaud, og alle ombord
gjekk
i livbåtane. Dei berga seg inn til Bulandet veslejulaftan 1710. Skipet vart
liggjande
og drive i havet.
Då sjøen stilna, reiste tre båtar ut frå Bulandet, entra "Jomfru
Sara" og lasta robåtane
til ripa med varer. I dagane som fylgde vart skuta taua inn til Bulandet. Folk
strøymde
til for å forsyne seg av rikdomen. Ein sundag var det så folketomt i
Vilnes-kyrkja at
presten måtte kunngjere messefall "Formedelst et strandet skip udi
Bue".
Også futen på Svanøy var med og forsynte seg av varer frå det hollandske
skipet, som
seinare vart ført tilbake til dei rette eigarane i Nederland. Men då var skuta grundig ribba!
I 1781 la eit fransk kaperskip
frå Dunkerque seg for anker i Bulandet. Kapteinen reiste
til Bergen i eit ærend, medan mannskapet stelte til mykje vald og spetakkel i
Bulandet.
Mellom anna hadde dei truga gjestgjevaren i Bulandet, Per Abrahamsson, med kniv
dersom han ikkje skjenkte gratis øl og brennevin. Hos Knut Nikøy hadde dei
skote tre
sauer, og hos Olav i Gjelsa hadde dei skamskote ei ku med blyhagl.
Same kaperskipet herja også hardt på Husøy i Solund året etter