
Fylkesveg
365 Værlandet - Bulandet
3. juli 2001 vart
fyrste salven skoten på nyevegen. Det var Brødrene Herland som byrja arbeidet i
Myrvågen på Værlandet. Dei jobba med vegen der utover hausten.
I januar 2002, byrja
Vassbakk & Stol arbeidet med å grava på Bulandssida. Dei byrja med å grava
på Langøyna. Etterpå jobba dei på Brattholmen og frå Gjørøy og innover. Kruse
Betong starta
arbeidet med å forskala og støype brukara.
27. september kom
nokre av bruene på lekter saman med ein krane frå Uglen.
29.september kom
fyrste brua på plass. Det var brua over Brattholmsundet. Dagen etter kom brua
over Langøysundet opp. 1. oktober prøvde dei å få på plass eine brudelen over
Olsundet på
Brattholmsida, men mislukkast etter fleire forsøk.
25.april fekk dei
endelig på plass brudelen ved Brattholmen. Dagen etter kom brudelen til
Olsundbrua
ved Langøyna på plass.
18.juni kom Uglen
tilbake med kranen sin, og 20.juni fekk dei på bruendane over Indre
Melværsundet.
Dagen etter kom Eidelift med kranen sin
og 22.juni fekk dei to kranane i fellesskap opp bruendane over
Ytre Melværsundet. Dagen etter kom dei to midtstykka opp. 24. fekk dei ferdig
Indre Melværsundbrua.
26.juni kunne dei
endelig prøva på det tyngste løftet. Då skulle midtstykket på Olsundbrua opp. I
strålande
sol og med masse småbåtar på plass, fekk dei på plass det 700 tonn tunge
løftet.
13.oktober støypte
dei siste delen av dekket på Indre Melværsundbrua, og byrja å asfaltera på
Melvær.
19. byrjar dei asfaltera i Gjørøyna. 10.november byrjar dei å setja opp
rekkverk langs vegen.
16.desember gjekk
ferja siste turen i Bulandet, og dagen etter gjekk Høydalsfjord sin siste tur,
samtidig
som nyevegen vart opna med stor fest i Gjørøyna. Ei ny tid har byrja.