Det var
sildefisket som gjorde at det frå 1740 vart oppretta
handelsstad og
gjestgiveri på Kjempenes i Bulandet.
Fram til då hadde handelsmannen i Korssund forsynt fiskarane ute
i øyane med mat og utstyr. No fekk det nye gjestgiveriet
på Kjempenes
også skjenkerett for øl og brennevin.
Den første privilegerte kremmaren var Jan Andersen Luth. Svigersonen
Didrich Ellertsen overtok i 1766, og hans son Jan
Ellertsen frå 1786.
Den siste busette seg i Bergen og let ein
"gesell" bestyre på Kjempenes.
Kring 1800 hadde gesellen 6 personar i teneste.
Morten Gørbitz eigde Kjempenes frå 1811 til 1824. Etter han overtok
Madame Epcom. I 1834 kjøpte Per Rosendahl handelsstaden og
dreiv den
til 1852. Både våninghus og og eit sjøhus frå gamal tid er
teke vare på,
men er mykje ombygde. Berre drengestova er bevart slik den
var.
Under dei store sildeåra midt på 1800-talet dreiv Bergens-kjøpmannen
Hermann von Tangen stort fiskemottak på Kjempenes. Her ute
i øyane
tedde kjøpmennene seg som "nordnorske"
væreigarar, og bygsla ut rettar
til andre som ville drive næring - dersom dei fann det for
godt å dele slike
gode med nokon.