Presentasjon av Bulandet.
Langt ut mot vest, her havet storfeldt bryt.
Der mange holmar, øyar opp seg skyt.
Og om du tel dei viI du få til svar,
At talet er som året dagar har.
Slik er Bulandet skildra i Bulandssongen. Om det er 365 øyar holmar og skjer?
Det skal vere usagt. I aIle høve er det mange.
Den spesielle bergarten ein finn her består av lausmassar som brear og elver
har ført med seg og som for 340 millionar år sidan vart støypt saman til det
ein i dag kallar konglomerat. (Devonperioden)
Fjellet er etter kvart vorte dekka av jord fra fuglar og rotnande planter.
Vi finn ikkje her steinar og grus strødd kring i landskapet,
noko som er vanleg der isen fra siste istid har lege.
Kan dette tyde pa at isen ikkje låg så langt ut som hit?
Faunaen er typisk kystfauna. Prega av milde vintrar og kjølege somrar.
Stort sett den same som vi finn langs heile Vestlandet, med kystlynghei som
den dominerande.
Men her finns og spesielle sorter som berre veks på få andre plasser enn Bulandet.
Som til dømes Blåstjerne, eller Scilla Verna som den heiter på latin.
Den skal vere ein innvandrar fra dei britiske øyar.
Dyrelivet er tradisjonelt dyr som finn sin nærering frå havet. Oter, kobbe og liknande.
Dyr som er komne til i seinare tid er mink som er innførd fra Amerika for
pelsen si skuld og som er rømt fra pelsfarmar.
Minken har nok ein del av ansvaret for at fuglekoloniar som tidlegare hekka her er borte.
Så har vi ein nykommer, Hjort, som har spreidd seg fra fastlandet.
Fra førhistorisk tid veit vi lite. Ymse funn tyder pa at steinalderfolk har vitja
øyane, men spor av fast busetnad fra den tida fins ikkje.
Det første vi veit om busetnad her, er fra sist pa åttehundretalet.
I den islandske ættesaga, "Egilsoga" står det at:
"Egil sigle da ut til nokre øyar vest for Alden, som heitte Vitar.
Her budde det fiskarfolk."
Om dette var frie folk eller trellar som vart sette ut her for a hauste av det
naturen hadde å gje, det veit vi ikkje.
Men at slike fiskevær hadde stor verdi for dei som åtte det, det veit vi fra seinare tid.
Godseigaren, eller væreigaren, som det heitte her, hadde rett til all handel med
fisk og til drivgods som dreiv i land, samt sanking av egg og dun.
I den tida ein nytta årer og segl, var størstedelen av busetnaden på dei ytterste
øyane. Dette for å komme så nær til fiskefeltet som råd.
Om Bulandet er ein utkant i Noreg, så er det og har vore, ope mot den store verda.
Sjøen har alltid vore vegen hit. I gamle dagar, som i dag, førde den ikkje berre langs
kysten, men og tvers over havet til Shetland, Orknøyane og til alle landa rundt Nordsjøen.
Russiske og finske jekter på veg til Arkangelsk og andre byar i nord, der isen var ei
hindring for skipsfarten, overvintra ofte på slike stader som Bulandet.
At dei heller ikkje var redde for å krysse havet, vitnar historia om jenta som vart
gift på Shetland om.
Da far og mor hennar fekk bod om at dei var vortne besteforeldre, koka dei
barnsengsmat (rømmegraut) og sigle i open båt til Shetland.
Og så seier historia, at så fort gjekk det at då dei kom fram, var grauten enno varm.
Om bulenningane kanskje stammar fra trelar som i farne tider vart sette ut her,
er ikkje så godt å seie, men vi veit at friskt og enno til blått blod er blanda
inn i dei fleste.
Det vert fortalt om ei dansk jente, Sille, som tente hos son til kong Christian den 5.
Ulrik Christian Gyldenløve. Ho vart elskarinna hans og fekk eit barn med han.
Baronen fekk ein norsk soldat, Engel, til å ta på seg farskapen til dottera Dorte.
For dette fekk han godt betalt, men han reiste heim til Bulandet utan henne.
Ho var ikkje snauare enn at ho reiste etter og Engel måtte gifte seg med henne.
Dei budde på Dalsneset og ein del bulenningar slektar fra barondottera Dorte.
Kanskje kan dei pryde seg med etternamnet Gyldenløve.
No som før er det fiskeriet som er den dominerande næring i Bulandet.
På det meste etter krigen var her 8 fiskemottak og sildesalteri der arbeidskrafta kom
frå bygdene kringom.
Om vinteren når silda seig inn, var her eit yrande liv.
Hundrevis av batar kunne ligge kring landet og lysa fra fiskeflåten minna ofte
om ein storby.
Etter kvart som fisket endra seg, og batane vart større og fiska på fjerne farvatn,
endra også Bulandet seg.
Etter kvart greidde ein også her å fylje med tida og Bulandet har i dag ein moderne
fiskeflåte sam gjev inntekter til eit samfunn i vekst.
Andre næringar i vekst kan nemnast, fiskeoppdrett og reiseliv.
Under krigen var Bulandet utgangspunkt for trafikken over Nordsjøen til
Shetland og England.
Folk pa røming fra okkupasjonsmakta hadde ofte øyane her som utgangspunkt for reisa
over til Shetland, og våpen og agentar kom i retur.
Mange vart tekne og sat fleire år i tyske fangeleirar. Nokre kom aldri heim att.
Bulandet har eigen skule. Første til tiande klasse, Barnehage, forsamlingshus,
bank, post, landhandel og etter måten godt samband med omverda.
Alt det som skal til for at eit samfunn skal fungere.
Her er og kyrkje og gravplass. Gravplassen er kome til i seinare år.
Før måtte
ein i båt til Værlandet, og før den tid, (1939) måtte ein over fjorden til
Vilnes i
gravferd.