EIT ALDRI SÅ LITE REFERAT FRÅ VEGFESTIVALHELGA VÅR 2.-4. JULI

 

Fredag 2. juli.

Fredag vart helga høgtideleg opna av Ordførar Steinsland under revyen:Nordsjøporten " Ein GUIDA TUR".
180 personar benka seg i Bulandet ungdomshus og var eit strålande publikum under den 90 min. lange revyen.

Her vart dei fleste problem tekne opp og meir eller mindre løyste. Alt frå løgndetektortest av palekarane til besøk
av sjølvaste paven frå vatikane, ein lokal geisteleg ( Såkalla skrytepave) var og på plass.
Vegvesenet, rallarkarane og bygdefolket , ja sågar eit par finnar var og livlege innslag. 

Jardar Melvær var den lokale guiden og losa alle trygt igjennom revyen.
Det er bilete å finne både av guiden og paven som vart spela av sjølvaste Webansvarleg.

Etter Revyen varta Nordsjøkroa opp med Pubkveld med levande musikk av Pub-mix. Eit flott arrangement.

Laurdag 3.juli.

Laurdag starta dagen i Bulandet med regn og gråver, Dei fleste som skulle vere ute og ha stend benka seg difor
inne i Fiskarheimen.
Her kunne ein finne det meste. Lokale og nasjonale kunstnarar selde alt frå kvernsteinsmykker til hekla grytekluter.
Her kunne ungane få male seg som tigrar og kreative born selde heimelaga lappar, natronkaker ,kaffi mm.
Fleire hundre menneske var innom fiskarheimen i løpet av dagen.

Heldigvis letta veret og det vart triveleg å vere ute. Redningskjøyta var på plass, Luftambulansen demonstrerte
hjartestartaren som vart høgtideleg overrekt til bygdefolket.
Her vart det seld fiskesupe, nysteikte fiskekaker , baccalao mm.
Her var stend med gardsmat, Landøy stein, røykjelaks og gassballongar.
Kultur og næringssjef Per- Arne Tveit var konfransier og heldt styringa på det meste.
Fiskekonkurransen vart vunnen av Even Norheim.

Kl. 17.00 forflytta vi oss til Værlandet der resten av festivalhelga fann stad.
Det starta med familiedans i Ungdomshuset.
Her fekk små og store utfolde seg både på dansegolvet og på scena. Det vart seld kaker og kaffi, pølser og brus.
Pub-Mix spelte både bæ-bæ lille lam og kaptein Sabeltann til stor begeistring frå små fans.

Om kvelden var det dans for dei vaksne. Her vart det seld kring 300 bill. Dansebussen frå Bulandet var som
vanleg full både inn og ut.
Nydeleg ver var det og.

Søndag 4. juli
Søndag starta dagen i parken ved skulehuset på Værlandet, her var det utegudstjeneste i praktfult ver
og i flotte omgjevnadar.
Presten var i strålande humør og snakka om misjon og mosjon. eller som han og sa  "Tru og trim".

Resten av dagen foregjekk på Værlandet der det var kafe i skulehuset, padling i Gåsevatnet arr. av Njord
og open gard hos Eva Landøy.
Eg vil slutte meg til presten som sa  "Pikatre for ein nådedag".

Ei fantastisk flott helg for både dei fastbuande og dei tilreisande. Litt av ideen bak denne helga var å få markedsført
desse nye bruene og dei to bygdene våre på ein fin måte.
No var ikkje avisene særleg interessert i oss, vi var nok lite attraktive i forhold til folkemusikkfestivalen i Førde,
men vi trur at dersom alle dei som var innom desse tre dagane fortel viare kor kjekt og fint vi har det her ute,
så er det marknadsføring betre enn noko anna.

Takk til alle som var med å laga ein flott vegfestival.


Helsing leiar i Bulandet Grendalag: Heidi Kjempenes