Forord: Ei historie skreve av  Oddbjørn Hillersøy og Jarle Håvard Nikøy
då dei gjekk på ungdomsskule. No er dei forlengst vaksne og har flaksa
ut av ”reiret”.
Teksten her er direkte avskrift av intervjuet desse to karane gjorde med
redningsmennene som bjerga båten ”Sulsfjord” med far og to søner
ombord.
Redninga foregjekk seg ein mørk kveld i høg sjø og snøkave, så det var
nok meir dramatisk en kva det høyrest ut i intervjuet
.


Intervju med Birger Nikøy, Olai Hillersøy og Magne Gjørøy om redninga av
båten ”Sulsfjord”.

Vi fekk i oppgåve frå ”Temaparken” å intervjue dei tre redningsmennene som
redda båten ”Sulsfjord” med mannskap.
Ein dag i april samlar vi dei tre i huset til Magne Gjørøy, der Liv Turid Gjørøy
dekkar opp med kaffi og kaker.
Vi "stablar” dei opp i sofaen, og begynner intervjuet.

- Kor kom dei i frå? (Sulsfjord)

- Båten kom i frå Trøndelag. Dei hadde nettopp kjøpt båten, og skulle heim til
Wales, var det ikkje det dei skulle? spør Olai.

Dei to andre mumlar bekreftande.

- Dei skulle gå ut her i frå Bulandet, held Olai fram, og dei gjekk opp på ei grunne
lenger ute, og så snudde dei og gjekk inn att fordi det var så dårleg ver.

- Kva skjedde med båten «Sulsfjord»?

- Han fekk motorstopp og heldt på å reke på land, mumlar Birger.

- Kva årstal skjedde dette i?

- Det var antakeleg i 1968-69.

- Korleis fekk de vet på at båten hadde fått motorstopp?

- Eg kom tilfeldigvis inn i stova og sette på radioen på fiskebølga.
Olai avbryt seg sjølv og seier: - Nei, naudbølga var det visst.
Eg høyrde at dei ropte, og at dei var her utafor. Samtidig høyrde eg at han sa;
”sixtyone eighteen” einogseksti atten. Det er her.
Så sa han: ”Veststeinen”, og det er ved Bremanger, men eg gjekk ut i frå at det
var her ute. Eg ringde til Theodor Sandøy, og sa at han måtte springe ut og sjå
om han såg nokre lys ute med Buesteinane. Han måtte vere frykteleg rask.
Theodor kom inn att og sa at han ikkje såg nokre lys ved Buesteinane.
Han la til at inn med Hellaneven var det lys, men kva det var, visste han ikkje.
Så ringde Dagmar, kona mi, til Birger og Magne om dei ville vere med, deretter
gjekk eg ned og sette i gong.
Dei kom og vi køyrde. Det var ikkje vind, men ein forferdeleg sjø.
Snøkave var det også, så lykta på Brattholmen var sløkt, eller det var snø på ho.

Magne og Birger mumlar nok ein gong bekreftande.

- Då vi var kommen nord for Hellaneven, såg vi eit lys. Det var han som låg der,
men det var vi ikkje klar over med det same.
Der låg vi og tulla ei stund, og til slutt gjekk vi bort og fekk eit rep i båten.
Det var han Magne som kasta tauet, og han snakka litt engelsk. Han har ikkje
snakka engelsk verken før eller sidan.

Magne humrar i bakgrunnen.

- Kva slags båt brukte de?

- Vi brukte ein kutter som heitte "Bueland”. Han var ca. 70 fot med 60 hk motor i.
Det var ein fiskebåt, og det var ein god sjøbåt.

- Korleis sto det til med folka om bord?

- Dei virka ganske tafatte og hjelpelause som mange er i sånne situasjonar.
Så var det kaldt og «ufjelgt». Livbåt hadde dei ikkje, men dei hadde ei lita jolle.
Den var vel ein 8-9 fot. Og den var fylt med vatn som var frose. Ikkje hadde
dei livbelte heller, så dei hadde ikkje,.muligheit på jorda" til å redde seg.

- Kor gamle var dei?

- Det var faren og to søner. Faren var vel 50, og sønene 20-25.

- Var dei i Bulandet etterpå?

- Dei låg inn med Nikøy. Det var vel i 2 døgn?

- Ja, det var vel eit par dagar, mumlarBirger.

- Snakka de med dei?

- Ja, det gjorde vi. Dagmar, kona mi, var flink til å snakke engelsk,
så dei var ute hos oss ein heil dag i alle fall, prata, fekk seg mat og
hadde det godt.

- Korleis kom dei seg heim att då?

- Dei fekk maskina og lensepumpa i orden, og så gjekk dei ut i frå Bulandet.
Dei hadde forbindelse med Florø-radio før dei gjekk.
Då dei var 40-50 mil frå Shetland, fekk dei ny maskinstopp. Då var det eit
russisk skip som redda dei og slepa dei inntil Shetland.

- Fekk de noko belønning?

- Nei, vi fekk ikkje takk heller. Så vi kan takke Magne og Birger for at dei vart
redda, seier Olai.

- Ja, han Magne var i alle fall i arbeid med kastelina, mumlar Birger,
og Magne ler stille.

- Nei, eg trur vi kan takke han som gjekk inntil båten, seier Magne.

Og mens dei tre karane sit og kranglar om kven som skal ha æra, takkar vi for
oss, låner telefonen, ringjer etter drosje og vert køyrde heim.

Så, nok eit genialt intervju er ferdig av ”JH" og "Obbe”