Forord:

Her er da mykje dialekt-ord og andre framand-ord som ikkje er godt å

forstå for verken for meg eller andre.

Når da gjeld fagutrykk so veit sikkert dei som driv å byggjer båter

kva eit ”lotring” er for noke.
Dialekt-ord får ein berre spørje om på ”Gjestesida”, eg veit ikkje
kva alt betyr sjølv.
Historia her er berre halvferdig, resten kjem seinare. Orginalhistoria beskriv i
detalj korleis ein byggjer ein Sunnfjordbåt.

Er da nokon som vil vite korleis ei Sunnfjordjekt vert bygd no med ein gong?

Då kontakter du berre Temaparken i Bulandet ved å ringe Liv Gjørøy

Her er i alle fall starten på historia.

 

Sunnfjord

I dei ytre stroka i Sunnfjord hadde råseglarane ei grei farlei

langs kysten til Bergen.
Nordavinden varer ofte så lenge at dei kunne segle til byen i eitt strekk.
Sønnavinden bles tidt, og han var god å ha på heimvegen.
Frå dei indre stroka måtte dei først kome seg ut i kystleia, men
fjordarmane i Sunnfjord gjekk ikkje langt inn i landet så dei hadde det
mykje lettare  enn folk inne i Sogn og Nordfjord.

Om byferdene hadde eldre folk mangt å fortelje Bernhard Færøyvik då han
målte opp Bakkejakta frå Holmedal i Askvoll.

Som regel bia dei på nordavinden.
Hadde han blese i 2 – 3 dagar, var dei støe på at han varde til dei
nådde fram til byen.
 
Bakkejakta var ein god seglar. I lagleg vind sette dei snøggleiken
til ei gammal mil - 11,3 km - i timen, om lag 6 knop.
Sjøvegen frå Holmedal til Bergen sette dei til 10 gamle mil.
I strykande bør var det ikkje uvanleg å greie byturen på 8 -9 timar.
 
Jens Sørensen Bakke frå Holmedal, f.4/2-1866, mintest at han  11 år
gamal var med jekta til Bergen.
Dei for frå Holmedal med levande krøtter ("11 anmarkebeist")

kl. 09 om morgonen.

Nordavinden drog på, og dei seglde "med det jakta tolde,

so runa gjekk jamnt med høset framme". (fossen gjekk

jamnt med svineryggen framme).
I Kjelstraumen møtte dei ei sognejekt. Skipparen ropa ut:
"Av vegen, me skjer dykk av".

Men då ropa Sunnfjordingen: "Me skal fara frå dykk".
Dei segle med dei kunne - masta stod bogen - og kl 16 var dei framme
i Bergen.

Dei hadde då vore oppom ein plass på vegen med beista.

Leida mellom Holmedal og Bergen set Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane
til 17 sjømil, dvs 126 km.
Snøggleiken på den ferda vert då 18 km/t eller 10 knop.

Det var no ikkje alltid veret var så lagleg. Dei gamle skipparane sa

at dei sleit ofte vondt på jekteferdene.

Det var to eller tre mann som førde jekta. Elles vanta det ikkje
folkehjelp.Det var alltid nokon som fann seg høve til ei byferd.
Det hjelpte godt når dei i stilt ver tok til årane.

Dei rodde med eitt årepar framme og eitt bak. Farten vart ikkje stor,

men dei sleit seg då fram ein 4 - 5 mil om dagen.

Var det høveleg vind, seglde dei og om natta sommersdagen.

Men var veret utrygt, tok dei hamn om kvelden.

Inne i fjordane var "daudvatn" det verste dei kunne kome ut for.
Det var ferskvatn frå elvane som hadde lagt seg over det salte sjøvatnet.

Kom jekta med liten fart ut i dette ferskvatnlaget, laga ho bølgjer
mellom vasslaga.
Jekta miste farten, og ville mest ikkje rikkje seg av flekken.

Kom bølgjene opp i roret, mista jekta styringa.

Og harmeleg kunne det vere for ein skippar å liggje att i daudvatnet,
medan dei andre kom ut i frisk sjø og seglde sin veg.

Og som ein skippar sa: " Skal me skipparar gjere opp med

Vårherrre for alle dei syndige orda om daudvatnet, so fer me

eit stort oppgjer".
Fjordane i Sunnfjord var kjende for daudvatnet sitt.

Ute i kystleia merka dei ikkje noko til daudvatn.

 

I 1870 -90 åra lærde sunnfjordingane å kjenne lister- og

hardangerbåten.
Med storsegl og fokk kunne desse kryssa seg fram i motvind.

Dei trong ikkje stendig ta til årane, og ferdene vart ikkje
så slitsamt som før.

Men snøggleiken under segl i medvind kom ikkje opp i den same som
på dei  gamle råseglbåtane.

Sunnfjordjektene var ikkje store, frå 3 til 6 lester. Ut på

18-hundretalet bygde dei jekter på opptil 10 lester. I den

siste tida hadde fjordbuen jekter opp i 25 lester, men då var

det sognejekter dei hadde kjøpt.

Bernhard Færøyvik samla opplysningar om føringsbåtane i dei to

kystbygdene slekta hans kom frå, Solund og Bulandet.

Båtslaga var byrdingar, lyftingar og jekter eller jakter som

dei sa i Sunnfjord.
Storleiken på byrdingane var så ymse, frå 12 årar og oppover

Dei hadde to faste keipepar framme og eitt bak. 
I romma elles var det høve til å ro.
Men i bunkeromma hadde keipane lause keipsnev som dei tok av
og sette på etter som det høvde med lasta eller mannskapet.

Var det hus bak på desse båtane , vart dei kalla lyftingar.
Byrdingane og lyftingane brukte dei når dei hadde mindre last å føre.

Dei seglde like fort som jektene, og dei kom snøgt fram om vinden

var imot, for det var roplass for mange mann.

Jektene i dei to bygdene førde alle råsegl - heimevove av lin

eller hamp - med to eller tre bonnet.
Om berre ei, Hillersøijakta, vart det nemnd at ho hadde toppsegl.


I lista nedanfor er storleik i lester og tønner.
Tal i parantes er omrekningar etter 1 lest = 12 tønner.


Solund:

1.  Færøy: Jekt, 5 lester, 60 tønner.

2   Færøy: Jekt, 5 lester, 60 tønner.

3.  Færøyvik: Jekt, 4 lester, 50 tønner.

4.  Huenes: Jekt, (3 1/2 lest), 40 tønner.

5.  Huenes: Jekt, (3 1/2 lest), 40 tønner.

6.  Stølen: Jekt, 5 lester, 60 tønner,

7.  Gåsvær: Jekt, 6 lester, 72 tønner,

8.  Lågøy: Jekt, 5 lester, 60 tønner,

9.  Lågøy Jekt, (2 1/2 lest), 30 tønner. Seld til Tistelen.

10. Lågøy Jekt, (5 lester), 60 tønner.

11. Lågøy Jekt, 3 lester, (36 tønner).

12. Oddekalv: Jekt, 6 lester, 72 tønner.

13. Utvær: Jekt, 6 lester, 72 tønner.

14. Steinsund: Jekt, 4 lester, 46 tønner. Kalla "Brura", avdi

ho hadde krune på rorhovudet.

15. Våganes: Jekt kjøpt frå Huenes.

16. Nautøy: Jekt, 4 lester, (48 tønner).

17. Færøy: Lyfting. Gamlelyftingen , " Nordstjernen".

18. Færøy: Åtring, (2 1/2 lest), 30 tønner. Med spegel.

19. Færøyvik: Lyfting, (2 lester), 24 tønner. Laus lyfting.

Ein "go’e" siglar.

20. Kråkenes: Lyfting, (2 1/2 lest), 30 tønner.

Dessutan: Kråkenesåttringar.

21. Ranøy: Attrlng, 3 lester, (36 tønner).

 

 

Bulandet:

1. Kjempenes: Jekt, 5 lester, (60 tønner).

2. Hågøy: Jekt, 5 lester, (60 tønner).

3. Jelsa: Jekt, (5 lester, (60 tønner).

4. Sandøy: Jekt, 4 lester, (48 tønner).

5. Hillersøy: Jekt, 6 lester, (72 tønner). Med toppsegl.

6. Tistelen: Jekt, (2 1/2 lest), 30 tønner. Kjøpt på Lågøy i

Solund.

7, Melvær: Jekt, 4 lester, 48 tønner).

8. Leitet: Jekt, 4 lester, (48 tønner).

Alle jektene var nok ikkje komne med på lista, for
Bernhard Færøyvik rekna med at begge to kystbygdene hadde

mellom 30 og 40 jekter. Dessutan nemner han at handelsmenn

kjøpte og leigde seg jekter.

 

 

Bakkejakta.

Det er berre Bakkejakta som kan fortelje oss korleis ei

sunnfjordjekt såg ut.

Ho vart bygd før 1800, truleg på Vindheim i Holmedal, av båtbyggjar
Sjur Vindheim, etter det stortingsmann David Bakke (1857 -1935)
hadde funne ut.
Jens Halvorsen Bakke f. 21/2-1768, seglde jekta.
Ole Markussen Borlaug gav jekta til Sunnfjord Museum i Førde.
Her hadde ho vore leikeplass for born. Då Kystmuseet overtok
jekta var segl og anna tilfar borte, men teikningane syner oss

opprigginga.
Jekta var ikkje av dei største frå gardane i Sunnfjord.
Lengda er 9,9 m, breidda 3,0 m og djupna 0,88 m + kjøl 0,10 m.
Lasteevna vart oppgjeve til 3 lester eller at ho tok 40 tønner
(3 1/3 lest). Bakkejakta vart teikna i 1929.