Kvifor fylkesveg 365
Værlandet - Bulandet har fått namnet
Nordsjøporten
Alle vegar med respekt for seg sjølv har eit
namn. I alle år har vi kalla ein veg mellom
Værlandet og Bulandet for ”Nordsjøvegen”, men då dette prosjektet endeleg kunne
realiserast,
så var namnet allereie brukt på ein veg sør med Haugesund.
Vi lyste difor ut ein namnekonkurranse blant innbyggjarane i Værlandet og
Bulandet våren 2003.
Kriteria vi gjekk ut frå, var som følgjer:
Den nye vegen må ha eit namn, og då snakkar vi ikkje om det
arbeidsnamnet som Statens
Vegvesen nyttar i dag, men om eit namn som lokalsamfunnet er fornøgd med,
og som kan
nyttast til aktiv marknadsføring av øysamfunna
og vegprosjektet. ”Nordsjøvegen” og
”Atlanterhavsvegen” er brukte sør og nord for oss. Tanken bak desse namna er
nok å knyte
relativt lokale vegprosjekt opp mot internasjonalt kjende geografiske
namn. Poenget med eit
slikt vegnamn må vere å bygge ein medieprofil som er lett å selje både nasjonalt
og
internasjonalt. Vegnamnet må avklarast snarast råd slik at det kan aktivt
nyttast i
profileringsarbeidet fram til opningsdatoen.
(Utdrag
av referat frå planleggingsmøte i ”vegopningsnemnda” 03.03.03)
Det kom inn mange gode og
fantasifulle forslag.. Dei 3 forslaga som kom til "finalen" var
1)
Vestervegen
2)
Shetlandsvegen
3)
Nordsjøporten
Etter høgtidleg diskusjon og
avstemming i ”vegopningsnemnda” blei vinnarnamnet
Nordsjøporten.
Grunngjeving:
·
Vi har alltid kalla vegen for Nordsjøvegen, dette
namnet inneheld også Nordsjø-
·
Namnet er lett å bruke i marknadsføring.
·
Gjennom porten kan vi komme ut i verda og inn mot
fastlandet og Fjord-Noreg
·
Port tyder hamn på engelsk
·
Bruene kan likne portar
Som jury-medlem Per-Vidar Nybø sa då
han høyrde namnet:
"Et sjikkele gått
namn! Da va akkurat ditta eg ikkje kom på sjøl!"
Vinnaren vart Jardar Melvær. Premien var å skrive ein prolog til opningsfesten.
Det gjorde han ikkje, men han gjorde i høgste grad sin del av arbeidet, både
til vegopninga
17. desember 2003 og til vegfestivalen 2. – 4. juli 2004. Blant anna laga han
fleire av
songane (og songarane…) til revyen 2. juli.

Logoen til Nordsjøporten
Er forma som ei bru som er knytt saman med sjømannsknop. Ideen som ligg
bak, er å
fokusere på at det no er to bygder som er knytte tettare saman (Janne Nes frå
Leikanger
har laga det grafiske designet for oss). Diktet til
Oddbjørn Hillersøy frå Bulandet seier dette
på ein fin måte:
BRU OVER DJUPT VATN
Det går eit gammalt band mellom bygdene våre,
fletta med sjøvatn og kuling.
No skal tampen flettast på ny
med stål og stein.
Men lat oss sjå til at banda over sjøbårene
ikkje berre er knytte i kald betong, men òg
i menneske.