BULANDSREKLAME PÅ KINESISK

To gonger på to månader har Bulandet hatt besøk av kinesisk media. Fyrste gongen var det magasinet Deep
frå Beijing som var her. I dag 20.07.04 var det Mark Wang, kjend frå ein norsk tv-serie om UWC i Fjaler.

(Om de vil lese meir om Mark Wang, så sjekk denne adressa: http://www.borgmedier.no/dokumentar/fakta.html).

Han held på å lage ein 30 minuttar lang turistfilm frå Sogn og Fjordane. Den skal visast på ein statskanal i Kina
som har 50 millionar sjåarar! Han kom saman med 2 kameramenn, kjærasten, mora og ei tante for å filme Bulandet.
Dei hadde berre to timar til rådvelde, noko som sjølvsagt var alt for lite!

Fleire og fleire kinesiske turistar kjem til Noreg, fordi det er blitt lettare for dei å få visum. Det er venta at talet på
kinesiske turistar vil tredoblast til neste år. Så då får vi berre vente og sjå kor mange av dei som tek turen til Bulandet…………

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Mark Wang saman med mora og tanta

Filming av modellen av Bulandet med alle bruene

Rigmor og kjærasten til Mark Wang

 

Takk til Anne Britt Sandøy for tekst og bilder